Historisk arkiv

Aukande marknad for skogsflis som brensel i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I løpet av fyringssesongen 2011/2012 vil fjernvarmeanlegg settas i drift i både Ørsta og Tingvoll. Dette gjer at behovet for skogsflis til brensel vil auke med om lag 15.000 lm3 til totalt 25.000 lm3. Avsetning til gardsvarmeanlegg og industri kjem i tillegg.

Ein av barrierane for auka bruk av bioenergi i Møre og Romsdal er ein velfungerande flismarknad. Gjennom prosjektet Biostigen er det i løpet av sommaren sett i gong fleire forsøk i samarbeid med næringsaktørar og Skog og Landskap for å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar.

Biostigen er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesmannsembeta i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, mens Landbruks- og matdepartementet er oppdragsgjevar.

Bunting Gjemnes

Bunting. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)