Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Buttedahl møtte Dyrevernalliansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statssekretær Harald Oskar Butterdahl møtte i dag Dyrevernalliansen til samtale om norsk slaktekyllingproduksjon.

Statssekretær Harald Oskar Butterdahl møtte i dag Dyrevernalliansen til samtale om norsk slaktekyllingproduksjon.

Statssekretær Buttedahl møtte i dag representantar for Dyrevernalliansen og fekk ei orientering om deira syn på dyretettleiken i norsk slaktekyllingproduksjon.

- Det er spesielt nyttig for meg som fersk statssekretær å få ei slik orientering, seier Buttedahl.

Det blir for tida arbeidd med forslag til nytt dyrevelferdsregelverk for hald av slaktekylling, mellom anna basert på EU sitt regelverk. Saka er inne i ein prosess der Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og næringa er involvert. Både Vitskapskomiteen og Norsk Institutt for landbruksforskning (NILF) har bidrege med vitskapleg dokumentasjon. Dyrevernalliansen la i møtet med Buttedahl spesiell vekt på særnorske forhold.

Dyrevernalliansen presenterte også organisasjonen sin profil og verksemd for statssekretær Buttedahl. Dei peika særleg på at Dyrevernalliansen er ein lovlydig og ryddig organisasjon.

Statssekretær Harald Oskar Butterdahl møtte i dag Dyrevernalliansen til samtale om norsk slaktekyllingproduksjon.

Statssekretær Harald Oskar Butterdahl møtte i dag Dyrevernalliansen til samtale om norsk slaktekyllingproduksjon. Frå venstre Marianne Kulø, Harald Oskar Buttedahl, og Une Aina Bastholm (Foto: Landbruks- og matdepartementet)

Til toppen