Historisk arkiv

Ganefart 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Også i år skal den beste spisestaden langs vegane i Noreg kårast. Konkurransen Ganefart 2012 blir lansert i løpet av våren 2012.

Ganefart logo

Også i år skal den beste spisestaden langs vegane i Noreg kårast. Konkurransen Ganefart 2012 blir lansert i løpet av våren 2012.

Ganefart, som i år skal arrangerast for fjerde gong, er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Noregs Bygdekvinnelag og Innovasjon Norge. Noregs Bygdekvinnelag er ansvarlege for gjennomføringa av konkurransen.

I konkurransen om den beste spisestaden langs vegane kårast det fyrst 8 regionale vinnarar og deretter ein nasjonal vinnar blant dei 8. Alle kan sende inn tips om spisestadar til konkurransen. I 2010 deltok 207 spisestadar i konkurransen etter over 3000 tips frå publikum.