Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Gards- og stølsturismen i Valdres i vekst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ei undersøking som Fylkesmannen i Oppland har gjennomført i samarbeid med Valdres natur- og kulturpark, viser at gards- og stølsturismen i Valdres er inne i ei positiv utvikling prega av optimisme og vekst.

I 2009 opplevde reiselivet både nasjonalt og i Valdres ein nedgang, medan bygdeturismen voks. Gards- og stølsturismen i Valdres er prega av stor tru på framtida - og aller mest optimistiske er stølsturismevertskapa der 100 prosent anten er "ganske eller svært optimistiske".

Undersøkinga tyder også på at det langsiktige arbeidet med nettverksbygging mellom gards- og stølsvertskapa og det "vanlege" reiselivet ber frukter. Informasjon frå reiselivsbedriftene resulterer nemleg i besøk og gjester på gardane og stølane.

Valdresbukken frå Grunke.
Valdresbukken frå Grunke. Foto: Guri Grønolen.

Til toppen