Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna artiklar om treprosjekt i fylket og transportselskap i nye utviklarroller.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av  Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna artiklar om treprosjekt i fylket og transportselskap i nye utviklarroller.  

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Prosjekt ”Tre i sentrum” 2008 - 2010

Vestlandsskogbruket sitt hovudmål har i etterkrigstida og heilt fram til no vore å bygge opp stabile skogressursar. Skogbruket i dag flytter fokus frå skogreising til logistikk, hogst og bruk av trevirke. Ikkje minst Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med ein nasjonal strategi for auka avverking og den nyleg ferdigstilte kystskogbruksmeldinga stadfester ynskje om å nytte ressursane i skogen på ein betre måte, også langs kysten i Vest. Prosjektet "Tre i sentrum" skal ha god forankring i dette arbeidet og må sjåast som ein del av ei sterkare satsing på skogbruket i Hordaland. Prosjektet skal vere eit bidrag til utvikling av heile verdikjeda frå skogen til marknaden på Vestlandet.  

Prosjektet "Tre i sentrum" har no i fleire år vore ein pådrivar for å forankre ei satsing på tre i kommunane med hovudvekt på Bergen kommune, samstundes for å auke kunnskap kring tre som byggemateriale. Prosjektet har vore med på å etablere eit stort nettverk av politikarar, utbyggarar, arkitektar, entreprenørar og utdanningsinstitusjonar som viser interesse for bruk av tre. Bergen Treforum vart etablert i 2006, også dette eit resultat av breitt samarbeid mellom ulike aktørar og prosjektet. Hovudmålsettinga er framleis auka bruk av tre i Hordaland, gjerne basert på regionale ressursar. Dette krev betre tilgang til skogressursane, aktive skogeigarar og ei trenæring i vekst. Prosjektet skal formidle kunnskap til alle ledd i verdikjeda for tre og skape møtepunkt for produsentar, leverandørar og kundar. Mellom anna skal prosjektet vere kunnskapsformidlar og nettverksbygger. 

Det er for tida høg byggeaktivitet i Bergen og tettstadene i Hordaland. Nye prosjekt står i startgropa og fokuset på miljøvennleg byggeteknikk og - materialar aukar stadig. Prosjektet kan i ein tidlig fase kome inn i interessante byggeprosjekt og formidle informasjon om bruk av tre i bygg for byggherre, arkitekt eller entreprenør. Det nasjonale og internasjonale trenettverket vil nyttast som informasjonskjelde og felles ressurs. Samstundes vil prosjektet følgje nokre utvalde prosjekter. Til dømes deltek prosjektleiaren i styret for Husfabrikk-prosjektet eigd av Walde Boliggruppen AS. Det er og eit mål å arbeide vidare for etableringa av ein massivtreproduksjon på Vestlandet. Etablering av foredlingsbedrifter i trebransjen er ein viktig del av ei større satsting på skogbruket i Vest.

Damsgårdssundet 12. etg treprospekt. Skisse: Bergen og omegn Boligbyggelag
Damsgårdssundet 12. etg treprospekt. Skisse: Bergen og omegn Boligbyggelag.

Mykje plass i prosjektet får samarbeidet med Bergen kommune. "Tre i sentrum" har i løpet av åra etablert eit godt samarbeid med byråd for byutvikling i Bergen kommune. Dette har resultert i fleire felles arrangement som til dømes den 1. Nordiske trebykonferansen. Også tresatsinga i Bergen som er vedteke i bystyret er eit resultat av samarbeidet. Etter kommunevalget 2007 ligg alt til rette for eit vidare og utvida samarbeid. Fleire prosjekt er under drøfting. Dette omfattar mellom anna ny studentby og nye skuleutbyggingar. Aktiv deltaking i Bergen Treforum er eit viktig bidrag for å påverke bruk av tre i den moderne trebyen Bergen.

Prosjektet skal og bidra til eit kompetanseløft. Treseminaret har blitt ein tradisjon og skal vidareførast i åra framover. Prosjektet skal og utvikle og oppsøke nye arenaer for kunnskapsformidling og brubygging mellom ulike ledd i verdikjeda. Bergen har fleire utdanningsinstitusjonar som har tre som materiale på agendaen i undervisninga. Prosjektet kan bidreg til å halde kompetansemiljøa oppdatert på ny informasjon om tre, spesielt om moderne trebruk i bygg. Eit mål for prosjektet er å utvikle eit nærare samarbeid med utdanningsinstitusjonane som kanskje kan konkretiserast i eit felles arrangement for studentar med tema tre i 2008. Ikkje minst skal "Tre i sentrum" medverke til at Bergen International Wood Festival blir arrangert i 2008.

Finansiering av prosjektet er ikkje heilt avklart ennå men både Innovasjon Noreg og FMLA bidra med midlar.

Vil gjera Fitjarøyane til turistmål

Innovativ Fjordturisme har blinka ut Fitjar-øyane som eitt av to satsingsområde i Hordaland. Med prosjektet Innovativ Fjordturisme ønskjer Innovasjon Norge, reiselivsnæringa og dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal å marknadsføra og utvikla gode reiselivsmål langs kysten. I Hordaland er Fitjarøyane plukka ut som eitt av to pilotprosjekt for stadsutvikling, saman med Folgefonna.

- No har Fitjar ein unik sjanse til å få fart på reiselivet dei neste tre til fem åra. Fitjarøyane har råvara: Naturen og landskapet. Eg har sjølv padla i Fitjarøyane, og der blir eg lukkeleg. Her har kommunen eit kjempepotensial for turisme. Men kvalitetane er underkommuniserte og ikkje raffinerte i salbare opplevingar, seier prosjektleiar i Innovativ Fjordturisme, Anders Waage Nilsen, til Sunnhordland.

Vil skapa nye opplevingar og attraksjonar:
Fitjarøyane er i dag stort sett tilgjengeleg reisemål for hytteeigarar og båtfolk. På kommunen sin turistinformasjon på Internett blir ferieseglasar og besøk på Smedholmen kyst- og naturlivsskule nemnt som einaste tilbodet til turistar utan eigen farkost. Dette skal Innovativ Fjordturisme bidra til å endra på. Målet er å utvikla nye opplevingar og attraksjonar som kan marknadsførast som ein del av Fjord Norge, og lokka utanlandske turistar til Fitjar.

Både enkeltbedrifter og Fitjar som reisemål skal løftast fram, forklarer Waage Nilsen. Utgangspunktet for arbeidet blir den ferske rapporten som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har laga om næringsutvikling i Fitjarøyane. Der seier grunneigarar og brukarar av øyane at dei ønskjer meir næringsverksemd, og fleire forslag er retta mot turisme. Konklusjonen i rapporten er at eigarane og brukarane sjølv må ta styringa. Det er ein tanke Waage Nilsen støttar fullt og heilt. - Reiselivssatsinga må forankrast lokalt. Rapporten konkluderer med at ein vil etablera eit interesselag for dei som eig og brukar øyane. Me set i første omgang inn eit "geriljateam" som skal få fortgang i denne prosessen. Så får me sjå kva me kan få til av både raske og meir langsiktige grep for å setja Fitjar på kartet, forklarer prosjektleiaren.

Fitjarøyane. Foto: Fylkesmannen i Hordaland
Fitjarøyane. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Ei eksklusiv vare:
Personleg meiner Waage Nilsen det største potensialet i øyane ligg i det unike kystnære landskapet, roa og stilla. Han poengterer at dette er verdiar som ikkje må øydeleggjast gjennom utvikling av reiselivsnæringa. - Urørt, ope kulturlandskap er ein knapp ressurs og ei eksklusiv vare, konstaterer prosjektleiaren, som ser overnattingstilbod og opplevingar som det mest nærliggjande å satsa på.

Innovativ Fjordturisme har om lag 10 millionar kroner årleg til rådvelde for dei fire fylka. Vel 1,6 millionar kroner skal nyttast til statsutvikling i Fjord Norge i 2008. Pengane blir brukt til rettleiing og marknadsføring. Direkte støtte til personar og bedrifter som vil starta nye turisttilbod, deler dei ikkje ut.

- Det finst ei mengd offentlege tilskotsordningar knytt opp mot landbruk og forretningsutvikling. Me skal vera ein døropnar inn mot desse tilskotsordningane, forklarer Waage Nilsen. Han oppfordrar folk som rugar på gode idear for Fitjarøyane til å koma seg kjapt ut av skapet. Tida er mogen, fastslår prosjektleiaren.

Maien Koppang, grunneigar og medlem i gruppa som har arbeidd med næringsutvikling i Fitjarøyane, stiller seg bak oppfordringa. - Når det no blir eit slikt fokus på øyane, må folk gripa sjansen, meiner ho. 

- Veldig bra at Innovativ Fjordturisme involverer seg. Dette kan bety mykje. Her har me ein unik sjanse til vidare utvikling av Fitjarøyane, supplerer bondelagsleiar Reidar Kloster og sauebonde John Inge Vik, som også har delteke i næringsprosjektet for øyane.

Vil skipa interesselag for øyane:
Ei prosjektgruppe underlagt Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har det siste året kartlagd næringsaktiviteten og bruken av Fitjarøyane. Målet har vore å sjå om det finst grunnlag for meir næringsverksemd, som kan vitalisera øyane og bidra til å ta vare på kulturlandskapet. Konklusjonen i rapporten er at det er mogleg å nytta øyane til næringsverksemd i mykje større omfang enn i dag. Men skal det skje noko, må eigarar og brukarar organisera seg. Styringsgruppa rår difor til at det blir skipa eit interesselag for Fitjarøyane som kan samarbeida om blåsa nytt liv i øyane. Eit slikt organ kan fungera som talerøyr for grunneigarane og brukarane når dei er i kontakt med offentlege instansar. Første steg i retning av eit interesselag, blir å få tak i ein prosjektleiar som kan stabla organisasjonen på beina.

- Styringsgruppa vil også rå Fylkesmannen til å peika ut Fitjarøyane som eitt av fleire utvalde kulturlandskap i Hordaland som får særskild forvaltning, forklarte prosjektleiar Aase Nøttveit frå landbruks- og miljøkontoret då ho presenterte forprosjektet for representantar frå Fitjar kommune, Fylkesmannen, fylket, SNU og Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Rapporten om Fitjarøyane fortel at nesten alle som allereie driv næringsverksemd kan tenkja seg å utvida aktiviteten. Prosjektgruppa har fått mange innspel om nye næringsvegar som kan vera aktuelle. Transport, oppsyn, vedlikehald, skjeloppdrett, øyhopping, sportsfiske, sjøsafari og museum med sommarbutikk er nokre av forslaga. I forprosjektet blir det ikkje teke stilling til kva som kan vera verdt å satsa på.

- Det har kome fram mange gode idear, men me i styringsgruppa vil ikkje framheva enkelte av dei. Me ønskjer at grunneigarane og brukarane av øyane sjølv skal koma med forslaga og ta tak i desse, forklarer grunneigar og sauebonde Bård Inge Sørfonn. - Det er viktig at folk får bestemma sjølv, og ikkje føler at vedtak blir tredd ned over øyro deira, supplerer sauebonde John Inge Vik. Austevollingen meiner øyane har stort potensial for næringsverksemd. - Men me treng eldsjeler og folk med vyar for å få til noko. Eg trur det står og fell på om me får ein leiar for eit interesselag som har tru på øyane, og som kan dra i gang nye næringsprosjekt, tenkjer Vik.

Tranportselskap i utviklarroller

Tide Reiser AS sitt initiativ om buss- og båtpakke frå Bergen knytt til turvandring frå Hamlagrø til Botnen i Fyksesund vart tildelt utviklingsstipend etter Møteplass Reiseliv – Hordaland i Rosendal 9.-10. april. Samstundes har selskapet tilpassa sitt Fjordcruise i Hardangerfjorden og sel lokale varer og tenester.

Arrangørane av Møteplass Reiseliv - Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen si landbruksavdeling, lyste i samband med det nye arrangementet ut eit lite utviklingsstipend knytt til konferansen og diskusjonar og idear derifrå, og er godt nøgde med omfanget og breidda i responsen. Mellom dei innsende forslaga  var det skarp konkurranse med alt frå små einskildetablerarar til store attraksjonar.

Juryen fann at potensialet i at store aktørar som Tide er aktive og leitar opp gode ruter og søkjer å realisere desse med dei ressursane dei har, kanskje er den beste måten å få små aktørar og lokalsamfunn i distrikta knytt til eit større og betalingsviljug publikum. 

I år har dessutan Tide utvida Hardangerruta si med stopp i den flotte kulturlandskapsbygda Herand, med mogleik for å booke sykkel til tur mellom Utne og Herand på Tide sine nettsider.

Etter gjesteundersøkingar frå 2007 har Tide óg vald å auka kvaliteten på serveringstilbodet på fjordcruiset, ved samarbeid med lokale leverandørar gjennom Hardangermeny, for å kunne tilby lokal mat ombord på M/S Vøringen. På årets første tur kunne gjestene leske seg med deilig eplesaft og sider frå Hardanger, og smaka paiar fylt med epler frå Steinstø, laks frå Hardanger Akvasenter og med kjøt frå Botnen laga på Fykse. I tillegg byr kiosken på spanande smaksopplevingar frå Hardanger på krukker og glas frå mellom andre Nøring ANS og Lutro in Vitro. Utover sesongen vil det óg verta seld fersk frukt ombord.

Iberiaskogsnigelkonferanse

Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen opna nasjonal iberiaskogsnigelkonferanse i Bergen 24. april ved å brette opp armane og foreslå en nasjonal dugnad mot iberiaskogsigelen. No er ein nasjonal kamp mot iberiaskogsnigelen offisielt opna.

Herand fekk regional kulturlandskapspris

Herand bygdelag i Jondal kommune vann den regionale kulturlandskapsprisen for 2008 og er Hordaland sin kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen. 

Kulturlandskapsgruppa i Hordaland lyste ut prisen til kommunar og organisasjonar i fylket, og vi fekk inn 14 kandidatar. Kulturlandskapsgruppa fatta vedtak om at Herand bygdelag er vinnaren av den regionale kulturlandskapsprisen. Det er valt ut som Hordaland sin kandidat til den nasjonale prisen. Morken gardane i Radøy kommune vart nominert til 2. pris, og Odd Arne Espeland frå Jondal kommune fekk Kulturlandskapsgruppas heiderspris for sin mangeårige innsats for å fremje tradisjonell støling og verneverdige storferasar

       Herad i Hordaland. Foto: Svein Pette Kveim
Kulturlandskap i Herad i Hordaland. Foto: Svein Pette Kveim