Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om Fylkesmannen sitt arbeid for å få ei meir profesjonell, næringsmessig satsing på hest.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om Fylkesmannen sitt arbeid for å få ei meir profesjonell, næringsmessig satsing på hest.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Hest i næring

Fylkesmannen i Rogaland har sidan 2005 arbeidd for å få ei meir profesjonell, næringsmessig satsing på hest.

Det er gjennomført eit forprosjekt der vi har besøkt gardsbruk som no satsar på hest som næring gjennom utleige av stallboksar, ulike ridetilbod, produksjon og sal av høy osv. Vidare er det i forprosjektet undersøkt kva utviklingsarbeid som er gjort tidlegare i Noreg.

Landbruksavdelinga har på denne bakgrunnen etablert eit tre-årig utviklings- og tilretteleggingsprosjekt, 2007-2009. Prosjektet vil stimulera og motivera bønder til å sjå på hestehald som ei inntektskjelde gjennom utleige av stallplassar, ulike former for riding, produksjon og sal av kvalitetshøy til hest osv. Vidare vil prosjektet arbeida med å fjerna flaskehalsar og leggja til rette for infrastruktur slik at hestehaldet kan gi inntekter for brukarane, og slik at riding og andre aktivitetar med hest kan føregå utan konfliktar med andre brukargrupper.

Ut frå desse målsettingane blir satsingsområda:

  1. Tilrettelegging for hesteriding og opparbeiding av eit variert nett av ridestiar
  2. Motivera  for riding som fritidsaktivitet og terapi
  3. Gjennomføra ein økonomisk analyse av hestebruk og utnytting av eksisterande bygningar til oppstalling av hest
  4. Saman med forsøksringen utarbeida ein dyrkingsmanual for kvalitetshøy til hest samt fokus på hesten som beitedyr og kulturlandskapspleiar

Det blir arrangert dagskonferanse om hest i næring i Rogaland den 22.oktober. Tidlegare landbruksminister og no styreleiar ved Norsk Hestesenter på Starum, Johan C. Løken, vil snakka om landbruks- og næringspolitiske sider ved hest i næring. Vidare vil veterinærprofessor Hans Kolbein Dahle ha innlegg om opplæring og kvalitetssikring. Norges Bondelag har hatt eit utval i arbeid på hest, og utvalsleiaren vil snakka om Bondelaget si satsing på hest. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking vil informera om økonomien med hest i næring, og to hestebønder vil fortelja om drifta samt at Fylkesmannen vil informera om prosjektsatsinga. 

Stutafjellet mot Bråstein” Foto: Birger Aasland
Stutafjellet mot Bråstein” Foto: Birger Aasland

 

Mjølkeprosjektet på Haugalandet - viser at det nyttar!

I gode økonomiske tider har mange bønder valt seg løna arbeid utanom gardsdrifta – ofte med den konsekvens at den mest arbeidsintensive produksjonen på garden har gått ut til fordel for meir ekstensiv drift. I mange kommunar og bygder har dette ganske hardt råka mjølkeproduksjonen. Rogaland har dei siste åra opplevd ein auke i mjølkeproduksjonen i dei meir sentrale jordbruksområda med ein tilsvarande nedgong i mange distrikt og bynære strok.

Som region har Haugalandet både urbane og rurale område. Regionen har eit aktivt næringsliv der det er lett å få jobb – ikkje minst for bønder. Det står difor respekt av initiativet til eit 3-årig mjølkeprosjekt som bondelaga på Haugalandet tok i 2006. Her fekk ein med seg kommunane Vindafjord, Tysvær, Karmøy, Bokn, Haugesund og Sauda. Desse kommunane hadde i 2006 vel 420 mjølkeprodusentar og ei samla mjølkekvote på snautt 40 millionar liter kumjølk. Prosjektet får også økonomisk støtte frå Regionalt Utviklingsprogram.

Måla med prosjektet er å styrkje konkurranseevna i mjølkeproduksjonen og leggje grunnlaget for ein framtidsretta mjølkeproduksjon. Prosjektaktivitetane er delt inn i fire område:

  1. teknisk rådgiving og planlegging innan bygningsteknikk 
  2. økonomisk planlegging og oppfølging 
  3. kompetansehevande tiltak med fokus på samarbeidsmodellar og samdriftsløysingar og 
  4. mobilisering av produsentlaga. 

Ser vi resultat?
For det første skaper aktivitetane i seg sjølv merksemd om utfordringane, noko som vidare gjer noko positivt med mange mjølkebønder. Fleire bønder gir tilbakemelding om kor positivt det er at kommunane og andre bryr seg - det påverkar rett og slett psyken positivt, og med det også viljen til å ta tak i eigen situasjon. Meir konkret ser vi no auka byggjeverksemd, både ombygging, påbygging og nybygg. Så langt har nok teknisk planlegging vore den mest etterspurde aktiviteten i prosjektet.

Prosjektet blir formelt avslutta seinhausten 2009 med tilhøyrande evaluering av både resultatmål og kva ein kan vente av effektmål. Men på eitt spørsmål vil vi ikkje få svar: Korleis hadde situasjonen blitt utan prosjektet?

 

Størst på økologiske blåbær

Rogaland fekk i august sin første produsent av økologiske hageblåbær. Alfred Mitchell bur på Utbjoa i Vindafjord kommune. Han har  6 mål med blåbær, og er med dette Rogaland sin største produsent av økobær. For Mitchell var overgangen til økologisk produksjon liten. Kunstgjødsla blei bytta ut med sauegjødsel.

Blåbæra er lite utsett for sjukdom, og sprøytemidlar har han aldri vore nøydd til å bruke. Det meste av bæra blir selt via sjølvplukk. Med 17 ulike sortar klarer han å strekkje haustesesongen frå tidleg august til litt ut i september. Bæra som er til overs blir brukt i saftproduksjon. Saman med naboen Terje Askeland som har økologiske bringebær og jordbær har han starta ”Bjoabær”.

Økologiske blåbær. Foto: Torbjørn Ruud
Økologiske blåbær. Foto: Torbjørn Ruud

 

Kokk og bonde på same lag

Blitslampene er slått av og meisterkokkane er reiste heim frå Stavanger Forum. Kulinariske Stavanger 2008 er over. Men satsinga på mat som eit viktig utviklingsområde for regionen held fram. Kva kan det bety for bonden?

Bocuse d`Or er verdas mest prestisjefylte og mediafokuserte kokkekonkurranse. Bocuse d`Or Europe sto bak planlegginga og gjennomføringa av Europakonkurransen i Stavanger 1. - 2. juli. Saman med bransjemessa ”Buffet” og den internasjonale matkonferansen ”Food for the future”, blei det ei sterk og synleg markering av Stavangerområdet og Rogaland som matregion.

Målet med Kulinariske Stavanger er å posisjonere og grunnfeste Stavangerregionen som det matfaglege knutepunktet i Norden og auke kjennskapen til sjømat- og landbruksprodukt frå Rogaland. Og samstundes medverka til at regionen blir oppfatta som eit spennande turistmål på grunn av sin matprofil.

For nær 20 år sidan blei Fagforum for mat og drikke etablert, og det er meir enn 10 år sidan mat blei eit næringspolitisk satsingsområde i fylket på line med energi og olje. Fundamentet for heile denne satsinga har vore eit sterkt landbruk, engasjerte bønder, mangfaldig produksjon og høg produktkvalitet.

Eit av måla i matsatsinga har vore å tømre saman det matfaglege miljøet, og utvikle samarbeidet mellom produsentar, foredlingsverksemder, forskings- og utviklingsmiljø og offentlege organ. I 2007 fekk Rogaland tildelt statusen Norwegian Center of Expertise (NCE) - Culinology. NCE-programmet er satsing på næringsklynger som har stort utviklingspotensial både nasjonalt og internasjonalt. Til no er det etablert ni slike satsingar på ulike fagfelt i landet. Rogaland har den einaste som er knyta til mat. NCE-industriell gastronomi er ein viktig del av det faglege innhaldet i Måltidets Hus og ein viktig møteplass for mat- og måltidsnæringa. Så langt er det klart at Tine FoU, Fagforum for Mat og Drikke, Gladmat, Gastronomisk Institutt og Norconserv flyttar inn i Måltidets Hus når det blir ferdigstilt. 

Utan interesserte, kompetente og utviklingsorienterte primærprodusentar som bønder, fiskarar og oppdrettarar, blir all denne satsinga på mat og gastronomi utan meining. Matsatsinga med NCE og Måltidets Hus, med kokkekonkurransar og konferansar er meir enn noko ein sjanse til å løfte fram verdien av dei gode råvarene og peike på landbruk og havbruk som grunnlaget for utvikling av trygg og god mat for framtida.

For landbruket i regionen er satsinga på mat og gastronomi ein gullkanta sjanse til ny utvikling. Interessa for kvalitet og spesialitet, produktdifferensiering og merkevarebygging har aldri vore større. Smak og lukt, konsistens og utsjånad, alle eigenskapane til matvarene blir granska. Råvarene skal vere ferske og lokale, ha høg kvalitet og vere dyrka med kjærleik. Sluttprodukta skal gjerne vere eksotiske og spesielle, ha nasjonale røter og internasjonal appell.

Men mat og matoppleving som satsingsområde, handlar ikkje berre om det spesielle og eksotiske. Kvalitet i produkt og produksjonsprosess, miljø- og klimaomsyn i produksjonen, utvikling av nye produkt, kortreist og lokal mat, direkte kontakt mellom produsent og forbrukar er kjenneteikn på framtidsretta matproduksjon. Heile landbruket vil få nytte og glede av den sterke satsinga på utvikling av mat- og måltidsnæringa som skjer mellom anna gjennom NCE og Måltidets Hus. Men berre dersom bøndene vil engasjere seg, ta huset i bruk og vere aktive deltakarar i dei utviklings- og innovasjonsprosessane som skal skje i samarbeidet mellom produsentar, industri, forsking og offentlege organ.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og vinner Geir Skeie.
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og vinner Geir Skeie. Foto: LMD

 

Landets mest miljøvennlege veksthusanlegg

Reguleringsplanen for eit miljøbasert veksthusanlegg i Kviamarka i Hå er no til sluttbehandling i kommunen. 120 daa dyrka mark inngår i planane der drivhuset aleine krev 66 daa. I følgje opplysningar frå tiltakshavar importerer Noreg tomat i tollsesongen som tilsvarar 200 daa drivhus . Det nye anlegget vil i teorien dekkje 1/3 av denne importen.

Det spesielle med anlegget i Kviamarka er at det ikkje skal byggjast eigen energisentral. Energi skal hentast frå Tine sitt nye meieri som skal byggjast på nabotomta gjennom kjøp av spillvarme. Tine skal også levere CO2-gass til gartneriet. Dette gir stor miljøgevinst for Tine, og det gir auka avling for gartneriet. Driftskostnadene for begge bedriftene blir også redusert ved resirkulering av vant. Gartneriet bruker spillvatn frå Tine til å kjøle ned CO2-gass og Tine kan så nytte dette i sin produksjon. Prosjektet og samspelet mellom fleire bedrifter inneber ei god samfunnsmessig utnytting av energi og reduksjon i utslepp av klimagassar.

Fylkesmannen var i utgangspunktet reservert til å plassere anlegget innafor eit område som i kommuneplanen var godkjent til LNF-formål (landbruk-, natur og friluftsliv). Eit gartneri i den storleik som skal byggjast her, vil ikkje vere i samsvar med LNF-formålet og kjem derfor i konflikt med kommuneplanen. Fabrikkmessig landbruksproduksjon krev andre planformål enn landbruk. Det var derfor viktig for Fylkesmannen å sikre at det i føresegnene blei tatt inn eit krav om at arealbruken automatisk skulle førast tilbake til landbruksformål dersom veksthusdrifta blir avslutta.

Når dyrka mark blir nytta til andre formål enn tradisjonelt jordbruk, ser ein ofte at matjordlaget blir skrapa av og lagd i store haugar eller fyllingar andre stader i landbruksområda, gjerne oppå det eksisterande matjordlaget. Dette er feil bruk av verdifull jord. Fylkesmannen sette derfor fram eit krav om at det skulle lagast ein plan for korleis eit eventuelt overskot av matjord kunne komme til nytte i jordbruket andre stader i området. Det blei fremma motsegn mot planen dersom krava som nemnd ovafor ikkje blei innarbeidd i reguleringsplanen.

Når desse krava er stetta, er det grunn til å sjå med spenning fram mot realisering av miljøprosjektet.

 

Korleis vil Jæren sjå ut i framtida dersom by- og tettstadveksten held fram i jordbrukslandskapet

For 4 år sida starta landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland opp eit prosjektarbeid for å sjå på arealkonsekvensane for landbruket dersom byveksten i dei sentrale jordbruksområda på Jæren fekk fortsetje inn i framtida. I tillegg blei alle dispensasjonane for tiltak i landbruksområda kartlagde. Dette er tiltak som ikkje har noko med landbruksnæringa å gjere, men som krev areal og som i karakter og omfang ofte kjem i konflikt med landbruket.

Ein rapport om dette er no lagt fram. Arbeidet er støtta av Landbruks- og matdepartementet og av Rogaland fylkeskommune.

Arealforbruket dei siste 40 åra er målt ved å samanlikne byggjeområda i flyfoto frå 1967/68 med byggjeområda i kommuneplanane frå 2002/03 og 2006/07. Fram mot 2002/03 viser målingane av godkjende utbyggingsområde i kommuneplanane at omdisponeringa av jordbruksjord har vore på nærare 2 200 daa årleg i dei aktuelle kommunane. Dersom ein også tek med areal til nye vegar, gang- og sykkelvegar og dispensasjonar i LNF-områda, må talet aukast med i snitt 200 daa pr. år.

I dei to siste generasjonar av kommuneplanar som er godkjende (2002/03 og 2006/07), er den årlege omdisponeringa redusert til 1 050 daa utanom vegar og dispensasjonssaker. Med grunnlag i desse arealregistreringane er det utarbeida utviklingsskisser i tre alternativ som viser:

  1. Jærlandskapet i 2040 og 2080 dersom same arealbruk som i dei siste 40 åra held fram - i alt 63 000/147 000 nye dekar
  2. Jærlandskapet i 2040 og 2080 dersom arealforbruket i dei to siste generasjonar av kommuneplanar blir lagt til grunn - og all utbygging skjer som utviding av eksisterande byar og tettstader - i alt 30 000/72 000 nye dekar
  3. Jærlandskapet i 2040 og 2080 dersom arealforbruket i dei to siste generasjonar kommuneplanar blir lagt til grunn som i alternativ 2 - men all utbygging skjer i dei områda i regionen som er vedtatt i FDP-J og i søre del av Hå

Dispensasjon frå LNF-formålet i kommuneplanen inneber at det blir tillate næringsframande tiltak i landbruksområda. Kommunen er dispensasjonsstyresmakt. Registreringane viser at det årleg blir gitt 61 slike dispensasjonar i desse kommunane. Ser vi bort frå dei mellombels dispensasjonane (mellombels bruksendring, mellombels omdisponering) finn vi at kvar  dispensasjon inneber ei varig omdisponering av landbrukstilknyta areal på 2,4 daa i snitt. I sum utgjer dette 137 daa kvart år. Fram mot år 2040 vil dette gi 4 500 daa og som i 2080 har auka til 10 000 daa.

Spørsmålet er no om byar og tettstader på Jæren skal vekse vidare på kostnad av høgproduktiv jordbruksjord, eller om vekstområda viste i fylkesdelplanen på mindre produktive jordbruksareal i dei austre delar av regionen skal takast i bruk slik dette blei bestemt i år 2000 då denne planen blei vedtatt.

Kart over arealbruk på Jæren

Til toppen