Historisk arkiv

Meir mangfald i film og tv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Hadia Tajik mottok i dag ”Av Om For - et innspillsnotat om mangfold i kinofilm og tv-drama” frå arbeidsgruppa for mangfald i film og tv.

Leiar av arbeidsgruppa for mangfald i film og TV-drama Nina Grünfeld og kulturminister Hadia Tajik
Leiar av arbeidsgruppa for mangfald i film og TV-drama Nina Grünfeld og kulturminister Hadia Tajik (Foto: Kulturdepartementet/Nybo)

Kulturminister Hadia Tajik mottok i dag ”Av Om For - et innspillsnotat om mangfold i kinofilm og tv-drama” frå arbeidsgruppa for mangfald i film og tv.

Innspelsnotatet frå arbeidsgruppa (.pdf)

Kulturdepartementet oppnemnde i mai 2012 ei gruppe fagfolk med røynsle frå norsk film- og tv-produksjon for å sjå på utfordringar i høve til mangfald i film og tv.

- Formålet med arbeidet er å sjå korleis vi kan få fram større breidd i dei ulike historiene som vert fortalde, og bidra til at fleire talent frå heile landet skal nå ut på lerret og skjermar, seier kulturminister Hadia Tajik.

Leiaren av arbeidsgruppa, Nina Grünfeld, viser til at dei i hovudsak har sett på kjønn, alder, bustad og eventuell minoritetsbakgrunn og tematikken i filmane. – Ikkje uventa er det flest norske menn mellom 30-50 år, busette på det sentrale Austlandet, som lagar spelefilm. Innhaldsmessig saknar vi fleire originale, nyskrivne historier generelt, men spesielt for barn og unge. I tillegg saknar vi historier om og med eldre, personar med minoritetsbakgrunn og kvinner, seier Grünfeld.

Andre medlemmer av gruppa har vore:

Ulrik Imtiaz Rolfsen, Vera Micaelsen, Himanshu Gulati, Guro Saniola Bjerk, Arne Berggren, Iram Haq, Jan Dalchow, Lars Leegaard Marøy, Trond Eliassen og Gudny Hummelvoll.