Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

09.01.2008

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder artiklar om mellom anna storstilt satsing på frukt- og bærproduksjon kombinert med kulturlandskap.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder artiklar om mellom anna storstilt satsing på frukt- og bærproduksjon kombinert med kulturlandskap og reiseliv, nytt om matfestivalen i Bergen, prosjekt om landskap i kommunal planlegging, program for lokal utvikling og konferanse om kystskogbruket i Hordaland. 

Samordna nettsatsing
Fylkesmannens landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har lansert ei felles nyhetsteneste på nett. Tiltaket er et ledd i arbeidet med å videreutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil kome ut med eit nettbasert nyhetsbrev i halvåret. Denne gongen er det Rogaland sin tur som skriv om utviklinga i sauenæringa.

__________________________________ 

Storstilt landbruksutvikling i vest

Landbruks- og matdepartementet (LMD) etablerer eit prosjekt for auka satsing innan frukt- og bærproduksjon og kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet, med ei ramme på totalt 15 millionar over 5 år. 

Prosjektet skal bidra til å løyse ut potensialet i og rundt frukt- og bærnæringa i dei områda denne står sterkt, samt utvikle reiselivsprodukt og samarbeid knytt til kulturlandskap. Eit sentralt mål er å kombinere ein profesjonell frukt- og bærproduksjon med nye og eksisterande, attraktive reisemål i regionen. 

Målgruppene for midlane er primært næringsaktørar i landbruket, som gjennom konkrete prosjekt vil bidra til å skape verdfulle, kommersielle opplevingstilbod. Satsinga skal følgje opp intensjonane i LMD-strategien "Ta landet i bruk!". 

Prosjektet skal byggje på eksisterande kunnskap, kompetansemiljø og igongsette, relevante prosjekt, slik som landskapsparksatsinga i Hordaland, arbeidet i verdsarvområda og forskingsprosjekt innan frukt og bær. Hovudretninga i prosjektet skal være å få fram konkrete resultat i form av verdiskaping og næringsaktivitet i prosjektområdet.

Prosjektet kjem som eit resultat av jordbrukstingingane i 2007, og skal femne Hordaland og Sogn og Fjordane fylke, inkludert naturleg tilgrensande område i Møre og Romsdal og Rogaland. Arbeidet skal leiast av fylkesmannen i Sogn og Fjordane. LMD løyver 2 millionar kroner i året under føresetnad av at dette løyser ut 1 million kroner regionalt. Venteleg kan om lag ein tredjepart av aktiviteten hamne i Hordaland. 

    

Landskapsutvikling, epletre. Foto: Victor Jensen, FMLA i Hordaland
Landskapsutvikling, epletre. Foto: Victor Jensen, FMLA i Hordaland

Næringsorganisasjonar og -miljø innan landbruk, reiseliv og frukt- og bærnæring samt kommunar og regionale utviklingspartnarar og relevante kompetansemiljø vil inngå i prosjektet. 

Kontaktpersonar: Ole Bakkebø og Eirik Brynjelsen, Fylkesmannen i Hordaland

Matfestivalen i Bergen - ei suksesshistorie

Matfestivalen i Bergen har festa stillinga si som den viktigaste årlege møteplassen for småskala matprodusentar på vestlandet. I tal på utstillarar, omsetnadsrekord og særs gode tilbakemeldingar frå publikum har Matfestivalen i Bergen kome for å bli. 

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland (FMLA) har i alle år vore med på å mønstra bønder i Hordaland til ei felles markering på vårparten. Vestlandske bondestemne var ei årviss hending heilt fram til slutten av 80-åra. Landbruksavdelinga vidareførte dette med eit arrangement på Torgalmenningen. Seinare kom "Matfestivalen Bønder i Byd`n" i 2001 som eit tre dagars arrangement i september; først på Torgalmenningen og Vågsalmeningen i tre år, og deretter på Bryggen i Bergen dei siste åra. I dei seinare åra har også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vore med som arrangør og utstillar, saman med mange driftige produsentar frå fylket. 

I 2006 gjorde Norsk Institutt for landbruksforsking (NILF) ein studie av Bønder i Byd`n - Bergen matfest 2006. Studien ga viktige innspel til evalueringa av arrangementet. Undersøkinga synte at arrangementet blei sett på som ein stor suksess, både blant utstillarar og publikum. Festivalen oppfylte i sterk grad dei måla landbruksavdelingane hadde for festivalen - nemleg å synleggjera og skapa blest om dei rike matkulturane som finns i dei to fylka, og å synleggjera landbruket som ein viktig kultur- og tredisjonsberar. Festivalen ser no ut til å vera godt institusjonalisert som eit årvisst arrangement som publikum og utstillarar ser fram imot. Synleggjering og fremjing av eit multifunksjonelt landbruk står høgt oppe på agendaen til Landbruks- og matdepartementet og blant fagorganisasjonane. Fylkesmennene i Hordaland og i Sogn og Fjordane har gjennom denne festivalen vist eit døme på korleis ein festival kan vera med å bidra.

Bergen matfestival 2007 var ei samanslåing av tre arrangement, «Bønder i Byd`n», «Stocca fisso», og «Sjømat for alle». Arrangørane har tidlegare lagt opp til noko ulike profilar. «Stocca fisso» har vore ei informasjonsmesse om den historiske tørrfiskeksporten frå Noreg til Europa, med smaksprøver på kva tørrfisk kan brukast til i Italia. For «Sjømat for alle» har opplysningsaspektet vore viktigast. Ein ønskjer å fremja sjømat som eit sunt alternativ. «Bønder i Byd`n» er i hovudsak ei salsmesse av landbruksprodukt frå Hordaland og Sogn og Fjordane, med innslag av informasjonsbuer og aktivitetar.

I 2007 har NILF på nytt gjort ein studie (evaluering) av festivalen. Eit spørjeskjema vart sendt til utstillarane etter at dei var komne heim og fått gjort seg opp nokre tankar om arrangementet. Hovudinntrykket er at utstillarane er veldig godt nøgde med Bergen matfestival 2007. Av dei 27 utstillarane som svara, var seks med for første gang, resten hadde vore med før. 

Eit overveldande fleirtal, 84 prosent, av publikum som svara i undersøkinga, svara «ja, absolutt!» på om dei ville koma attende på festivalen. Utanom ein person, svara resten «ja, truleg». Svarprosenten som svara «ja, absolutt!» var noko høgare i fjor – 91 mot 84 prosent. Dei fleste kommentarane som gjekk i negativ lei under arrangementet i 2007, omhandla det dårlege vêret . 

Matfestivalen er eit viktig utstillingsvindauge for mange småskalaprodusentar av mat i distriktet. Festivalen er viktig for salet for enkeltutstillarane og endå viktigare for den samla profileringa av tradisjonsmat. 

Når det gjeld festivalen som treffpunkt mellom produsentar og erfaringsutveksling for vidare arbeid i verksemda, svara to tredelar at festivalen var viktig eller svært viktig som møteplass. Dette er ei av hovudmålsetjingane for arrangørane; at festivalen skal bidra til å skape nettverk og til profesjonalisering av småskalaprodusentar. 

Noko av det spekteret ein kan få oppleva på Matfestivalen, er lokale variantar av utanlandske varer. Det er heilt i tråd med ein av intensjonane med arrangementet, nemleg å syna at ein også kan nytta lokale råvarer til å laga meir eksotiske rettar. At ein ikkje nødvendigvis treng å laga pinnekjøtt av saueribba, men også kan laga lammecarré, eller at det ikkje må lagast brunost av geitemelka, men at det også kan lagast italienskinspirerte ostar som parmesan og peccorino. Intensjonen med arrangementet er ikkje berre å ta fram igjen og synleggjera tradisjonelle råvarer og foredlingsmetodar, men også å synleggjera nye. 

Det er viktig å få fram spennvidda, at matkulturen framleis er levande og i utvikling, og at det finns andre variantar enn dei ein finn i produktspekteret til dei store industrielle foredlarane.  

Fakta om Bergen Matfestival:

  • Arrangør: Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga.
  • 114 utstillarar frå Hordaland, Sogn og Fjordane.
  • Omsetning totalt for alle utstillarar: ca 3,5 mill.
  • Noregs største matfestival for småskalamatprodusentar.
  • Ca 500 ulike eigenproduserte matvareprodukt.
  • 800 kvm utstillerboder (200 meter x 4meter)
  • 60-70 000 besøkande

  • Meir om matfestivalen i Bergen 

Prosjekt ”Landskap i drift”

Landskap i drift - eit aktivt dreve, mangesidig landbruk vil brukast til å holde landskapet ope på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapet si eiga historie.

I prosjektet skal det sjåast nærare på utfordringane knytt til å vedlikehalde kulturlandskapet i alle deler av Hordaland. Prosjektet har si grunngjeving både i regionalt Næringsforum sitt programdokument for 2007, i sentrale landbruksstyringsmakter sitt styringsdokument og i resultat frå tidligare beiteprosjekt i regi av fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland. Prosjektet er eit RUP-prosjekt (Regionalt utviklingsprogram).

Kyr på beite - prosjenk landskap i drift. Foto: Victor Jensen, FMLA Hordaland
Kyr på beite - prosjekt landskap i drift. Foto: Victor Jensen, FMLA Hordaland

Ikkje minst skal prosjektet finne gjenklang hos forbrukarar og landbruksnæringa, sidan landbruket med sin næringsaktivitet skal sørgje for produksjon av kjøt og landskap, mens forbrukaren skal gje lønnsemd i næringa.

Hovudmålet; å ha eit ope landskap gjennom aktiv drift skal vi nå gjennom ulike former for satsing mot enkeltbruk og samarbeid mellom grunneigarar, og ved å utvikle modeller for drift og skjøtsel, økonomiske støttetiltak og kompetanseheving.

Gjengroing er et ”voksande” problem som må takast frå fleire sider. Med fire delmål vil prosjektet mellom anna utvide beiteområde ved å redusere nokre av dei ulempene som eigedomsstrukturen i Hordaland fører med seg i dag. Fleire synergieffektar for bønder og dyrehald kan forventast frå tidligare prosjekter! 

Det er viktig å stimulere til drift på eksisterande bruk og ny drift i nye eller sovande bruk, både innan sau,- storfe og geitehald. Fleire beitedyr er viktig; både for å tilfredsstille behovet for meir kjøt og for skjøtsel av landskapet.

Kompetanseoppbygging er eit viktig delmål for å få fleire interesserte og flinke bønder som viktige skaparar av kulturlandskap. Samtidig skaper kunnskap meir aksept hos forbrukarar og hos næringa, ikkje minst nye interesserte aktørar og miljø i samfunnet som kan nytte seg av muligheitene (friluftsliv, næring, sosial, helse etc.) som ligger innan kulturlandskap. 

Prosjektet vil bli knytt mot fleire næringsprosjekt i fylket. Prosjektet skal ha fokus på entreprenørverksemd, og stimulere til nye metodar og nye, alternative produksjonar. Dei nye produkta kan og være tenester.

Vi vil lage ei arbeidsgruppe i prosjektet med representantar frå kommunar, rådgivingsteneste, faglag, representantar frå næringa, frå reiseliv og grunneigarar. Med ønske om å knytte prosjektet til fleire områdar innan landbruket ber vi om innspel til prosjektet.

Ta kontakt med prosjektleiar Bastian Hoffmann [email protected] Tlf: 55 57 21 47.

Nasjonalt pilotprosjekt knytt opp mot landskap - prosjekt landskap i kommunal planlegging

Miljøverndepartementet har invitert Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland til å arbeide med iverksetjing av landskapskonvensjonen gjennom kommunal planlegging. Kommunane har ei nøkkelrolle i forvaltninga av det norske landskapet gjennom plan- og bygningslova. Det er difor nødvendig med kommunal politikk og planlegging for å nå nasjonale mål om implementering av landskapskonvensjonen. Fylkeskommunen og Fylkesmannen samarbeidar med kommunane Granvin, Lindås, Samnanger og Sund om prosjektet. 

Prosjektet starta opp i 2007 og skal gå ut 2009. 3 av dei fire kommunane har no gjennomført landskapsanalysar. Den 31. november inviterte Prosjektet Landskap i kommunal planlegging til samling på Marsteinen hotell.  Temaet for dagen var valt ut i frå det arbeidet som har pågått i kommunane dei siste månadene; mellom anna  landskapsanalysane. Interessa for fagsamlinga var svært stor både i kommunane, på regionalt nivå og i fagmiljøa. Dagen opna for erfaringsutveksling om metodar og utfordringar som ligg i arbeidet med landskapsanalysar. Fagdagen tok i tillegg sikte på å auke kontakten mellom miljøa i fylket og på nasjonalt nivå som har fokus på landskap og landskapsplanlegging. 

Landskapsparkar-logo 

Landskapsparkar i Hordaland - ny definisjon av berekraftig nærings- og bygdeutvikling

Om prosjektet:
”Landskapsparkar i Hordaland” er eit pilotprosjekt for berekraftig næringsutvikling som krev nytenking og vilje til forandring.

Prosjektet ”Landskapsparkar i Hordaland” vil skape ny aktivitet i bygdene. Sjølvsagt tek prosjektet med seg vidare alle dei gode vellukka satsingane i fylket, som til dømes Streif, ”Trivselsgrenda” eller ”Tradisjonsmat”.

I Noreg er landskapsparkar som næringsutviklingssone nærast ukjent. Men landskapsparkar er ein spennande visjon. Dei skal bli ein flott bu- og arbeidsstad for innbyggarane, dei vil samla store og mindre store næringsaktørar med kvalitetsstempel, dei er reisemål for urbane, men miljøbevisste sjeler, og dei vil vere prega av stadig innovasjon og nytenking. Eit idealbilde? Sjølvsagt, men aktørane i prosjektområdet, det offentlege og dei som ynskjer utvikling i staden for stillstand kan jobbe seg framover steg for steg.

Sju bygder i seks kommunar er valt ut til å delta i verdiskapingsprogrammet for utvikling av "Landskapsparkar i Hordaland".

Landskapspark er ikkje ei ny form for verneområde, nærare ei utviklingssone, eit modellområde for ny landbrukspolitikk og politikk elles. Korleis kan vi halde liv i gardane, skape ein attraktiv buplass for dei unge, ein triveleg arbeidsplass og korleis forme ei bygd som folk er stolt av? Landskapsparken skal utviklast i tråd med folket sine ynskjer. Berekraftprinsipp og tiltak som tek vare på grunnlagsverdiane, t.d. landskapet med bygda i midten, skal definerast av bygdefolket og ha lokal forankring og støtte. Lover og forskrifter gjeld som før men innanfor denne ramma er det moglegheiter for kreativitet og samhandling. Vi må sjå moglegheiter og ikkje berre skrankar. Ein kan lese meir om nytenking og nye næringar i landbruket i boka ”Våronn med nye muligheter”, utgjeve av Fagbokforlaget.

Kva er ein Landskapspark?

  • Landskapsparkar er område der ressursane og verdiane i natur- og kulturlandskapet er det viktigaste grunnlaget for å utvikle eksisterande og ny bærekraftig næringsverksemd. Utviklinga skal organiserast, eigast og styrast lokalt etter gjevne rammevilkår og omforent lokalt partnarskap.
  • Landskapsparkar er områder som er naturleg eller historisk avgrensa som følgje av landskapsutforming, fjordar, fjell og tettstader. Landskapspark er eit identitetsområde der befolkninga oppfattar naturleg samanheng mellom seg, landskap, næring, tradisjonar, kultur og framtidig utvikling.
  • Alle aktørar deltek på frivillig basis, men forpliktar seg til å underordne seg dei kriteria som er laga for konseptet både regionalt og i den lokal Landskapsparken. Geoturisme skal vere eit berande omgrep for all verksemd i Landskapsparkane. Landskapsparkar er områder der deltakarar i felles prosesser med eksisterande næringsutvikling ynskjer landskapsutvikling, -restaurering og -skjøtsel, samt bevaring av natur- og kulturverdiar som grunnlag for vidare næringsutvikling.
     

Døme frå prosjektåret 2007:
I 2007 har alle Landskapsparkar lagt ned mykje arbeid i å informere og i å forankre ideen om prosjektet i bygdene sine. Dette er ein omfattande jobb! Eit godt samarbeidsklima må veksa fram skal vi ha tru på å kunne lukkast med nye idear og nye næringar på gardane.

Til dømes vart i 2007 Åkrafjorden Oppleving AS formelt stifta med eigarinteresse frå dei to kommunane i Åkrafjorden - Etne og Kvinnherad kommune - grunneigarar og næringsliv, totalt 16 aksjonærar. Dette var eit resultat av programmet for “Landskapsparkar i Hordaland” og deltakarar i Åkrafjorden Landskapspark. 

Forretningsideen er å dekke eit behov i reiselivsmarknaden for å pakke, profilere og selje aktivitets- og opplevingsprodukt med ein bestemt kvalitet. Virkeområde for produktpakking er i natur- og kulturlandskapet i Åkrafjorden og kring Etne og Kvinnherad Kommune retta mot internasjonal og nasjonal reiselivsmarknad.

I løpet av 2 sommarmånader booka ca. 600 gjester ein tur til Åkrafjorden, noko som kan merkast i dei lokale kassaapparata, til dømes ved sal av lokalmatprodukt. Noko av inntekta går til eit landskapsfond med føremål ivaretaking av landskapet. Dette er landskapsparktenking på sitt beste!  

livOGlyst - program for lokal utvikling i Hordaland

Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si Landbruksavdeling, Innovasjon Norge-Hordaland og Sparebanken Vest vil gjennom programmet livOGlyst samarbeide for å stimulere lokal utviklingskraft i lokalsamfunn på ein systematisk og langsiktig måte. Ein ynskjer å stimulere til engasjement og initiativ for utvikling i eige lokalsamfunn.

 
livOGlyst-logo

Bygder, tettstader, ein småby eller eit strok i ein større by, alle stader er unike. Likevel kan det vere fellesnemnarar for gode utviklingsprosessar som gjer det interessant å hente inspirasjon hos kvarandre både når det gjeld fysisk tilrettelegging i nærmiljøet, styrking av identitet eller næringsutvikling og mobilisering for nyskaping. Som bakgrunn for utforming av programmet ligg fleire år med utviklingsprosjekt, faglege utgreiingar og samrådingsmøte.

Basert på erfaringar skal programmet ha følgjande hovudprinsipp:

  • Langsiktig og tilrekneleg satsing for utvikling i lokalsamfunn.
  • Stimulere til engasjement og initiativ for utvikling i eige lokalsamfunn (”Bottom-up”)
  • Læring og erfaringsutveksling med andre lokalsamfunn lokalt, på fylkesnivå eller nasjonalt/internasjonalt.
  • Ungdom må vere ein sentral aktør i arbeidet.
  • Samhandling mellom ulike aktørar, lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Kommunane må delta aktivt.
  • Satse både i distrikt og bymiljø

Programmet vil vere med å realisere det prioriterte innsatsområdet i Regionalt utviklingsprogram ”Livskraftige lokalsamfunn”. Programmet skal vere ei langsiktig satsing. Dersom evalueringa tilseier det, er tanken å halde fram programmet etter 2010 slik at læringsprosessen held fram og bygdene får eit oversiktleg tilbod utover ulike prosjektperiodar.

Målsetjinga er å:

  1. Auka trivsel og bulyst i Hordaland
  2. Styrka lokal entreprenørskap

Sluttkonferanse i prosjekt Kystskogbruket i Bergen 30. og 31. januar 2008

Den 30. og 31. januar er det sluttkonferanse i Bergen for prosjekt Kystskogbruket. Prosjektet har omfatta heile skognæringa og skogindustrien i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Ein vil gjennom arbeidet med prosjektet få synleggjort det store verdiskapingspotensialet skognæringa utgjer i desse fylka.

Det skal utviklast mål og strategiar for å få fram dette potensialet. Resultatet av prosjektet vert samla i ei eiga melding som  vert overlevert oppdragsgjevarane Vestlandsrådet, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Landsdelsutvalget for Nord-Norge og Nord-Trøndelag. Dette vil skje i Bergen 30. og 31. januar, og oppdragsgjevarane, skognæringa i kystfylka, sentrale aktørar i skognæringa og andre interesserte er inviterte til sluttkonferansen. 

Ved konferansestart vert meldinga om Kystskogbruket presentert og overlevert oppdragsgjevarane. Resten av dagen vert vigd til regionalpolitiske innlegg og debatt om dei moglegheiter og utfordringar denne meldinga gjev for verdiskaping basert på skogressursane langs kysten. Dag nummer to går ein nærare inn på ressurspolitiske utfordringar som marknad for skog og treprodukt, skog og klima, tiltak for auka uttak av skog, framtidig forvalting av skogane langs kysten samt skogen i eit samfunnsperspektiv.

   

Matfestival i Bergen. Foto: Victor Jensen, FMLA i Hordaland
Matfestival i Bergen. Foto: Victor Jensen, FMLA i Hordaland

Konferansen vert halden på SAS Radisson Hotell Norge onsdag 30. januar 2008 frå kl 13.00 (lunsj frå kl 12.00) og vert avslutta kl 13.00 torsdag 31. januar med lunsj. Det er mogeleg å delta begge dagar eller berre ein av dagane. Velkomen til nyttige og spanande dagar i Bergen!