Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Tippenøkkelen vert endra – meir til idretten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å endre tippenøkkelen. Framlegget inneber at overskotet til Norsk Tipping i 2014 blir fordelt med 56 prosent til idrettsformål, 14,9 prosent til kulturformål utanfor statsbudsjettet og 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar. 11,1 prosent til kulturformål blir inntektsført i statsbudsjettet.

- Framlegget til ny tippenøkkel inneber at overføringane til idrett aukar frå 47,9 prosent  til 56 prosent  i 2014. Dette inneber ei auke på nær 200 millionar kroner til idretten. Det er behovet for å auke tilskotet til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane som ligg til grunn for endringa. Tilskot til idrettsanlegg er det mest sentrale verkemiddelet i den statlege idrettspolitikken, seier kulturminister Hadia Tajik.

Midla til kulturformål utanfor statsbudsjettet blir auka frå 14,6 prosent i 2013 til 14,9 prosent i 2014. Vidare legg regjeringa opp til å ytterlegare endringar slik at det i 2015 bli 64 prosent til  idrettsformål og 18 prosent til kulturformål frå 2015. Samstundes blir det halde fast ved 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar. 

Norsk Tipping sine prognosar frå juni 2013 gir eit overskot til fordeling via tippenøkkelen på om lag 3,350 milliardar kroner i 2014. Nye prognosar frå Norsk Tipping viser at tala kan bli lågare. 

Til toppen