Historisk arkiv

Skognæringsforum i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det nystifta Møre og Romsdal skognæringsforum har som mål at verdiskapinga i skognæringa frå kystfylka skal doblast innan 2020.

Det nystifta Møre og Romsdal skognæringsforum har som mål at verdiskapinga i skognæringa frå kystfylka skal doblast innan 2020. Forumet som er ein interesseorganisasjon for skogbruket og treforedlande industri i Møre og Romsdal vert stifta i 2010 og skal styrke og utvikle skognæringa i fylket.

Gjennom Melding om kystskogbruket ble det kartlagt at verdiskapinga for skognæringa i Møre og Romsdal er ca 750 millionar årleg. I 2005 var det 123 bedrifter i fylket som arbeida med tre og treprodukt, desse bedriftene sysselsette ca 1550 personar. Viss ein i tillegg tar med møbel så er den totale årlege verdiskapinga frå skognæringa i Møre og Romsdal ca 4,7 milliardar. Målsettinga til Kystskogbruket er at verdiskapinga i skognæringa frå kystfylka skal doblast innan 2020. Eit av tiltaka for å nå målet er at det opprettast skognæringsforum i dei ulike fylka som i fellesskap skal bli ei drivkraft for auka innovasjon og verdiskaping i verdikjeda.

Medlemmer i styret for Møre og Romsdal Skognæringsforum
Medlemmer i styret for Møre og Romsdal skognæringsforum. Frå venstre: Dag Bjerkestrand, Ole Kårvåg, Bente Dyrnes Årø, Kristen Bruset og Hallvard Brusethaug. Terje Kolstad var ikkje tilstede. Foto: Kåre Kristen Totlund.