Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Statsstipend til Erling Borgen og Karoline Frogner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet gjer framlegg om å tildele nye statsstipend til Erling Borgen og Karoline Frogner. Statsstipendet er på 421 100 kroner årleg fram til fylte 67 år.

Kulturdepartementet gjer framlegg om å tildele nye statsstipend til Erling Borgen og Karoline Frogner. Statsstipendet er på 421 100 kroner årleg fram til fylte 67 år.

Erling Borgen lagar dokumentarar om internasjonale spørsmål, menneskerettar, kunst og kultur. Han er både regissør og produsent. Dei siste ti åra har Erling Borgen produsert, skrive og regissert 38 dokumentarar om menneskerettar, kunst og kultur. Alle dokumentarane er viste på landsdekkjande TV-kanalar. Han er ein aktiv samfunnsdebattant og foredragshaldar i tillegg til forfattar av bøker og artiklar.

- Ein viktig føresetnad for eit levande demokrati i Noreg er at vi har ein kunnskapsbasert og kritisk debatt. Vi treng slike modige og frie røyster som den Erling Borgen har. Han er kritisk, modig, uavhengig, kunnskapsrik og glødande oppteken av å styrkje menneskerettane nasjonalt og internasjonalt, seier kulturminister Hadia Tajik.  

Karoline Frogner er filmskapar, fotograf og forfattar. Arbeida hennar er kjenneteikna av eit humanistisk engasjement og eit brennande forsvar for dei svakaste i samfunnet – noko som mellom anna kjem til uttrykk i dokumentarfilmar om romfolk, kvinner under nazismen og enkjer i Rwanda.

- Eit statsstipend vil gje Karoline Frogner betre høve til å halde fram som den ressurspersonen ho er i dag, og vere eit tydeleg, kritisk og humanistisk ikkje-kommersielt innslag i norsk samfunnsliv, seier kulturminister Hadia Tajik.