Historisk arkiv

Ny forskrift: Strengare krav til pelsdyrhald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag, 17. mars, fastsett ei ny forskrift som skal medverke til betre velferd for pelsdyra i Noreg. Forskrifta er utarbeidd av Mattilsynet på grunnlag av oppdatert vitskapelig kunnskap.

Landbruks- og matdepartementet har i dag, 17. mars, fastsett ei ny forskrift som skal medverke til  betre velferd for pelsdyra i Noreg. Forskrifta er utarbeidd av Mattilsynet på grunnlag av oppdatert vitskapelig kunnskap.

- Saman med ei obligatorisk sertifiseringsordning og strengare sjølvjustis i pelsdyrnæringen, fleire umeldte tilsyn og sterkare verkemiddelbruk frå Mattilsynet si side, legg den nye forskrifta til rette for ei klår forbetring av velferda for norske pelsdyr, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).

Obligatorisk
Forskrifta innfører strengare krav til oppdrettarane når det gjeld dagleg tilsyn med og stell av dyra. Dette vil mellom anna leggje til rette for at dei raskare kan oppdage forhold som kan vere skadelege for dyra. Det blir obligatorisk for oppdrettarane å ha skriftlege rutinar, og dei må føre journal over hendingar i pelsdyrgarden.

Større bur
Forskrifta innfører strengare krav til oppstallingsforhold for dyra. Det kjem krav om at dyra skal få rikare levemiljø og meir plass i bura. Dyr som ønskjer sosial kontakt med andre dyr, skal få lov til det så langt det er mogleg.

Reglane for fôring og tilgang på drikkevatn blir strengare. Riktig avl er og viktig for god velferd, og forskrifta krev at det berre er friske, robuste og tillitsfulle dyr som kan nyttast i avl.

Vil koste
- Det er mange endringar i høve til dagens forskrift, og dei vil koste næringa mykje både i form av investeringar og innsats. Dette er ei nødvendig utvikling dersom vi skal kunne ha ei pelsdyrnæring i Noreg, og det meiner eg vi skal, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.