Historisk arkiv

Ny jury for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Håkon Haugsbø, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og tidlegare NRK-journalist, Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten, har takka ja til å sitte i juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris i den komande fireårsperioden.

Håkon Haugsbø, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og tidlegare NRK-journalist, Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten, har takka ja til å sitte i juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris i den komande fireårsperioden. Juryen vel sjølv kven som skal vere leiar.

Nynorskprisen for journalistar skal fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen er på 50 000 kroner og eit norsk kunstverk.

– Nynorskprisen er viktig for å inspirere til nynorskbruk i media. Eg er glad for at vi har fått på plass ein ny, god jury for denne prisen, seier kulturminister Hadia Tajik.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vart oppretta i 2004. NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for prisen. Tidlegare prisvinnarar og annan informasjon om prisen ligg på nettsida http://www.nynorskmediesenter.no/, under stikkordet Nynorskprisen.