Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny bruk av trevirke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kan norsk trevirke medverka til å henta ut meir attverande olje i gamle oljebrønnar? Ja, meiner gründerselskapet GOE IP. Ideen går ut på å stoppa vassgjennomslag i oljereservoar ved hjelp av cellulose-etande bakteriar.

Etter kvart som oljebrønnane tømmast, blir opphenta olje meir og meir blanda med vatn. Næringa er av økonomiske grunnar på leit etter metodar å stoppa vassgjennomslaga på. Svært spesialiserte bakteriar har vist seg å kunna gjera denne jobben, i alle fall i laboratorieforsøk. Bakteriane dannar pluggar som hindrar vatnet i å bli pumpa opp.

Fylkesmannen i Rogaland har hatt kontakt med selskapet GOE IP sidan før sommarferien.  

Tømmer
Kan norsk trevirke medverka til å henta ut meir attverande olje i gamle oljebrønnar? (Foto: LMD)
Til toppen