Historisk arkiv

Mat: Ferskt lam heile året

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mat: Eit pionérprosjekt i Rogaland har som mål å by fram ferskt lammekjøt heile året. Til nå har dette vore eit typisk sesongprodukt på hausten. I desse dagar blir dei første lamma av rasen Dorset fødde.

Mat: Ferskt lam heile året

Mat: Ferskt lammelår. Foto: Tom HagaMat: Eit pionérprosjekt i Rogaland har som mål å by fram ferskt lammekjøt heile året. Til nå har dette vore eit typisk sesongprodukt på hausten. I desse dagar blir dei første lamma av rasen Dorset fødde. Denne rasen er mykje utbreidd i Australia og New Zealand. Medan dei saureasene som elles er i bruk i Norge lammer ein gong i året på vårparten, kan Dorset-sauene få lam kvar åttande månad - året rundt.

- Dermed kan vi levere ferskt lammekjøt utanom sesongen. Norgesgruppen har etterlyst ferskt lammekjøt til grillsesongen. Dersom alt går etter planen, kan dei få det frå 2008, seier prosjektleiar Birger Aasland hjå Fylkesmannen i Rogaland. Han har god tru på at dette kan bli eit verdfullt supplement til den tradisjonelle sauedrifta.

Norske surrogatmødre
Grunna faren for sjukdomar er det ikkje tillete med import av levande sauer frå New Zealand til Norge. Det er derfor ein innfløkt prosess som ligg bak når dei første lamma nå likevel kan sjå dagens lys i Rogaland. Dei vart unnfanga på naturleg vis i november i New Zealand. Etter seks dagar vart dei befrukta egga skylt ut av Dorset-mødrene, lagra i flytande nitrogen og frakta med fly til Norge. Der vart egga sett inn i norske sauer, som var akkurat seks dagar i brunst, nett som sine medsystre på den andre sida av jordkloden. På denne måten tek ein sikte på å byggje opp ein stamme av Dorset-sauer i Norge.

Mat: Eit pionérprosjekt i Rogaland har som mål å by fram ferskt lammekjøt heile året.