Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld blant anna artiklar om det største trehuset i massivtre i Norden og om Ryfylkevegen som Nasjonal Turistveg.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld blant anna artiklar om det største trehuset i massivtre i Norden og om Ryfylkevegen som Nasjonal Turistveg.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Nordens største trehus i massivtre i Stavanger

Ei bustadblokk på fire etasjar i massivtre er under bygging på gamle Stavanger stadion på Egenes. Byggverket skal stå ferdig i løpet av hausten 2008. 

Byggjeprosjektet er eit av dei største byggverka i massivtre i Nord-Europa. Det vil bli plass til 56 husvære, barnehage og symjebasseng. I tilknyting til bustadblokka vil det også bli oppført fleire to-etasjar rekkjehus i massivtre og dessutan eit felleshus for nærmiljøet i sambruk med barnehagen.

Som eit av hovudprosjekta i Norwegian Wood er det sett strenge krav til energisparing. Ei luft-til-vatn-varmepumpe skal saman med eit høgeffektivt ventilasjonssystem stå for delar av oppvarminga.

    Foto: Lars Slåttå
Foto: Lars Slåttå

Massivtrehusprosjektet er utvikla og teikna av HLM arkitektar og plan i Bergen og Onix arkitektar frå Nederland. Moelven Massivtre og Moelven Limtre har levert trevirket til prosjektet.

Egenes Park har hausta mange lovord frå Stavanger-politikarane. Prosjektet er heilt i tråd med intensjonane i Norwegian Wood, nemleg å bidra til å utvikla eit moderne og miljørett byggjeri. Samstundes skal det vera fokus på universell utforming og energiøkonomisering.

Norwegian Wood er eit av dei sentrale delprosjekta i Stavanger 2008 - kulturhovudstadsåret, og det skal ha fokus på miljø, energi og trebruk. Innafor desse hovudområda er det definert klare kvalitetskrav som må etterlevast om byggjeprosjekt skal kunna vera ein del av Norwegian Wood.

Meir informasjon om Egenes Park, massivtre og Norwegian Wood: 

Ryfylkevegen - Nasjonal Turistveg

I dag er det etablert 5 nasjonale turistvegar i Noreg. I tillegg er det peika ut 13 vegstrekningar som skal utviklast til turistvegar. Ei av desse strekningane er vegstykket frå Oanes i Forsand kommune til Røldal i Odda kommune, kalla Ryfylkevegen. Målet er at dei nasjonale turistvegane skal framstå som eit samla turisttilbod med høg kvalitet.

I tillegg til oppleving av landskapet, som har vore hovudkriteriet for at dei ulike vegstrekningane er plukka ut, håper vegvesenet at turistvegsatsinga skal gi ringverknadar og vere ein katalysator som kan fremje generell verdiskaping og auka satsing på turisme.

For å sikre at prosjektet sitt mål om auka verdiskaping og busetjing vert nådd, har kommunane Odda, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand, Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland ved Landbruksavdelinga starta eit prosjekt kalla ”Næringsprosjektet Nasjonal Turistveg”. Målet med dette prosjektet er å styrkje næringslivet og busetjinga i regionen ved å utvikle attraksjonar, særpreg og identitet.

Ryfylkeveg. Foto: Arne Jostein Lyshol
Ryfylkeveg. Foto: Arne Jostein Lyshol 

I prosjektet vert det arbeidd med fleire ulike tema: næringsutvikling, produktutvikling, produksjon og sal av lokal mat og  å synleggjere og utvikle kulturlandskapet. Når det gjeld synleggjering av kulturlandskap, vert det spesielt arbeidd med å merke og marknadsføre turstiar og synleggjere viktige element i landskapet. 

Det er også gjennomført ein del skogrydding langs delar av vegen for å betre utsynet. Ein del av prosjektet er også å ha fokus på arealforvaltning. Her vert det mellom anna arbeidd med estetikk og ei felles forståing av kva type tiltak som vil kunne verke negativt inn på dei vegfarande si oppleving av landskapet. Vidare vert det arbeidd med marknadsføring og informasjon. 

Det har lenge vore arbeidd med reiseliv og næringsutvikling i Ryfylke. Ei av oppgåvene i prosjektet vil derfor også vere å samordne fleire av prosjekta som alt i gang, slik at Ryfylke samla kan stå fram som eit attraktivt reisemål.

Gjennom Næringsprosjektet Nasjonal Turistveg er det tilsett prosjektleiar i 3 år. Målet er at Ryfylkevegen skal opnast som Nasjonal turistveg i 2011.

Agro Epathways - grunnkurs i agroturisme

8. april var det oppstartskonferanse for eit opplæringsprogram for bønder i gardsturisme. Programmet vil bli ein kombinasjon av nettbasert læring og meir tradisjonelle læremetodar. 

Dette er ein del av eit EU-prosjekt under Leonardoprogrammet, kalla Agro Epathways - Vocational Training for SME Farmers. Rogaland Kurs og Kompetansesenter og Landbruksavdelinga deltar frå Noreg. Det er i alt 6 samarbeidsland: Hellas, Belgia, Irland, Sverige og Romania, utanom Noreg. 

Hovudaktiviteten i prosjektet er å kartleggje behovet for opplæring for ei gruppe bønder og å utvikle kurspakkar for målgruppa.  Desse skal vere nettbaserte, gjerne i kombinasjon med andre og meir tradisjonelle metodar som møte, studieturar osv . Læringsforma blir kalla ”Blended learning”.       

Målgruppa(ene) er avgrensa til

  1. bønder som driv med gardsturisme pr. i dag og
  2. bønder som ønskjer å satse på gardsturisme som attåtnæring /nyetablerarar

Det blei gjennomført ei spørjeundersøking i Rogaland blant 40 bønder innan desse målgruppene (a og b).   

Bøndene/respondentane som allereie var i gang med noko innan gardsturisme, ønska seg opplæring og vidareutdanning i ei rekkje ulike emne. Desse 5 emna stod øvst på ønskelista: Kundebehandling, historieforteljing, prising, E-handel, nettverksbygging. 

Gruppa med nyetablerarar ønska seg og opplæring på mange forskjellige område, og dette kom øvst på deira liste: Grunnleggjande kunnskap om turist- og reiselivsnæringa, grunnleggjande om entreprenørevner, historieforteljing, marknadsføring, kundebehandling. 

Prosjektgruppa har bestemt at det skal utviklast i alt 5 modular/delkurs. To modular skal vere felles for alle landa, tre er valfrie og skal berre utviklast nasjonalt. Dei to felles modulane er:

  1. Grunnkurs i agroturisme - Basic course in agro tourism. 
  2. Marknadsføring/e-handel - Marketing/e-commerce.    

Noreg har fått hovudansvaret for å produsere innhaldet i grunnkurset, medan Belgia har ansvaret for den andre fellesmodulen  ”Marknadsføring/e-handel”. 

Når det gjeld dei modulane som berre skal utviklast nasjonalt, står vi fritt. Desse kan vere ei fordjuping av nokre av dei temaområda som er kapittel i grunnkurset, med vekt på dei tema som blei mest etterspurt i spørjeundersøkinga. 

Innhaldet i fellesmodulane er ferdig, men arbeidet med å oversetje står att. 

Kulinariske Stavanger 08

Det mangfaldige og solide matmiljøet i Rogaland har samla seg om å profilere Stavanger som det kulinariske knutepunktet i Norden.

Tre uavhengige arrangement er samla under paraplyen Kulinariske Stavanger 08:

Bocuse d `Or, Food for the Future og Buffet. Arrangementa går av stabelen 30. juni - 2. juli 2008 i Stavanger Forum. Samtidig blir det arrangert Noregsmeisterskap i kokkekunst, nordisk meisterskap for vinkelnarar og norsk meisterskap i østersopning. Bocuse d`Or Europe sitt Stavangeropplegg var utslagsgivande for at dei andre arrangementa blei flytta til byen.

Bocuse d`Or er verdas mest prestisjefylte og mediafokuserte kokkekonkurranse - og er den uoffisielle verdsmeisterskapen i individuell kokkekunst. Bocuse d`Or Europe står bak planlegginga og gjennomføringa av eit historisk kulinarisk Europameisterskap i Stavanger 1. - 2. juli 2008.

     Kulinariske Stavanger. Foto: Arne Jostein Lyshol
Kulinariske Stavanger.
Foto: Arne Jostein Lyshol

Måla er mellom anna å posisjonere og grunnfeste Stavanger som det kulinariske knutepunktet i Norden. Vidare auke kjennskap til og kunnskap om fysisk kvalitetsoppfatning av sjømat- og landbruksprodukt frå Rogaland. Samstundes er målet å bidra til at Stavangerregionen blir oppfatta som ein spennande turistdestinasjon på grunn av sin matprofil. Lam og laks er plukka ut som hovudråvarer til kokkemeisterskapen.

Food for The Future er ein todagars matfagleg konferanse med internasjonale toppnamn på lista over innleiarar. Berekraft, identitet og trendar vil vere sentrale tema på konferansen. 20 innleiarar frå 10 ulike land deltar på konferansen. Kapasitetar som prof. Richard Scase og dr. Bill Gallagher kjem for å innleie om globale forhold, internasjonale trendar og gastronomiens rolle i eit samfunnsmessig perspektiv. 

Miljø, produksjon og distribusjon i framtida og branding, kvalitet, opphav, sal av regionale og nasjonale produkt, forbrukaråtferd og forsking knytt til framtida sine forbrukarar, er nokre av dei mange tema som vil bli tatt opp på konferansen. 

“Food for the Future” er ein del av det offisielle programmet til Europeisk Kulturhovudstad Stavanger 2008. Den regionale partnarskapen som Fylkesmannen si landbruksavdeling er ein del av, bruker mellom anna  Bygdeutviklingsmidlane til å støtte "Food for the Future" økonomisk . 

Buffet 08 er ei storhushaldsmesse som samlar leiarar og opinionsleiarar frå næringsmiddelindustrien og det gastronomiske miljøet i Europa i ein unik setting rundt årets mest spennande og prestisjetunge kulinariske arrangement. På 7500 kvadratmeter vil nasjonale og internasjonale utstillarar komme i kontakt med den nordiske marknaden og det gastronomiske miljøet i Europa. Buffet 2008 skal inspirere deltakarane på messa og vise fram det nyaste innan faget. 

Kulinariske Stavanger er mellom anna eit resultat av MåltidsARENA-prosjektet. Eit av måla for prosjektet var å tømre saman det matfaglege miljøet, både sjø- og landbasert. Det mest konkrete resultatet av prosjektet, er realiseringa av Måltidets Hus.

Sommaren 2007 fekk Rogaland tildelt statusen Norwegian Center of Expertise - Culinology. NCE-industriell gastronomi er ein viktig del av det faglege innhaldet i Måltidets Hus og ein viktig møteplass for mat- og måltidsnæringa. Så langt er det klart at Tine FoU, Gastronomisk Institutt, Fagforum for Mat og Drikke, Gladmat og Norconserv flyttar inn i Måltidets Hus når det blir ferdigstilt.

Nokre av grunnane til at Stavanger fekk tildelt Bocuse d`Or var Måltidets Hus, det gastronomiske miljøet, Stavanger som Europeisk Kulturhovudstad 08, nærleik til produsentmiljøa og mat-og måltidsklynga sitt langsiktige arbeid. Dette arbeidet spenner frå Mat i strategiske planar, aktive produksjonsmiljø til erfaring frå store matfaglege arrangement som Gladmat og Buffet.

Meir om Kulinariske Stavanger 08:

Rapport om sommarsambeite i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeida ein rapport om sommarsambeite i mjølkeproduksjonen. Føremålet med rapporten er å vise omfanget og praktiseringa av sommarsambeite i Rogaland. Rapporten viser døme på at hjå einskilde føretak skjer storparten av mjølkeproduksjonen i perioden for sommarsamarbeid, noko som ikkje er intensjonen med ordninga.

I rapporten som Fylkesmannen har sendt til Statens landbruks-forvaltning, er det fleire forslag til kva ein bør sjå nærare på. Mellom anna blir det peika på at det gjennom kontroll må vere  mogleg å kunne sjekke at det er reell mjølkeproduksjon på bruket. Eit anna forslag er at alle fjøs med mjølkeproduksjon skal ha moderne mjølkeanlegg installert. Vidare er det forslag om å redusere høve til samarbeid i beitesesongen frå 6 månader i dag til 5 månader, og at dyra som er med i ordninga faktisk må vere på beite og ikkje stå inne.       Kyr på sommerbeite. Foto: FM i Rogaland
Kyr på sommerbeite. Foto: FM i Rogaland

 

I rapporten konkluderer Fylkesmannen med at det må på plass betre regelverk og betre kontrollmogelegheit for å få slutt på misbruket av ordninga. Det blir og peika på at kommunen og Fylkesmannen må få ein sjølvstendig rett og plikt til å vurdere om søkjar driv med mjølkeproduksjon og har rett til produksjonstilskot til mjølkekyr. 

Kompetansegivande studium for tilsette i kommunal landbruksforvaltning

Fylkesmannen i Rogaland har saman med fylkesmennene i Hordaland, Aust-Agder og Vest-Agder utvikla eit modulbasert, kompetansegivande studium for tilsette i kommunal landbruksforvaltning. Kvart kurs/modul vil gi 10 studiepoeng. Dei som gjennomfører alle tre kursa og tek eksamen vil få formell kompetanse innan offentleg landbruksforvaltning på 30 studiepoeng innan fagfelta

  • kulturlandskap
  • landbruksjuridiske emne
  • landbruksbasert næringsutvikling

Studiet i kulturlandskap - ”Forvaltning av kulturlandskap i endring” starta opp tysdag 11. mars med 40 forventningsfulle studentar frå dei fire fylka. 

Tilbakemeldingane i høve til dette kurset har så langt har vore positive. Særleg har det vore positive tilbakemeldingar på at det er deltakarar frå fleire fylke, og at erfaringsutveksling på tvers av fylka har vore nyttig. Dei 40 studentane vil bli samla igjen til ei siste og avsluttande samling i veke 22. Studentane skal i løpet av studiet skrive ei oppgåve relatert til kulturlandskap. Dei fleste studentane har valt å skrive ei oppgåve knyta til arbeidet med kulturlandskap i eigen kommune. Mange kommunar vil difor få ein konkret plan for arbeidet med kulturlandskap i tillegg til fagleg oppdaterte medarbeidarar.            
Universitetslektor Ragnhild Sjurseike frå Universitetet i Stavanger har det faglege ansvaret for kurset.
Foto: FM i Rogaland

Det er no teke opp 35 studentar til kurset i landbruksjuridiske emne som tek til hausten 2008. Dette kurset blir arrangert i samarbeid med Universitetet i Agder. I løpet av 2009 vil vi tilby eit kurs innan landbruksbasert næringsutvikling.

Til toppen