Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

5 millionar for å få fleire unge med

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Ny ordning skal gjere det lettara for born og unge i familiar med låg inntekt til å delta i kultur- og organisasjonslivet. Regjeringa set av 5 millionar kroner til den nye ordninga.

Ny ordning skal gjere det lettara for born og unge i familiar med låg inntekt til å delta i kultur- og organisasjonslivet. Regjeringa set av 5 millionar kroner til den nye ordninga.

- Born og unge brukar mykje av si fritid i frivillige organisasjonar innan idrett, kunst og kultur. Her finn dei fellesskap, meistring og får utfalde seg. Når vi likevel ser at det er nokre som fell utanfor er det viktig for oss å bidra til at barn og unge kan delta uansett kva bakgrunn dei har. Vi vil derfor bruke desse pengane til lågterskelaktivitetar som kan fengje dei som elles ikkje deltek, seier kulturminister Hadia Tajik.

Å delta i frivillige organisasjonar har stor innverknad på trivsel og kjensle av å høyre til. Foreldra si inntekt har mykje å seie for om born og unge er med i frivillige organisasjonar og andre fritidsaktivitetar. Difor rettar ordninga seg mot frivillige organisasjonar, som kan søkje om pengar frå ordninga slik at òg unge i familiar med låg inntekt kan delta.

Til toppen