Historisk arkiv

Store verdiar i skogbruket i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Skognæringsforum i Sogn og Fjordane legg fram optimistisk og nyskapande melding. Verdiskapingspotensialet i skognæringa i Sogn og Fjordane er nyleg analysert. Pilotstudien konkluderer med åtte viktige tiltak for å oppnå dei registrerte potensiala.

 Verdiskapingspotensialet i skognæringa i Sogn og Fjordane er nyleg analysert. Pilotstudien konkluderer med åtte viktige tiltak for å oppnå dei registrerte potensiala.

Blant dei prioriterte tiltaka er satsing på utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter i skognæringa, og å tilsetje ein skogkoordinator for å jobbe fram nye prosessar.

Skogbruk er langsiktig, og i våre dagar ser vi resultata av storstila satsing på skogreising i kyststrok på 50-, 60- og 70 talet. Dette er verdiar som representerer eit formidabelt potensiale, og let seg realisere i form av tømmer, transport, foredling, husbygging, energiproduksjon og  tekstilproduksjon.

Skog og tømmer

Skognæringsforum i Sogn og Fjordane legg fram optimistisk og nyskapande melding. (Foto: Bård Løken, Samfoto)