Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 3/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordadland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om Landskapsparkar i Hordaland.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordadland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om Landskapsparkar i Hordaland.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Landskapsparkar i Hordaland

Prosjektet ”Landskapsparkar i Hordaland” starta i 2006 opp med at 7 bygder vart valt ut som pilotområder.

Den formelle prosessen kom i gang med at bygdene eller kommunane måtte søkje om opptak i prosjektet. Nokre områder måtte prioriterast og styret for prosjektet valde blant søkjarane dei som hadde beste føresetnader for å kunne lukkast med arbeidet. Ein viktig føresetnad i denne samanheng var at bygda allereie hadde vore involvert i andre landskaps- eller næringsutviklande prosjekt. I tillegg la styret vekt på at minstekrav til ei lokal organisering vart oppfylt. At blant pilotområda er 4 vinnarar av den regionale kulturlandskapsprisen og ein nasjonal kulturlandskapspris fortel mykje om landskapskvalitetane hjå prosjektdeltakarane. Men sjølvsagt er bygdefolket den viktigaste ressursen i prosjektet. Den positivismen for og det store engasjementet i prosjektet gjer at Landskapsparkane har vore med på å nå følgjande resultatmåla i den første prosjektperioden.


Tide Reiser i Herand 2008. Foto: Dirk Kohlmann

Det er denne uformelle prosessen i bygdene som tar tid og som er langt frå å vere avslutta. Prosjektet sin grunnfilosofi er at tenkinga og gjennomføringa skal skje etter ”bottom up”-prinsippet. Bygdefolket sjølv må ynskje velkomen nye tankar og ny felles utvikling i området, skal vi kunne drømme om å realisere regionale parkar à la dei vi kan besøke i andre europeiske land. Alle offentlege midlar er til liten nytte viss ikkje ein stor tanke om felles framgang og samhald i bygdene vert fødd, som kan avla fram gode idear og prosjekt. Landskapsparkane skal vere ein slik tanke som samlar folket rundt bordet til idédugnad om ny nærings- og bygdeutvikling. Dei må lage strategiar for å overleve eller for å vise seg som ein god plass å bu og for å ta eit tak for fellesskapet og for den enkelte i bygda. Mange små suksesshistorier vert til ei ny side i bygdeboka.

Følgjande Landskapsparkar er etablert:

  • Fyksesund Landskapspark
  • Herand Landskapspark
  • Landskapsparken i Vikebygdkrinsen
  • Myrkdalen Landskapspark
  • Stalheim Landskapspark
  • Sæbø Landskaspark
  • Åkrafjorden Landskapspark


Mykje har skjedd i løpet av sumaren 2008. Det vart arrangert Verdsarvhelg på Stalheim med Streif-vandring til Sivle gard og motbakkeløp Stalheimskleiva Opp, ein magisk Operakveld i Landskapsparken på Sæbø, lanseringar av nye turpakkar i Åkrafjorden og ikkje minst eit positivt driftsresultat for Åkrafjorden Oppleving AS, sykkelturisme i Herand - eit samarbeid med Tide Reiser AS, Streif og marknadsdagar i Myrkdalen, nye nettsider for Fykesund og Sæbø. Det må også nemnast at Herand fekk den nasjonale kulturlandskapsprisen 2008, noko som vart markert i Oslo og i Herand med eit Landskapspark-seminar og ein stor bygdefest.

Kontakt:
Prosjektleiar ”Landskapsparkar” Dirk Kohlmann, [email protected], tlf. 41 29 65 50.

 

Unge, Bygda og Landbruket - eit prosjekt om rekruttering til og verdiskaping i landbruket i Hordaland

Over lang tid har landbruket og bygdene gitt frå seg, eller tapt, befolkningsressursar. Jamt og trutt har andre næringar og meir tettbudde strok vorte meir tiltrekkjande og gitt langt betre økonomisk utkome. Når unge forsvinn frå landbruksnæringa og bygda, er konsekvensane store, særleg når dette rammar dei mest sårbare regionane. Sidan år 2000 har t.d. tal gardsbruk i drift i Hordaland gått ned frå ca 5500 til 3300. Samsundes viser undersøkingar at relativt fleire odelsberettiga på Vestlandet er negative til overtaking enn i dei andre landsdelane våre. Bygdene og landbruket i Hordaland står dermed framfor ei særleg utfordring - ei rekrutteringsutfordring som handlar om å stimulera og motivera unge til å ville busetje seg på bygda og satse si framtid i landbruket. 

På denne bakgrunn har Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, med støtte frå sentrale bygdeutviklingsmidlar, drege i gang ei større satsing knytt til motivering, stimulering og oppfølging av ung i og i tilknyting til landbruket.

Den overordna målsetjinga med prosjekter er å:

  • Stimulere til rekruttering til landbruksnæringa gjennom målretta satsing på å endra dei haldningane unge har til ei framtid i landbruksnæringa og på bygda.
  • Legge til rette for og skape arenaer for nettverksbygging, motivasjon,  kunnskapsformidling, positivitet og identitet
  • Motivere dei unge generelt og jenter spesielt til etablerarverksemd innan landbruks- og bygderelaterte næringar. 
  • Bevisstgjere unge om bygda sitt mangfald av moglegheiter.

Målgruppa for prosjektet er unge som ynskjer å bu på bygda og verta rekruttert inn i landbruket, unge som sit på odel til landbrukseigedomar og unge vaksne som nyleg har overteke gardsbruk

Lokale pilotprosjekt
I disse dagar pågår intensivt idéutviklingsarbeid i tre utvalte pilotprosjekt i fylket. I Frølandsdalen i Samnanger kommune er unge eldsjeler i gang med nettverksbygging og samarbeid, både for å støtte opp under tradisjonell drift og for å auka det framtidige inntektsgrunnlaget gjennom inn på tunet verksemd, lokal mat, reiseliv og synleggjering av uutnytta turstiar og fjellområder. Samstundes har den nedlagte grendaskulen fått nytt liv og vert flittig nytta til samlande og inspirerande aktivitetar.  

I Åkra/Baugstranda i Kvinnherad kommune sit dei litt i tenkeboksen, men i tett dialog mellom fleire bygdelag, 4H og den kommunale landbruksetaten er dei i gang med å utvikle strategiar og tiltak som bl.a. kan bevisstgjera unge om at relativt isolerte bygde- og landbrukssamfunn er del av den regionale omverda. Samstundes er dei tydelege på at det lokalt og ”der ute” finst uutnytta menneskelege og naturgitte ressursar som kan skape nye og framtidige inntektsvegar.

Vikøy og Øystese bondelag saman med landbruksetaten i  Kvam kommune, er òg i full sving med å utvikle ein tiltakspakke og skape møteplassar for unge som nyleg har overteke eller har tankar om å overta gardsbruk.  Unge bønder i lokalmiljøet har og blitt del av Innovasjon Noreg/Hordaland sitt mentorprosjekt for unge etablerarar. 

Når dei tre pilotane kjem i gang, vil det og verta utvikla eit prosjekt retta spesifikt mot unge i kystlandbruket.

Fylkeskonferanse
Som del av prosjektet ”Unge, bygda og landbruket” har FMLA i Hordaland oppretta nært samarbeid med Noregs Bygdeungdomslag (NBU) og deira prosjekt ”Nå er det min tur - et prosjekt for likestilling og rekruttering i landbruket.” 23. - 24. januar 2009 vil FMLA saman med NBU, bondelaget og småbrukarlaget arrangere ein fylkeskonferanse.  Konferansen har fått tittelen ”No e’ da min tur - ei framtid på bygda og i landbruket” og vil finna stad på Hardangerfjord Hotell i Øystese. 

Kontakt:
Rådgjevar Eli Janette Fosso,  [email protected], tlf. 55 57 21 83.

 

Matfestivalen i Bergen, Bønder i Byd`n 2008

Matfestivalen i Bergen ”Bønder i Byd`n” var på Bryggen i Bergen frå fredag 12.til søndag 14. september i strålande vær, og med over 80 000 besøkande. Desse fordelte seg på over 80 salsbodar. Matvareprodusentane var frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Utstillarane har meldt tilbake att dette var ”all time high” Fleire av utstillarane selde seg tomme for varer, men folk heldt ut til salsbodane stengde kl 1600 om sundagen.

Matfestival 2008. Foto: Gunnar Nagel Dahl
Matfestival 2008. Foto: Gunnar Nagel Dahl

Produksjon av mat i Hordaland er mangfaldig. Det er få regionar i landet som kan vise til så mange matvareprodusentar og produktvariasjon, som Hordaland. Marknadstilgangen for dei som produserar matvarer er opna og det er i dag stor underdekning av varer både til daglegvaremarknaden og restaurantnæringa. Fleire av produsentane har inngått direkte avtalar med store kundar. Grossistane har og sett moglegheiter i denne marknaden og har laga ein eigen varekategori for småskalamatprodukt. Nokre butikkar har laga eigne ”mattorg” der matvareprdusentane får god eksponering.
Etterspurnad etter lokal og regional mat er framleis ein sterkt veksande forbrukartrend, og kvaliteten på maten må synleggjerast og historiene forteljast. Dette kom tydeleg fram på dei tre dagane festivalen varte. Mat kan brukast som ein sterk identitetsskapar, dette vart understreka med Bryggen i Bergen som ei fin kulisse og arena for Bergen Matfestival 2008

Den beste maten i Hordaland blei kåra på Matfestivalen i Bergen på sundag. I kategorien råvare sjø gjekk ”Østers frå Bømlo”, representert ved Bømlo Skjell AS heilt til topps. Vinnarar i klassen råvare land blei ”Lynghonning frå Øygarden” og i klassen produkt vann ”Grov kjøttpølse” (Sundepølsa). Dei tre vil no representera Hordaland i landsfinalen  i Stavanger 30. oktober.

I tillegg vart det heiderleg omtale av Myrane Gardsmat, ytrefilet av vestlandsk fjordfe, og Turid Alices eplemakeri for tørka eigenproduserte eple.

     Matfestival 2008. Foto: Gunnar Nagel Dahl
Matfestival 2008. Foto: Gunnar Nagel Dahl


Kåringa er ein del av ”Det norske måltid” som skal synleggjera, auke bevisstheit og stoltheit hos produsent og forbrukar. Målet er å synleggjere lokale og regionale råvarer for å styrkja primærnæringane og foredlingsbedriftene innan matproduksjon. Råvareproduksjon er forankra i sterke lokalsamfunn, i ein forbrukarmarknad som meir og meir etterspør spesial- og kvalitetsprodukt med lokalt og regionalt opphav.

 

Prosjekt Småkraft i Hordaland i avslutningsfasen

120 potensielle, håpefulle kraftverksdirektørar har vore innom Prosjekt Småkraft i Hordaland for å søkja om midlar til å greia ut om bekken deira er ein gullbekk eller berre den bekken han alltid har vore. Til glede for nokre og sorg for andre, er resultata høgst varierande. Mange vassdrag vil gje god og varig verdiskaping til bygdene, men mykje vatn kjem framleis til å ”renna bortkasta i havet” som ein gamal kraftsosialist sa. Prosjektet er 3-årig og vert avslutta til nyttår.

Prosjekt Småkraft i Hordaland er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga og Hordaland fylkeskommune. Fylket vårt har eit teoretisk potensiale for rimeleg småskala kraftproduksjon på 3,2 TWH og vi trur at det er mogeleg å nytta 1-1,5 TWH i ein 10-års periode.

Bakgrunnen for prosjektet var at mange med stor kapitaltilgang frå andre stader i landet tidleg såg potensiale i Vestlands-elvane og bekkene og ville vera med å dela kaka. Historisk hugsar vi alle skrekkhistoriene frå førre århundreskifte der framsynte personar kjøpte vassrettar for ein slikk og ingenting. Målet vårt er å gjera fallrettseigarane vakne på kva verdiar dei sit på og motivera til utbygging i eigen regi der dette er mogeleg. Det er av stor verdi for bygdene å nytta lokale krefter som konsulentar, entreprenørar, vareleverandørar og finansieringskjelder. Dette i tillegg til at heile overskotet kjem fallrettseigarane til gode.

    Småkraftgenerator. Foto: Ottar Haugen
Småkraftgenerator. Foto: Ottar Haugen

I nokre tilfeller høver det best å alliera seg med eksterne interesser, men det er utruleg mange eldsjeler som sit inne med stor kompetanse og som ved å kjøpa den kompetansen dei ikkje har, no sit som eineeigarar av kraftverka sine. Prosjektet har ved oppsøkjande verksemd og som arrangør av folkemøtar i alle deler av fylket forsøkt å opplysa om aktuelle sider ved ei kraftutbygging, m.a. for å demma opp for risikoscenarioer som vert presentert frå nokre av ”ulvane” ute i marknaden.
Ein viktig del av prosjektet har vore å vera ein nøytral samtalepartnar for potensielle utbyggjarar.

Samarbeid med Miljøvernavdelinga  hjå fylkesmannen har vore positivt.  Felles synfaringar av anlegg saman med dei og NVE i konsesjonssamanheng har gjeve høve til gode innspel om næringsaspektet ved ei evt. utbygging. Vi trur samarbeidet har vore oppdragande for alle partar.

Som eit resultat av prosjektet prøver Samnanger kommune å etablera eit kompetansesenter for utbygging og drift av småkraftanlegg. Kommunen er ein gamal kraftkommune og har anlegg i alle storleikar frå mikrokraftverk og oppover. Og regn har dei normalt nok av.

Kontakt:
Rådgjevar Anders Hassel Stub, tlf. 55 57 21 81.

 

LivOGlyst-Program for lokal utvikling i Hordaland

LivOGlyst-Program for lokal utvikling i Hordaland er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen si landbruksavdeling, Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Sparebanken Vest. Programmet hadde oppstart i 2008 og skal vera eit langsiktig samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Ein grunnpremiss i prosjektet er at det skal det takast likeverdig omsyn til sektorovergripande verdiskaping og entreprenørskap, og til tiltak retta mot sosial mobilisering, nettverksbygging, identitetsskaping trivsel og bulyst.  For å verta tatt opp i livOGlyst programmet må dei medverkande aktørane i lokalsamfunna legge vekt på dette samspelet. 

Interessa for livOGlyst programmet i Hordaland har vore stor. 19 av fylkets kommunar sendte inn prosjektsøknad; alle fulle av gode idear om korleis dei kunne fremma lokal verdiskaping, entreprenørskap, tilhøyrsle og bulyst. I første opptaksrunde vart tre prosjekt valt ut: ”Hålandsdalen kulturbeite” i Fusa kommune, ”Kårbø - ei bygd som vil noko” i Meland kommune og ”Folgefonnslandsbyen Jondal”. Disse prosjekta vil vera del av programmet i tre år. I tillegg fekk fem prosjekt tildelt stimulerings-/utviklingsmidlar for eitt år. 

Alle deltakande prosjekt får tett oppfølging frå ei operativ arbeidsgruppe frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, Hordaland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg. I tillegg tilbyr programmet nettverkssamlingar og kurs. På haustens program står nettverkssamling i Hålandsdalen, med tema ”reiseliv og lokal mat”, coaching kurs i Skånevik og kurs for å læra å utvikle eigne heimesider. I løpet av året vil livOglyst ha ei eige nettside der samarbeidsprogrammet og kvart enkelt deltakarprosjekt vil verta nærare presentert.

For informasjon om livOGlyst-Program for lokal utvikling i Hordaland, ta kontakt med rådgjevar [email protected] eller [email protected]

 

Prosjekt ”Landskap i drift” med ny heimeside

Prosjektet ”Landskap i drift” vil arbeide for eit aktivt drive, mangsidig landbruk. Dette er ein føresetnad for at landskapet kan haldast opent på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapet sin eigen historie.

Prosjektet ”Landskap i drift” er no og representert på webben. Med info frå A til Å vil nettsida vera ein møteplass og ein kommunikasjonsplattform som prosjektdeltakarane vil bruka i samband med arbeidet framover. I prosjektet vert det jobba interdisiplinært, noko som ein kan finna att i menypunkta idéverkstad, rettleiing, arrangement etc. Hovudmålet er å ha eit ope landskap gjennom aktiv drift. Dette vil me òg forankra elles i samfunnet gjennom tverrfagleg samarbeid - noko som gjev prosjektet særpreget sitt!

Heimesida er framleis ung, men den vil snart få mykje påfyll - abonner på nyhendebrev via snøggpost, så er du alltid med på kva som skjer!

 

Tre kan brenne...

Trebygg er utsett for brannfare når nokon er uforsiktige. Det gjeld også for betonghus som kan kollapse når som helst i brannsituasjonar. For moderne hus bygd i tre er derimot brann ingen utfordring. Den 12. september arrangerte Fylkesmannen i Hordaland Bergen Treseminar for sjette gang på rad og diskusjonen handla mest om samarbeid mellom aktørar i byggebransjen.
 
Fleire byer har vedtekne ambisiøse tresatsingar. Det er med andre ord politisk vilje tilstades for å forsere tre i kommande byggeprosjekt. I Bergen må kommunen i åra framover bygge studentbustader, skuler og barnehagar. Dette byr på mange utfordringar men også på mange spennande moglegheiter for å ta i bruk mellom anna tre som det moderne og klimavennlege byggemateriale det er. Byggherrar, leverandørar, arkitektar, rådgjevande ingeniørar og entreprenøren på byggeplassen må samarbeide frå starten av når den moderne trebyen skal realiserast.

Bergen Treseminar har utvikla seg til ein møteplass for den treinteresserte næringa og kommunale sakshandsamarar. Også i år var seminaret ein stor suksess med over 60 frammøtte og god diskusjonar.

Velkomen att neste år!

Kontakt:
Prosjektleiar ”Tre i sentrum” Dirk Kohlmann, [email protected], tlf. 41 29 65 50.

Bergen International Wood Festival - Tre i sentrum. Foto: Dirk Kohlmann
Bergen International Wood Festival - Tre i sentrum. Foto: Dirk Kohlmann