Historisk arkiv

Næringsutvikling: Sterk vekst i bygdeturisme og gardsmat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Næringsutvikling: Bygdeturismen vil i år truleg omsetje for over 2 milliarder kroner. Det blir meldt om ein svært god sommarsesong.

Næringsutvikling: Bygdeturismen vil i år truleg omsetje for over 2 milliarder kroner.
Det er Norsk Bygdeturisme og gardsmat (NBG) som har rekna seg fram til dette med grunnlag i ei medlemsundersøking frå november 2006. Dei aller fleste NBG-verksemdene melder om ein svært god sommarsesong.

Ei næring å rekne med
- Dei tala Norsk Bygdeturisme og Gardsmat nå legg fram viser at arbeidet med ny næringsutvikling gir gode resultat i form av nye arbeidsplassar utetter bygdene. Bygdeturismen har blitt ei næring å rekne med og er i rivande utvikling,  seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
- Landbrukseigedomar representerer eit mangfald av ressursar, både menneskjelege og materielle. Desse ressursane må nyttast til å skape lønsam næringsverksemd, seier  Riis-Johansen.

Ta landet i bruk!
Reiseliv og opplevingar er hovudpunkt i Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling for 2007 – 2009, Ta landet i bruk! som vart lagt fram i januar i år.

2500 verksemder
For tredje år på rad er veksten i bygdeturismen over 10 prosent. Ein reknar med at gjennomsnittsomsetnaden pr verksemd har auka frå 701.000 kroner i 2006 til 785.000 kroner i 2007. Om lag 2500 verksemder driv i dag bygdeturisme og gardsmat i Norge.

Næringsutvikling: Bygdeturismen vil i år truleg omsetje for over 2 milliarder kroner.