Historisk arkiv

Kulturlandskap: Ber fylka peike ut landskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Fylka blir no spurde om å foreslå 2-3 område som kan inngå i dei 20 fyrste områda i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Kulturlandskap: Fylka blir no spurde om å foreslå 2-3 område som kan inngå i dei 20 fyrste områda i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.  

Det er meininga at alle fylka skal få med eit område, likevel er det ein føresetnad at områda utgjer eit representativt utval av område frå heile landet.

Langsiktig skjøtsel
Grunnleggjande for utvalet av område er at det i størst mogeleg grad skal omfatte jordbrukslandskap med både store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Det må også vere realistisk å få til langsiktig skjøtsel og vedlikehald av områda.  Områda kan omfatte både inn- og utmark, private og offentlige eigedomar og kan vere i drift eller ute av aktiv drift.

  

Kulturlandskap. Foto: Ove Bergersen, Samfoto
Kulturlandskap.
Foto: Ove Bergersen, Samfoto

Tidsplan
Sekretariatet for arbeidet består av Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning, som skal sende forslaga til Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet innan 1.oktober 2008. Fylka sin frist for mellombels forslag er 15. april, og endeleg frist for å foreslå område er 8. september.

Kulturlandskap: Fylka blir no spurde om å foreslå 2-3 område som kan inngå i dei 20 fyrste områda i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.