Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013:

Satsing på grunnlovsjubiléet – Eidsvollsbygningen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Rehabiliteringa av Eidsvollsbygningen held fram. Inventarprosjektet blir styrkt med 2,5 millionar kroner i 2013.

Rehabiliteringa av Eidsvollsbygningen held fram. Inventarprosjektet blir styrkt med 2,5 millionar kroner i 2013.

Eidsvollsbygningen skal bli restaurert slik at publikum får inntrykk av korleis det såg ut i 1814. Statsbygg er ansvarleg for rehabiliteringa, medan inventaret i Eidsvollsbygningen er Norsk Folkemuseum sitt ansvar.

Statsbygg har arbeidd med rehabiliteringsprosjektet sidan 2006. Sjølve byggjearbeida starta i oktober i 2011. 2013 blir eit viktig år i prosjektet, og det er sett av 109 millionar kroner til arbeidet i 2013 i budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Den totale kostnadsramma til rehabiliteringa er på 381,6 millionar kroner.

Mykje av det eksisterande interiøret er ikkje autentisk. Norsk Folkemuseum har ei viktig oppgåve fram til grunnlovsjubiléet med å leggje til rette for mest mogleg tidsrett møblering av Eidsvollsbygningen slik at inventaret vil vere i like god stand som den nyrehabiliterte bygningen. Tilskotet til inventarprosjektet i 2013 blir på 9,9 millionar kroner. Det er ein auke på 2,5 millionar kroner.