Historisk arkiv

Optimismen aukar innan bygdeturisme og gardsmat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Om lag 70 prosent av medlemsbedriftane i HANEN er svært eller veldig optimistiske til framtida. Det syner ei undersøking bransje- og marknadsorganisasjonen for bygdeturisme og gardsmat har gjort hjå sine medlemmer.

Om lag 70 prosent av medlemsbedriftane i HANEN er svært eller veldig optimistiske til framtida. Det syner ei undersøking bransje- og marknadsorganisasjonen for bygdeturisme og gardsmat har gjort hjå sine medlemmer.

Ei ny undersøking hjå HANEN sine om lag 500 medlemsbedrifter syner stor optimisme blant dei som arbeider med bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske. Hausten 2011 gjorde HANEN ei undersøking hjå medlemmeen sine . Om lag 70 prosent svarte at dei er ganske eller svært optimistiske om framtida for eiga verksemd. Prosenten har auka frå 63 til 70 prosent i høve til tilsvarande undersøking som vart gjort hausten 2010.

- Det er stor tru på framtida innan bransjen, seier daglig leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannesen

- Landbruk og reiseliv er gode distriktsnæringar, fordi dei tar heile landet i bruk, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. - Til saman har dei to næringane mykje å by på. Vi kan tilby opplevingar i rein natur, eit kulturlandskap i god  hevd, lokal mat og mattradisjonar, kulturminne og norsk kulturarv pluss ulike slag aktivitetar, seier Brekk.

Ny katalog om norske bygdeperler
Hanen har nyleg gitt ut den nye katalogen Norske Bygdeperler 2012/2013. Katalogen som finst både på norsk, engelsk og tysk syner kva Bygde-Noreg kan tilby turistar både frå Noreg og frå utlandet. Nytt av året er at ein no har tatt i bruk QR-kodar for å kome lettare til HANEN sine mobilsidar frå smart-telefonar. Dessuten har alle bedriftane i HANEN-nettverket også GPS-informasjon.