Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

12.12.2005

Fylkesnytt 1/2005 Møre og Romsdal

12.12.2005
Frå fylkesmannen si landbruksavdeling Møre og Romsdal

Landbruksavdelinga – ein del av Einskapsfylket

Frå 01.01.2004 er dei tilsette i fylkeskommunen og fylkesmannsembetet integrert i eit regionalt organ med namnet Møre og Romsdal fylke under felles leiing av fylkesdirektøren. Dette er eit forsøk som skal gå over fire år.

Vi ønskjer å skape ein enklare og meir effektiv organisasjon, som er nærverande, solid og ikkje minst engasjert og interessert i innbyggjarane og samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal – kort sagt, ein tydeleg medspelar!

Matfylket Møre og Romsdal

Møre og Romsdal er kanskje mest kjent som eit fiske- og industrifylke, men vi er også eit landbruksfylke. Tar vi med fisk og fiskeforedling er vi det største matfylket i landet.

Møre og Romsdal er først og fremst eit kufylke. 25 786 mjølkekyr produserer kvart år over 157 millionar liter mjølk, det er 10 % av landsproduksjonen. I snitt er det i år 16,3 kyr i kvar fjøs, ein auke på 0,3 sidan 2004. Mykje av mjølka vert produsert i våre 124 samdrifter. Mjølkeproduksjonen sikrar god drift på 5 meieri. Jarlsberg og Ridder-ost er dei mest kjende merkevarene.

Fylkesnytt, Potetball, Foto: FM Møre og Romsdal
Fylkesnytt: Potetball, Foto: FM Møre og Romsdal

Snøfrisk-osten vert laga på meieriet i Ørsta. Grunnlaget for den produksjonen er det vesle, men livskraftige geitemiljøet på Sunnmøre. 60 bønder har i snitt 92 geiter kvar, og produserer til saman nesten 3 millionar liter mjølk.

Nyleg er det etablert ein purkering i Møre og Romsdal. Navet ligg i Tresfjord, midt i fylket, og skal forsyne 16 satelittar med drektige purker. Dette samarbeidet vil doble svineproduksjonen i fylket.

Kvart år gjer 125 000 sau og lam ein viktig jobb for kulturlandskapet i utmarka. Ryddejobben resulterer i nesten 1400 tonn lamme- og sauekjøtt kvart år.

Meir økologiske produkt ut på marknaden!

Auka omsetnad og foredling av økologiske produkt er eitt av dei viktigaste måla i den nye handlingsplanen for økologisk landbruk i Møre og Romsdal fylke. Handlingsplanen handlar om dei tiltaka Møre og Romsdal fylke set i gang for å løyse "flaskehalsar" og utfordringar som det økologiske landbruket har.

I 2006 vil ein halde fokus på auka omsetnad og foredling av økologiske produkt, der omsetnaden av sauekjøtt blir ei av utfordringane. Ein vil dra nytte av dei erfaringane som blant anna prosjektet "Heilkjedeavtale for økologisk kjøtt i Sykkylven" har og skal tilegne seg. Dette er produsentar som samarbeider om blant anna å marknadsføre og omsette sine produkt, og som dermed står sterkare når dei skal inngå avtalar med omsetningsledda og kundane.

Ei anna utfordring blir å få fleire mjølkeklynger i Møre og Romsdal. Fleire økologiske mjølkeleverandørar samla i eit relativt avgrensa område gjer det mogleg at mjølka blir levert, behandla og seld som økologisk. Marknaden for økologiske varer er veksande, og ein ser det som viktig at etterspurnaden etter økologiske varer blir innfridd av produksjons- og foredlingsledda.

Stor søknad om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram

20. august var det frist for å levere første søknad om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal. 2 339 bønder leverte søknad om tilskot, dette var 67 % av dei som fylte grunnvilkåra. Søknadane er no under behandling, og utbetalinga kjem i februar.

Møre og Romsdal sin største miljøutfordring er attgroing. Det vart også presisert då Fylkestinget i ei fråsegn av 16. juni 2004 uttrykte bekymring over framtida for kulturlandskapet i Møre og Romsdal. For å møte denne utfordringa er tilskotsordningane i Regionalt miljøprogram innretta slik at dei skal fremje jordbruksdrift som held landskapet ope.

Fiskarbonden sin arv

Satsing på kysten i Møre og Romsdal
”Fiskarbonden sin arv” er eit treårig prosjekt i regi av Skogselskapet i Møre og Romsdal og landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Fem kommunar er valgt ut som hovudsamarbeidspartar; Averøy, Fræna, Haram, Giske og Herøy.

Hovudmålet for prosjektet er å styrkje næringslivet og bygdesamfunna på kysten i Møre og Romsdal.

Fjord, Foto: FM Møre og Romsdal
Fylkesnytt: Fjord i Møre og Romsdal, Foto: FM Møre og Romsdal

Gjennom konkrete tiltak skal ein få fram gode dømer for næringsutvikling knytt opp mot natur- og kulturlandskapet og modellar for ivaretaking av kulturlandskapet på kysten. Attåt skal prosjektet nyttast som grunnlag for regionale og lokale miljømål og for lokal forvaltning.

Prosjektleiar er Rannveig Djønne, e-post [email protected]

Frå kratt til kroner

Prosjektet ”Frå kratt til kroner” er eit treårig prosjekt i regi av Skogselskapet i Møre og Romsdal og landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Deltakare i prosjektet er kommunane Halsa, Surnadal, Sunndal, Nesset, Rauma, Volda og Vanylven, i tillegg er Statens Vegvesen Region Midt og Bondelaget i Møre og Romsdal med.

Bakgrunnen for prosjektet er at det de seinare åra har vorte meir fokus på gjengroing av kulturlandskapet og områda langs vegane i fylket. Mange har sett på krattet som eit problem, gjennom dette prosjektet vil vi prøve og vri fokus frå problem til ein ressurs.

Prosjektleiar er Kåre Kristen Totlund, e-post: [email protected]

Eller høyr på sendinga ifrå det populære radioprogrammet Naturens Verden på NRK P1, klikk på linken www.nrk.no/naturensverden, og høyr på sendinga ifrå den 20.11.05

Skogen utviklar seg kraftig

Skogarealet i Møre og Romsdal har auka med nesten 20 prosent på tjue år. Det er nye tal frå Landsskogtakseringa viser dette. Medan det i 1982 var 2,4 mill dekar skogareal i fylket, var det i 2002 auka til 2,8 mill dekar.

I perioden frå 1982-2002 har mengda med skog målt i kubikkmeter tømmer auka frå 13 mill m3 til 23 mill m3. Dei siste 10 åra er det grana som har stått for den største auken med vel 3 mill m3 auke, men også furu og lauvvolumet har økt. Ved ei fagsamling for skogtenestemenn i Møre og Romsdal, peika professor Kåre Hobbelstad ved Norsk Institutt for Jord og Skogkartlegging - NIJOS - på utfordringa som ligg i dei høgproduktive skogareala på Vestlandet.

Bjørk, Foto: Øystein Søby, Samfoto
Fylkesnytt: Bjørk i høstfargar, Foto: Øystein Søby, Samfoto

Desse kan utnyttast betre ved meir intensiv skogpleie og ved val av rett treslag, meiner professor Hobbelstad.


12. desember 2005

Til toppen