Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013:

Det beste kulturbudsjettet nokosinne: Kultursatsinga aukar med 889,3 mill. kroner i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av løyvingane til kulturformål sidan 2005, har Regjeringa gitt eit lyft til eit bredt spekter av kultur-, medie- og frivilligformål. Med budsjettframlegget for 2013 har dei samla overføringane til kulturformål auka med om lag 4,9 milliardar kroner i perioden 2005-2013.

Gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av løyvingane til kulturformål sidan 2005, har Regjeringa gitt eit lyft til eit bredt spekter av kultur-, medie- og frivilligformål. Med budsjettframlegget for 2013 har dei samla overføringane til kulturformål auka med om lag 4,9 milliardar kroner i perioden 2005-2013.

Kulturlyftet
Kulturlyftet vart presentert i 2004, og vidareutvikla og utvida i 2009. Med dette lyftet sette regjeringa ambisiøse mål for kulturlivet og for den statlege ressursbruken til kulturformål. Budsjettframlegget for 2013 inneber ein samla auke på 889,3 millionar kroner eller 9,8 prosent til oppfølging av Kulturlyftet. Eit hovudpunkt i Kulturlyftet er at kulturbudsjettet innan 2014 skal utgjere 1 prosent av statsbudsjettet. Med auken i 2013 tar kulturbudsjettet eit sprang frå 0,92 prosent til 0,96 prosent av statsbudsjettet.

Hovudsatsingar og oppfølginga av Kulturlyftet i 2013 er:

320,7 millionar kroner i auke til momskompensasjon til frivillige organisasjonar
Regjeringa foreslår ein auke på 320 millionar kroner til momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2013. Ordninga blei etablert i 2010 med ei løyving på 396 millionar kroner. I 2013 er ordninga på 948 millionar kroner. Auken til momskompensasjon til frivillige organisasjonar er den største satsinga på frivillig sektor over statsbudsjettet nokosinne. Ordninga har vore viktig for å betre rammetilhøva for lokale lag. I 2011 mottok fleire enn 13 000 foreiningar og lag momskompensasjon. Kulturdepartementet foreslår 948 millionar kroner i tilskot for 2013.

114,9 millionar kroner i auke til scenekunst
Dei regionale teatra får ein samla auke på 22,7 millionar kroner. Størst er auken for Kilden (Agder Teater, Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør) på 7,5 millionar kroner.

Til Den Norske Opera & Ballett blir det foreslått ein auke på 48,5 millionar kroner, herav 25 millionar kroner til styrking av økonomien i selskapet. Tilskotet til regional operaverksemd aukar med 4,8 mill. kroner, m.a. til Bergen Nasjonale Opera, OscarsborgOperaen og Operaen i Kristiansund.

Dei nasjonale teatra får i budsjettframlegget ein auke på 16,1 millionar kroner. Til tiltak innan dans blir det gjort framlegg om ein auke på om lag 12 millionar kroner, herunder 5 millionar kroner til ordningar under Norsk kulturfond.

60,1 millionar kroner i auke til musikk
I budsjettframlegget vert dei nasjonale og regionale orkestra auka med i alt 25,2 millionar kroner. I tillegg kjem ein auke til Kristiansand Symfoniorkester som del av Kilden. Stavanger Symfoniorkester får ein auke på 7 millionar kroner, Bergen Filharmoniske Orkester 6 millionar kroner, Oslo-Filharmonien 5,4 millionar kroner og Nordnorsk Opera og Symfoniorkester 3 millionar kroner.

Ordningar under Norsk kulturfond blir i budsjettframlegget auka med 20,1 millionar kroner. Av desse er det overført 5 millionar kroner frå Rikskonsertane. Korfeltet har fått ein auke på 3,7 millionar kroner; auka tilskot til utvalde kor, styrking av aktivitetsmidlar, dirigentutvikling og korverksemd under Kilden. Til knutepunktfestivalane er det gjort framlegg om ein auke på 4,6 millionar kroner – og til andre tiltak på musikkfeltet 6,5 millionar kroner (mellom anna til Music Norway, Riksscenen og Rock City Namsos).  

55 millionar kroner i auke til musea og kulturvern
Kulturdepartementet legg vekt på konsolidering, bygningsvern/drift og formidling når driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket vert auka med til saman 51,3 millionar kroner. Regjeringa foreslår eit tilskot på 9,9 millionar kroner til inventarprosjektet ved Eidsvollsbygningen i samband med grunnlovsjubileet i 2014. Den samla løyvinga til museums- og kulturvernformål i budsjettframlegget for 2013, inkludert Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, er på om lag 1,3 milliardar kroner.

39,5 millionar kroner i auke til visuell kunst
Til tilskotsordningar under Norsk kulturfond vert det gjort framlegg om ein auke på 4,6 millionar kroner. Norsk kulturråd får ein auke på 6 millionar kroner. 3 millionar kroner av desse går til den internasjonale samtidskunstfestivalen Bergen Assembly. Nasjonalmuseet får ein auke på i alt 12,6 millionar kroner. Av dette skal minimum 5 millionar kroner gå til Munch-jubileet i 2013. Til monument over kong Christian Frederik er det framlegg om 2,7 millionar kroner og til nasjonale minnestader etter 22. juli 2011 5,2 millionar kroner. Til andre tiltak innan visuell kunst vert det gjort framlegg om ein auke på 8,4 millionar kroner. I tillegg er det framlegg om ein auke på 3,7 millionar kroner til kunstmusea i Det nasjonale museumsnettverket.

38 millionar kroner meir til filmfeltet
Satsinga på film aukar med 38 millionar kroner i 2013. Auken gir mellom anna rom for å styrkje utvikling av dataspel og produksjon av fjernsynsdrama, og styrking av satsinga på kvalitet og internasjonalisering. Regjeringa gir 10 millionar kroner til kvalitetsheving og internasjonalisering for norsk film i 2013, for mellom anna å nå målet om at norsk film skal hevde seg internasjonalt og oppnå internasjonale prisar.  Regjeringa gir 9 millionar kroner meir til fjernsynsdrama generelt og fjernsynsdrama for barn og unge spesielt i 2013.

Tilskotet til utvikling av dataspel blir auka med 5 millionar kroner. Regjeringa sitt mål om å doble tilskota til utvikling av dataspel frå 2011-nivå innan utgangen av Kulturløftet II i 2014 vil med dette vere nådd.

Sidan regjeringsskiftet hausten 2005 er løyvinga til film- og medieformål auka med 298 millionar kroner. Auken til produksjon aleine er på 207 millionar kroner. Måla i Kulturlyftet II er mellom anna at Noreg skal verte leiande i Norden på film, fjernsynsdrama og dokumentar, at norsk film skal hevde seg internasjonalt og at 25 prosent av kinomarknaden skal bestå av norske filmar.

32,4 mill. kroner i auke til språk, litteratur og bibliotek
Med utgangspunktet i 200-årsfeiringa for Ivar Aasens fødsel blir 2013 eit nasjonalt språkår som på ein samlande og inkluderande måte skal markera det språklege mangfaldet i Noreg. Over stats­budsjettet for 2012 og 2013 vil Kulturdepartementet bidra med eit tilskot på 6,5 millionar kroner til grunnfinansieringa av Språkåret.

Nasjonalbiblioteket får ein auke på 20,4 millionar kroner.

Samla vert det gjort framlegg om 874 millionar kroner til språk, litteratur og bibliotekformål i budsjettframlegget for 2013.

24,5 millionar kroner i auke til arkivformål
Driftsløyvinga til Arkivverket aukar med 24,5 millionar til 316 millionar kroner. Tilskotet til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek aukar med 0,5 million til 7,3 millionar kroner. Kulturdepartementet gjer framlegg om 359,5 millionar kroner til arkivformål.

3,2 millionar kroner i auke til kultur og næringsprosjekter
Regjeringa skal presentere ein ny handlingsplan for kulturnæringane. Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet samarbeider om dette. Regjeringa foreslår ein auke på 3,2 millionar kroner, slik at total løyving til kultur og næringsprosjekt i 2013 er på 8,8 millionar kroner. 

20 millionar kroner meir til produksjonstilskotet
Regjeringa vil vidareføre målsetnaden om eit betydeleg statleg bidrag til mediemangfald. Kulturdepartementet vil, i samarbeid med Finansdepartementet, ta kontakt med ESA for å drøfte handlingsrommet for korleis mediestøtta skal bli utforma for framtida. Etter ein auke i 2006 har det vore ein realnedgang i midla til produksjonstilskot. Regjeringa vil difor auke produksjonstilskotet med 20 millionar kroner i 2013.

27 millionar kroner i auka i tilskot til nasjonale kulturbygg
Regjeringa foreslår 195,5 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 27 millionar kroner frå 2012. I tillegg vert det foreslått å løyve 109 millionar kroner til restaurering av Eidsvollsbygningen over budsjettet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet. 

Den nye tippenøkkelen
Regjeringa foreslår at fordelinga av overskotet til Norsk Tipping frå og med 2015 blir endra slik at 64 prosent skal gå til idrettsformål, 18 prosent til kulturformål og 18 prosent til samfunnsnyttige eller humanitære organisasjonar som ikkje er knytte til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Det vart gjort framlegg om denne fordelingsnøkkelen i St.meld. nr. 26 (2011–2012).

Som eit ledd i innfasinga av den nye fordelingsnøkkelen legg Regjeringa i samband med budsjettforslaget for 2013 fram forslag om å endre pengespillova § 10, slik at overskotet til Norsk Tipping blir fordelt med 47,9 prosent til idrettsformål, 14,6 prosent til kulturformål utanfor statsbudsjettet, 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar og 19,5 prosent til kulturformål som ligg inne på statsbudsjettet.

Hovudformålet med endringane i tippenøkkelen var å styrkje overføringane til idrettsformål. På tross av dette viste prognosar frå Norsk Tipping at overføringane til idrettsformål over tippenøkkelen ville gå ned i 2013. I budsjettproposisjonen er det desse prognosane som leggast til grunn. Nye prognosar frå Norsk Tipping er meir positive, og viser at inntektene til idrettsformål ikkje vil bli råka av den same nedgangen dei tidlegare prognosane har lagt opp til. Prognosane frå Norsk Tipping viser at dei gode formåla innanfor tippenøkkelen kan få rundt 200 millionar meir enn det tala som er omtalt i statsbudsjettet viser. Dette tyder blant anna at idretten kan få ein auke på over 22 millionar. Kulturformål utanfor statsbudsjettet kan få ein auke på omlag 65 millionar samanlikna med utbetaling i 2012.

3 millionar kroner i auka tilskot til livssynsnøytrale seremonirom
Regjeringa foreslår 10 millionar kroner til livssynsnøytrale seremonirom. Dette er ein auke på 3 millionar kroner. Formålet med ordninga er å leggje til rette for livssynsnøytrale seremonirom i kommunane. Ordninga er ei oppfølging av stat- kyrkjeforliket frå 2008 (jf. Innst. S. nr. 287 (2007–2008).