Historisk arkiv

Økomarknad i Stavanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fyrste laurdag i månaden frå mai til oktober er det marknad med økologiske varer i Stavanger. Her kan ein kjøpe alt frå økologiske barneklede til lokalt produsert ost og bringebær.

Fyrste laurdag i månaden frå mai til oktober er det marknad med økologiske varer i Stavanger. Her kan ein kjøpe alt frå økologiske barneklede til lokalt produsert ost og bringebær.

Tanken bak marknaden har vore å gjere lokale aktørar som produserer eller omset økologisk mat meir synleg. Initiativet kom frå Stavanger kommune og Fylkesmannen i Rogaland gjennom prosjekta ”Økoløft i Stavanger og Sandnes” og ”Forbrukskoordinator for økologisk mat i Stavangerområdet”, og er økonomisk støtta gjennom Handlingsplan for økologisk landbruk i Rogaland og Statens landbruksforvaltning.

Økologisk mål
Regjeringa har som mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i 2020 skal vera økologisk. Vidare seier regjeringsfråsegna at Noreg heng etter andre land når det gjeld å gjera økologiske varer tilgjengelege for forbrukarane, og at regjeringa vil styrkja dette området. Regjeringa ynskjer at det offentlege går føre som ansvarleg forbrukar og etterspør miljøvenlege varer og varer som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar.