Historisk arkiv

Bruken av taubane til uttak av tømmer dobla

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I Hordaland er 15.000 m3 tømmer planlagd hogd og frakta ut av skogen med taubane i 2010. Dette er ei dobling i høve til året før og historisk høgt.

I Hordaland er 15.000 m3 tømmer planlagd hogd og frakta ut av skogen med taubane i 2010. Dette er ei dobling i høve til året før og historisk høgt.

Dersom alt tømmer som er førehandsgodkjent for drift med taubane vert dreve ut i 2010, går det mot rekord for denne driftsforma i Hordaland i år. 15.000 m3 er planlagd avverka og dreve ut med kabelkran.  Det er skogeigarlaget Vestskog BA som organiserer det meste av desse driftene og det er berre to skogsentreprenørar som driv med tungt utstyr.

Taubane
Taubane. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.