Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa føreslår i Prop. 108 S (2012-2013) å reisa eit nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen. Det vil verta eit av dei største kulturbygga i Noreg med eit bruttoareal på 54 600 m2. Prosjektet har ei kostnadsramme på vel 5,3 milliardar kroner og ei styringsramme på 4,7 milliardar kroner, rekna i prisnivå juli 2013. I revidert nasjonalbudsjett følgjer regjeringa opp med forslag om å løyva 60 millionar kroner som startløyving.

- Nybygg for Nasjonalmuseet har vore under planlegging i snart 10 år. Det er difor ein viktig milestolpe som er nådd i arbeidet med å skapa ein fullgod hovudarena for visuelle kunstuttrykk, seier kulturminister Hadia Tajik.

Med denne startløyvinga på 60 millionar kroner kan detaljprosjektering starta opp med tanke på dei første entreprisane i 2014. Dermed ligg det til rette for god framdrift i prosjektet i samsvar med planane, som legg opp til sluttføring i 2018-2019.