Historisk arkiv

Velkommen til bords

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Stor interesse for Meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken. Fire av seks åpne møter er avvikla.

Stor interesse for Meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken. Fire av seks åpne møter er avvikla.

Den nye meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken vart lagt fram fredag 2. desember. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk skal ha i alt seks åpne møter rundt omkring i landet for å presentere meldinga, og få innspel og kommentarar. Så langt har han vore i Tromsø, på Rudshøgda, i Førde og på Kalnes ved Sarpsborg. Det har vore fulle møtesalar alle stader, og tilsaman har det vore mellom 600 – 700 deltakarar. 

I Førde slo vergudane seg vrange, slik at ministeren vart mykje forsinka. Forsamlinga brukte ventetida til triveleg kaffedrøs, og nytta høvet godt når dei omsider fekk Brekk i tale; det nærma seg midnatt før folk vart ynskt vél heim. 

– Landbruket og bøndene har ein eineståande kultur og tradisjon for å samlast til slike ordskifte og orienteringar, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. -  Det har vore både trivelege og inspirerande møte. Eg tykkjer meldinga i det store og heile har blitt svært godt motteke. Sjølvsagt er ikkje alle samde om alt, det skulle berre mangle. Men det har vore stort engasjement og god stemning på dei møta vi har nå har hatt. - Og dét i seg sjølv lovar godt for framtida, seier Brekk.

Ei innvending som mange har kome med er at det er fine mål og gode ambisjonar i meldinga, men dei saknar verkemidla, dei konkrete tiltaka som må til for å nå måla. – Svaret på det er at ei melding til Stortinget skal peike ut leia, - stake ut kursen. Så må oppfølgjinga, - dei konkrete grepa bli gjort i jordbruksforhandlingane, statsbudsjetta, ved lov- og regelendringar mv, seier Lars Peder Brekk.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk under presentasjonen av den nye landbruks- og matmeldinga i Sarpsborg

Det var fullsatt sal da Brekk besøkte Sarpsborg. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)

20 prosent auke på 20 år
Målet i meldinga om at matproduksjonen i Norge skal auka i takt med den auken ein reknar med vil kome i folketalet, har naturleg nok vore eit sentralt debatt-tema på alle møta. – Det er mange som tykkjer vi legg lista svært høgt, spesielt med tanke på at denne auken i størst mogleg grad skal skje gjennom bruk av norske ressursar; grovfôr og beite. Men samstundes har eg inntrykk av at mange set pris på den utfordringa eit slik mål gir. Det er noko å strekkje seg etter,  seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

– Landbruket si oppgåve er å levere den maten folk vil ha. Når ein million fleire nordmenn skal ha mat, må vi auke matproduksjonen på alle område: Mørkt kjøtt, lyst kjøtt, korn, frukt og grønnsaker. Vi skal produsere meir av alt! seier landbruks- og matministeren.

Den norske matmodellen
Mange har sagt seg nøgde med at det i meldinga blir streka under at den norske matmodellen skal førast vidare. Norsk matproduksjon skal også i framtida ha eit sterkt importvern, jordbruksavtalen skal gi samarbeid mellom styresmaktene og næringa, og det skal vere eit landbrukssamvirke som tek ansvar for marknadene.

Inntekt
– Det har vorte halde fram på fleire av møta at ”vidareutvikle” kanskje er det mest brukte ordet i meldinga, - og at det ikkje ber bod om særskilt høge ambisjonar. Mellom anna er det vist til at det ikkje er så veldig imponerande når regjeringa seier at den vil vidareutvikle inntekts-og velferdspolitikken, påpeikar Brekk.

– Mitt svar er då å vise til den utviklinga som faktisk har funne stad: Frå 2006 – 2012 har inntektsmoglegheitane i norsk jordbruk auka med om lag 110.000 kroner pr årsverk, eller 70 prosent. Når vi seier at denne politikken skal vidareutviklast, meiner eg det i høgste grad viser at regjeringa legg lista høgt, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Ungdom inn i landbruket
Brekk strekar under at gode inntektsmoglegheitar, saman med det som er sagt i meldinga om at det skal bli lettare å investere og oppgradere gardsbruka, er sentralt for å sikre at ungdomen vil satse på landbruk. – Vi må ha ein landbrukspolitikk som gir ungdom framtidstru, lyst og høve til å satse på å ha yrket sitt i landbruket, seier han.

Treffsikker landbrukspolitikk
Mange har understreka kor viktig landbruket er for å ha levande bygder over heile landet. – I meldinga blir det foreslått tre grep for ein meier regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Det skal bli ein tydelegare distrtriksprofil i dei nasjonale ordningane, næringsutviklingsmidla skal i større grad bli forvalta regionalt og vi skal ha ein meir områderetta innsats der landbruk er særskilt viktig, sier Lars Peder Brekk. – Med dette følgjer vi opp eit av dei sterkaste signala vi fekk da vi reiste rundt og ba om innspel før vi tok til å skrive meldinga, understrekar han.

– Nært kopla opp mot dette er den store vekta meldinga legg på at det må vere landbruk over heile landet. Dersom vi skal klare å gjere oss bruk av ressursane over det ganske land, treng vi eit mangfald av gardbruk, både små og store, seier Brekk. Han minner om at den meldinga som nå er lagt fram, på dette punktet skil seg mykje frå den førre landbruks-meldinga som er frå 1999.

Bygdenæringar
På møtet i Førde nytta Brekk høvet til å ta tak i kommentarar han hadde fått etter ein tur han hadde i Sogn og Fjordane for eit par år sidan. – Den gongen vitja eg ein gardbrukar som hadde bygd eit småkraftverk, og eg var på ein svært veldreven gard med Inn På Tunet-tenester. I etterkant fekk eg høyre at neste gong burde eg også ta turen innom eit ”skikkeleg” gardsbruk. Slik må vi ikkje tenkje! seier Brekk.

– Dei som gjennom målmedvete arbeid klarer å skape lønsame og sunne verksemder innan t.d. matspesialitetar, landbruksbasert reiseliv og tenester innan utdannings, helse- og omsorgsektoren er da gardsbruk gode som nokon! poengterer Brekk. – Derfor kaller vi i meldinga all næringsverksemd som byggjer på ressursane i landbruket for bygdenæringar, seier Brekk.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk under presentasjonen av den nye landbruks- og matmeldinga i Førde

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk under presentasjonen av den nye landbruks- og matmeldinga i Førde (Foto: Landbruks- og matdepartementet)

Enklare å dele frå
På møta er det mange som har tatt opp dei nye signala i meldinga om at det skal bli enklare å få kjøpt bustad eller fritidseigedom ved å dele frå romsame tomter, tun og bustadshus frå gardbruk. Samstundes vil regjeringa innskrenke odelskretsen og ta bort reglane om odelsfrigjering.

- Eg har inntrykk av at mange tykkjer det er på høg tid med ei slik modernisering av eigedomspoltikken i landbruket, seier Brekk. – Slike endringar vil også gjere det lettare for dei som vil satse på landbruket å få kjøpt dei areala dei driv. Vi vil ha mindre leigejord, seier Lars Peder Brekk.

Jordvern og beredskap
Styrking av jordvernet var eit sentralt tema i førehandsrunden, og har vore det på alle dei fire møta som har vore nå i etterkant. Mange har etterlyst sterkare verkemiddel, m.a. ein særskilt verneparagraf for matjord.

– Eit slikt forslag har vi hatt ute til høyring, og svært mange kommunar og faktisk også jordvernforeiningar gjekk imot. Derfor har vi ikkje følgt opp dette forslaget, men satsar i staden på å forsterke dei virkemidla som ligg i plan- og bygningslova, seier Brekk.

– Det viktige er ikkje virkemidla, men kva som faktisk blir resultatet. Og her har det vore ein markert nedgang i kor mykje matjord som blir bygd ned. Vi ligg nå på kring 6000 dekar i året, som var det målet vi sette oss for nokre år sidan om å halvere nedbygginga, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Framlegga om å greie ut trongen for  på nytt å ha nasjonale reservelager av matkorn og det som allereie er gjort for å få reservelager av såkorn frå neste år, har falle i god jord. – På møtet i Østfold vart det opplyst at vi pr dato manglar 25 – 30 prosent av det såkornet vi treng for neste år. Det er ein alvorleg situasjon som krev nye tiltak, slik vi nå gjennomfører, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Det blir ikkje  fleire møter før jul. 16. januar 2012 er det møte i Steinkjer, og 17. januar står Arendal for tur.
                                                                               

                                                                                                                   St. Nor.