Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Auke til nasjonale kulturbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet gjer framlegg om 215 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg. Auken er på 19,5 millionar – om lag 10 prosent meir enn løyvinga i 2013.

Kulturdepartementet gjer framlegg om 215 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg. Auken er på 19,5 millionar – om lag 10 prosent meir enn løyvinga i 2013.

Løyvingsframlegget gjeld følgjande prosjekt:

  • Kilden: 64 millionar kroner. Kilden vart opna 7. januar 2012.
  • Stavanger konserthus: 39 millionar kroner. Konserthuset vart opna 14. september 2012.
  • Kulturkvartalet i Bodø/Stormen: 50 millionar kroner. Stormen skal etter planen stå ferdig i 2014.
  • Aust-Agder kulturhistoriske senter: 28 millionar kroner. Senteret skal etter planen stå ferdig i 2014.
  • Notodden Bok- og Blueshus: 4 millionar kroner. Bygget skal etter planen stå ferdig ved årsskiftet 2013/2014.
  • Romsdalsmuseet: 4 millionar kroner. Bygget skal etter planen stå ferdig i 2015.
  • Østfoldmuseene: 3 millionar kroner. Bygget skal etter planen stå ferdig til 1000 års-jubileet for Sarpsborg i 2016.
  • Jærmuseet – Vitenfabrikken: 4 millionar kroner. Bygget skal etter planen stå ferdig i 2015.
  • Mjøsmuseet: 1 million kroner. Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2014.
  • Norsk Folkemuseum: 4 millionar kroner. Prosjektet Bybygg skal etter planen gjenopnast i 2017.
  • Lillehammer Kunstmuseum: 1 million kroner. Bygget skal etter planen stå ferdig i 2015.
  • Sør-Troms museum – Trondenes: 1 million kroner. Prosjektet Allmenningr skal etter planen stå ferdig i 2017.
  • Nynorsk kultursentrum – Olav H. Hauge-senteret: 1,5 millionar kroner. Prosjektet med basisutstilling skal etter planen opna 10. mai 2014.
  • Vestfoldmuseene: Hvalfangstmuseet : 1 million kroner. Prosjektet skal etter planen stå ferdig til Hvalfangstmuseets 100 års-jubileum i 2017
  • Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark – Nordkapp museum: 4,5 millionar kroner. Prosjektet skal leggja til rette for museumsdrift i innkjøpt bygg.
  • Hurtigrutemuseet- vernebygg: 4 millionar kroner. Vernebygget kan stå ferdig etter ei toårig byggeperiode.
  • Fylkesscene i Østfold: 1 million kroner. Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2016.

 

Til toppen