Historisk arkiv

Landbruk: Folkefjøset på Jæren godt i gang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: Prosjektet Folkefjøset på Jæren er godt i gang. Prosjektet skal bidra til fornying og modernisering av driftsbygningar for mjølkeproduksjon til akseptable kostnader.

Landbruk: Prosjektet Folkefjøset på Jæren er godt i gang. Prosjektet skal bidra til fornying og modernisering av driftsbygningar for mjølkeproduksjon til akseptable kostnader.

Landbruksavdelingen hos Fylkesmannen i Rogaland oppsummerer status på prosjektet Folkefjøset på Jæren i siste utgave av Fylkesnytt. 

Prosjektet Folkefjøset på Jæren starta 1. juli 2008 etter initiativ frå Hå kommune og er komme godt i gong i forhold til prosjektplanen. Dette er eit tilbod til dei bruka som ønskjer å halda fram med mjølkeproduksjon, men ikkje ser syn på å byggja ein ny, stor driftsbygning. Slik sett blir dette gjerne gode opplegg for familiebruk, skriv Fylkesmannen i Rogaland i siste utgåve av Fylkesnytt.

Stor interesse for prosjektet
Interessa for prosjektet er stor. Til oktober 2009 har 73 gardsbruk meldt interesse for å vera med. I det vidare arbeidet med desse 73 gardsbruka har prosjektleiaren fram til oktober 2009 laga eitt eller fleire byggjeforslag på ca. 30 bruk.

Pilotbruk
For å få ut informasjon og presentera døme på gode byggjeprosjekt som gir reduserte kostnader, er det foreslått om lag 10 pilotprosjekt i prosjektplanen. Primært skal dette fordelast på alle kommunane. Pilotprosjekta skal nyttast aktivt i informasjonsarbeid og presentasjon der dei som vil, kan komma og sjå på dei ulike planløysingane.

Arbeidet med å finna fram til gode pilotbruk har komme godt i gang. Til no er 3 pilotprosjekt på plass, og fylkesmannen arbeider med å få avtala med enda 3 stk. Eit pilotprosjekt i Klepp som skal takast i bruk november 2009 er komme langt med byggjearbeidet. Så snart bygningane i pilotprosjekta blir tatt i bruk, vil fylkesmannen evaluera og sjå på dei ulike funksjonane i bygningen.

Landbruk: Folkefjøset på Jæren.
Landbruk: Folkefjøset på Jæren. Foto: Geir Undheim.

Landbruk: Prosjektet Folkefjøset på Jæren er godt i gang.