Historisk arkiv

Positiv utvikling for rehabilitering og bygging av symjebasseng

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Ei fersk undersøking frå Kulturdepartementet syner at fleire symjebasseng var opne ved skulestart i fjor haust enn tidlegare år, seier kulturminister Hadia Tajik.

- Ei fersk undersøking frå Kulturdepartementet syner at fleire symjebasseng var opne ved skulestart i fjor haust enn tidlegare år, seier kulturminister Hadia Tajik. - Det er òg ei positiv utvikling i talet på rehabilitering og bygging av nye symjebasseng. Det er grunn til å tru at den styrkte kommuneøkonomien er årsak til den positive utviklinga, seier kulturminister Tajik.

Rapporten "Statusrapportering for svømmebasseng - 2012" (.pdf)

Statusrapporteringa frå kommunane omfattar 721 symjebasseng av totalt 848 registrerte anlegg. Tala omfattar både opplæringsbasseng (12,5 m) og idrettsbasseng (25 m).

395 eller 55 prosent av symjebassenga var opne ved skulestart i 2012. Ved utgangen av oktober i fjor var 607 eller 84 prosent av bassenga opne. 90 % av desse var opne minst ein dag i veka for trening og eigenorganisert aktivitet etter skuletid. Om lag halvparten av bassenga er opne minst fem kveldar i veka.

Undersøkinga viser også at kommunane har planar for rehabilitering av 102 symjebasseng, mens 33 kommunar har planar om å byggje nye symjeanlegg. Sidan 2010 er det opna 16 nye anlegg.

28 opplæringsbasseng og 3 idrettsbasseng er nedlagde. Dei fleste anlegga har vore stengde i fleire år før det er bestemt å leggje ned anlegget. Kommunane vurderer å leggje ned ytterlegare 25 symjebasseng, 18 opplæringsbasseng og 7 idrettsbasseng. For 6 av desse bassenga ligg det føre planar for nybygg.