Historisk arkiv

Kostnadsramme for nytt Nasjonalmuseum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Stortinget handsamar i kveld ei innstilling med breitt fleirtal, for ei kostnadsramme på 5,3 milliardar for eit nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen. Med det er det avgjerande grunnlaget for ein ny hovudarena for visuell kunst i Noreg lagt.

Dette blir følgt opp i framlegget til revidert nasjonalbudsjett, som blir behandla i Stortinget 21. juni. Regjeringa har gjort framlegg om 60 millionar kroner i startløyving slik at Statsbygg kan starte detaljplanlegging. Dei første anleggsarbeida skal kunna setjast i gang ved årsskiftet 2013-2014.

– Dette er ein viktig og gledeleg dag for vår kunst og kultur, og for alle som er opptekne av vilkåra for den visuelle kunsten i Noreg, seier kulturminister Hadia Tajik.

– Idear kan vere modige, men det er handling som tel. No blir det nye Nasjonalmuseet verkeleg. Det inneber at det norske publikumet om seks år får ein eineståande stad der dei kan oppleve visuelle kunsten. Og kunsten får den heimen han fortener. Det nye Nasjonalmuseet blir på alle mogelege vis eit museum for framtida, seier statsråden.

Departementet legg opp til at prosjektet skal vere ferdig i 2018-2019.

Lenkje til proposisjonen