Historisk arkiv

Ei perlerad ut mot Norskehavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

På sørvestsida av Stadtlandet - frå Hoddevik til Liset - ligg ei perlerad av eit kulturlandskap og vitner om kystfolket sin ressursbruk i hav og på land.

På sørvestsida av Stadtlandet - frå Hoddevik til Liset - ligg ei perlerad av eit kulturlandskap og vitner om kystfolket sin ressursbruk i hav og på land.

Stadtlandet er ein markert og særprega utpost av Noreg med eit landskap som bringer tankane til andre land og stader vest i havet.

Eit lengre strekk av sørvestsida på denne halvøya, frå Hoddevik til Liset, har status som utvalt kulturlandskap. Det 45 kvadratkilometer store området femnar om nokre av dei mest spesielle kulturlandskapa som er tekne vare på i Sogn og Fjordane. Perlene ligg på rekkje og rad.

Naustområdet i Hoddevik
Naustområdet i Hoddevik, sett nordover frå sandstranda.

Hoddevik har store sanddyner og flygesandfelt av stor geologisk interesse, og der tradisjonell slått og beiting over lang tid har skapt særmerkte slåtteeng- og naturbeitemark-samfunn med stor verdi for biologisk mangfald.

Drage er eit historisk landskap.

Indre og Ytre Fure utgjer eit heilskapleg kulturlandskap der bygningsmiljø og kulturlandskap utdjupar kvarandre, og syner korleis kystfolket tilpassa seg ressursane i havet og det som kunne nyttast til jordbruk. 

Årdal og Liset er døme på meir eller mindre intakte småbruk med strukturar frå det førindustrielle landbruket.

Hoddevik
Bygda Hoddevik, sett frå det artsrike sanddyneområdet.

Spennande planteartar
I dei artsrike engene i Hoddevik veks med anna stortviblad, brudespore, grønkurle, villauk, vill-lin og hjartegras. Av gamle eng-artar som veks i Årdal er storblåfjør, jordnøtt, kystgrisøyre, kamgras og knegras.

Alle stadene trengst det hjelp til å vidareføre ei driftsform den tradisjonelle drifta, som kan vere både kostbar og teknisk krevjande. Eit anna problem er uønskte artar som spreier seg, slik som kystbjønnkjeks og mjødurt. Det vert difor arbeidd med skjøtselsplanar, som femnar om både ryddetiltak og årviss skjøtsel og grunneigarar og lokale lag og ressurspersonar si innsats er difor svært viktige for å ta vare på det kulturavhengige naturmangfaldet.

Sanddynene i Hoddevik
Synfaring i sanddynene i Hoddevik. Erosjon frå vind (og kanskje også trakk?) gjer at sanddynene er eit miljø i stadig endring, noko som reiser både praktiske og teoretiske spørsmål: Korleis kan ein best mogleg vidareføre og etterlikne tidlegare bruksmåtar med slått og beiting, og går det an å setje opp gjerde som ikkje går på tvers av den tradisjonelle bruken og naturdynamikken? Alle foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Utvalte kulturlandskap i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har i fellesskap plukka ut 22 landskapsområde med minst eitt i kvart fylke som har fått statusen Utvalte kulturlandskap i jordbruket. Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har vore sentrale i prosessen. Dei ulike områda er plukka ut fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette inneber å halde i hevd driftsmetodar med slått og beiting og også skjøtsel av bygningar og andre tekniske innretningar. Dei utvalte områda skal til saman representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg. Det er satt av 14 millionar kroner på statsbudsjettet for 2010 for å stimulere til spesielle skjøtselstiltak i desse områda.

I Naturmangfaldåret presenterer departementa dei utvalte kulturlandskapa og den skjøtselen som er nødvendig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i desse landskapa.