Historisk arkiv

11 millioner kroner til planlegging på Ås

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa set av 11 millioner kroner til å starte planlegginga eit nytt og samanslått universitet og tilhøyrande forskingsinstitutt på Ås.

- Eg er viss på at ei samanslåing av dei viktigaste fagmiljøa vil gi eit breiare fagleg grunnlag som vil kome matproduksjonen både i og utanfor Noreg til gode, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Løyvinga skal sikre framdrift i førebuingane av at Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet skal flytte til Ås og bli ein del av det vitskaplege miljøet der. Det er og viktig å førebu at Noregs veterinærhøgskole skal organiseast saman med Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. Av dei 11 millionane som går til denne prosessen løyver Landbruks- og matdepartementet saman med Kunnskapsdepartementet 6 millioner kroner medan 5 millioner kroner er på Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett til Statsbygg.

Styrke forskingsmiljøa
Investeringane i det nye miljøet på Ås skal gi gode forskingslokale og infrastruktur. Dei skal og gjere det mogleg å betre samarbeidet med forskingsinstitutta som alt er på Ås: Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima. Hovudføremålet er å sikre ein størst mogleg produksjon av kunnskap og utdanning av morgondagens kandidatar.

Samstundes med å sikre flytteprosessen økonomisk vil Landbruks- og matdepartementet samarbeide vidare med Fiskeri- og kystdepartementet og Kunnskapsdepartementet for å styrke forskingsmiljøa innan områda mattryggleik, dyrevelferd og fiskehelse.