Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

I mål med momskompensasjon for frivillige organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å auke momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar med 252 millioner kroner til 1,2 milliardar kroner.

Regjeringa foreslår å auke momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar med 252 millioner kroner til 1,2 milliardar kroner.

- Momskompensasjonsordninga gjer at organisasjonane kan bruke meir av tida på frivillig aktivitet. Vi er no i mål med den største satsinga på frivillig sektor over statsbudsjettet nokosinne, seier kulturminister Hadia Tajik.  

Tilskotsordninga for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar blei etablert i 2010 med ei løyving på 396 millionar kroner. I 2012 mottok over 16 000 foreiningar og lag momskompensasjon. Ordninga har vore viktig for å betre rammetilhøva for lokale lag.

Ordninga skal kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift når dei  kjøper  varer og tenester. Ordninga er enkel: Organisasjonane søkjer, men rapporterer ikkje om bruken av midlane.

Til toppen