Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ny utgåve av Fylkesnytt. Les mellom anna om prosjektet Landskap i drift, som tek affære mot attgroing av beiteområda i Hordaland. Prosjektet gjev midlar til et bredt spenn av gode tiltak knyttat til beiting og skal bidra til å redusere attgroinga i fylket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ny utgåve av Fylkesnytt. Les mellom anna om prosjektet Landskap i drift, som tek affære mot attgroing av beiteområda i Hordaland. Prosjektet gjev midlar til et bredt spenn av gode tiltak knyttat til beiting og skal bidra til å redusere attgroinga i fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Norges største småskalasamling: ”Matfestivalen i Bergen”

Festivaldagane er fredag den 11. september til sundag 13. september.

Interessa for å være med på matfestivalen i Bergen er aukande for kvart år, og påmeldingane til festivalen er no kome opp i ca. 60 utstillare allereie før sommarferien. Matfestivalen vert også i år på Bryggen i Bergen, sett saman på same lesten som tidligare år. Nytt av året er at vi får besøk av fiskarar, som vil selje fersk fisk og skaldyr langs kaien på Bryggen.

Matfestival på Bryggen i Bergen. Foto: Victor Jensen
Matfestival på Bryggen i Bergen. Foto: Victor Jensen

Konkurransar på matfestivalen
Lokalfinalen av Smaken av Norge vert ein av attraksjonane på Matfestivalen. Vi reknar med at mange av dei lokale matvareprodusentane vil stille opp med sine produkt til bedømming. Vinnarane går vidare til landsfinalen, seinare på hausten.
Årets sjømatkokk er eit samarbeid med Norges Kokkemesteres Landsforening og Fiskeriforum Vest. Det kjem 6 finalistar, som skal tevle om å lage dei beste maten av råvarer frå havet og garnityret frå landbruket. Vinnaren kan kalle seg ”Årets sjømatkokk 2009”

Barneaktivitetar er også eit populært innslag. 4H er også i år med å lage i stand eit opplegg for barn og unge. Vi kan venta oss konkurransar og  dyreutstilling. 
Leiinga for matfestivalen har utfordra regionane i fylka til å marknadsføre sin eigen matproduksjon og matrettar frå eigen region.  Vi veit at dette har stor interesse blant folk og fokuseringa på lokal produsert mat når stadig nye høgder.

Dei som står bak Matfestivalen i Bergen:
Fylkesmannen i Hordaland, Fylkeskommunen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge i begge fylka. Drifta av festivalen, vert som tidligare år, drifta av Landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland. Matfestivalen i Bergen er eit lavbudsjettarrangement, der vi dreg nytte av personar som har eit stort engasjement innan lokal foredling, og som brenn for lokale råvarer.

    Full aktivitet på Bryggen i Bergen. Foto: Victor Jensen
Full aktivitet på Bryggen i Bergen.
Foto: Victor Jensen

Resultat og vyar:
Matfestivalen i Bergen har vert den viktigaste marknadsplassen for småskalaprodusentane i Hordaland i dei siste 10 åra. Festivalen har lagt til rette for at matprodusentar kan møte marknaden og få direkte tilbakemeldingar på eigne produkt, og komme tilbake neste år med forbetringar og enda fleire varer i sortimentet.

Til neste år er det meininga att Mafestivalen skal få ei ny driftsløysing, sett saman av grupperingar innan offentlege og private aktørar. Dette arbeidet kan være med å gjere Hordaland og Sogn og Fjordane, som dei eigentlege matfylka.

Kontaktperson: Gunnar Nagell Dahl - Festvalsjef
 

Ny arealstrategi for landbruket i Hordaland

Fylkesmannens landbruksavdeling har utarbeidd ein strategi for korleis avdelinga vil møte landbruket sine arealutfordringar i Hordaland.

Kulturlandskap i Herand, den nasjonale kulturlandskapsprisvinnaren i 2008 Foto: Dirk Kohlmann
Kulturlandskap i Herand, den nasjonale kulturlandskapsprisvinnaren i 2008 Foto: Dirk Kohlmann

Arealstrategien vil vere retningsgjevande for avdelinga sitt arbeid med å sikre arealressursane i landbruket.  Han konkretiserer kva verkemiddel Fylkesmannen vil nytte for å nå nasjonale mål for  landbruket i Hordaland. Til grunn for arbeidet ligg lover, føreskrifter og andre politiske føringar frå Stortinget og regjeringa.
 
Strategien skal også gje kommunepolitikarar og -administrasjon, grunneigarar, partar og andre som har interesse i arealsaker, innsyn i bakgrunnen for dei vurderingane landbruksavdelinga gjer.
 
Strategidokumentet har tidlegare vore sendt til kommunane i fylket for innspel og kommentarar. Dokumentet er no oppdatert i samsvar med ny plan- og bygningslov. Det er også gjort ein del andre endringar, mellom anna med bakgrunn i innspel frå kommunane.

Nye landskapsparkar i Hordaland

Fire nye område får no sjansen til å starte arbeidet med å utvikle landskapsparkar. Fleire ynskjer opptak i nettverket. Prosjektstyret vedtok å løyve oppstartsmidlar til Sveio, Ulvik, Odda og Uskedalen.

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap som tek vare på tradisjonar. Formidling av lokal kultur og den gode historia bak landskapet og produkta gjev besøkande ei god oppleving. Her veks og blømer nytenking og kreativitet saman med landskapet. Opplevingar er ekte og autentiske uttrykk for landskapsparkane si sjølvkjensle og identitet. Landskapsparkar er levande bygder, der folket i fellesskap søkjer å utvikle heimstaden sin til ein god og inkluderande stad å bu og eit gjestfritt besøksmål.

Gjennom sauegrinda, Sæbø, Radøy - Foto: Jostein Vågenes
Gjennom sauegrinda, Sæbø, Radøy - Foto: Jostein Vågenes

Velkomne som landskapspark skal dei vere i dei nye områda. Til dømes har Sveio eit fantastisk landskap å by på. Kjerneområdet i prosjektet er kystområdet mellom Mølstrevåg og Buavåg, der det alt i dag har vore jobba med ei rekkja prosjekt som t.d. Nordsjøløypa, Nordsjøsykkelruta, Gullvegen og Ryvarden, som er den mest besøkte turistattraksjonen på Haugalandet med over 30 000 besøkande i året. Aktørane ynskjer å samla lause trådar frå desse prosjekta i ein ”pakke”, noko som vil gje produkta høgare kvalitet og større utviklingspotensiale for alle partar. Området er særmerka med ope kystlandskap med mykje lynghei ut mot Bømlafjorden og havstrekninga Sletto.

Ulvik har og for fullt starta arbeidet med etableringa av ein landskapspark. Prosjektleiar Caroline Lehmann er godt i gang med å informere innbyggarane i Ulvik om satsinga. Eit bygdemøte etter sommaren må avgjere om folket ynskjer landskapsparken velkomen eller ikkje. Landskapet skal hjelpa aktørane med å revitalisere Ulvik og Osa som ei flott turistbygd i Hardanger. Prosjektet Ulvik Landskapspark skal vera ein ”paraply” som alle gode idear kan samlast inn under.

Dei nye landskapsparkane har fått kr 30000 som oppstartsmidlar. Prosessen vidare vil vise om områda har eit ekte engasjement for landskapsparkarbeidet og om dei kan takast opp som landskapspark.

Kontakt: Dirk Kohlman, [email protected]
 
 

Den europeiske landskaps konvensjonen og kommunane

Nasjonal landskapskonferanse i Bergen den 24. og 25. november 2009

Noreg har forplikta seg til å følge opp den Europeiske landskapskonvensjonen. Fylkes mannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune, Miljøverndepartementet, Landbruks- og matdepartementet og KS arrangerer den første nasjonale konferansen om iverksetting av landskapskonvensjonen i Noreg den 24. og 25. november 2009.

Målgruppa for konferansen er kommunepolitikarar, fylkespolitikarar, kommuneplanleggarar, departement og andre offentlege organ.

Gjennom iverksetting av landskapskonvensjonen i Noreg ønskjer ein å fremme:

  • Livskvalitet og helse
  • Det lokale sjølvstyret og moglegheita for aktiv medverknad
  • Berekraftige lokalsamfunn
  • Attraktive stader som stimulerer folk si skaparevne og tiltakslyst

Kunnskap og erfaringar frå prosjektet Landskap i kommunal planlegging i Hordaland er utgangspunkt for programmet som er særleg retta mot tema landskap i ulike avgjerdssystem og kommunal planlegging

Eksempel på tema som vil bli teke opp i konferansen:

  • Planlegging
  • Samferdsel
  • Energi- og klimatilpassing
  • Nærings- og bygdeutvikling
  • Medverknad og metodeutvikling

Endeleg program vert lagt ut på følgande nettadresse i august: www.landskapiplan.no
  

Landskap i drift - ope landskap gjennom aktiv drift

Det gror att fleire plassar i fylket - samstundes aukar etterspurnaden etter godt beiteareal, meir kjøt og eit levande landbruk.

Prosjektet landskap i drift tek affære og gjev midlar til samarbeidstiltak innan beiting for at beiteområda kan utvidast og at ein kan setja på fleire beitedyr. Vidare vert det delt ut midlar til utviklingstiltak, kompetanse og kunnskapsbygging. I tillegg til dette vert det og løyvd midlar til entreprenørskap, dvs vidareforedling på garden eller tilbod av teneste med forankring i kulturlandskapet og primærproduksjon. Samarbeid med lokallag, skular eller reiseliv er berre få døme på korleis ein kan tenkja nytt i samband med attgroing. Reguleringa av attgroinga må forankrast på nytt i samfunnet. 7 område har så langt koma med sidan prosjektet er starta. Det er no 3 nye område som ventar på å få koma inn i prosjektet. Så langt vert det opna opp og inngjert 2390 daa i Hordaland. Prosjektet varar til desember 2010.

    

 

Sau på beite i lavlandet. Foto: Fylkesmannen i Hordaland
Sau på beite i lavlandet.
Foto: Fylkesmannen i Hordaland

 

Prosjekt Småkraft i Hordaland er avslutta

Hordaland har stor eit stort potensial for produksjon av fornybar energi i for av straum  produsert i elvar og bekkar kring om i fylket. Før forrige århundreskifte reiste framsynte forretningsfolk rundt om i distrikta og kjøpte fallrettar for ”knappar og glansbilete”.  Før det heilt gjekk opp for elve- og bekkeeigarar flest at no var det høve til å byggja ut også små vassdrag, var historia i ferd med å gjenta seg.

Landbruket er ei pressa næring med trong for å nytte alle mogelege ressursar bruka rår over og dei fleste fallrettseigarar er og landbrukstilknytta.  Det var difor eit mål for landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen å motivera og gjera eigarane oppmerksame på kva verdiar som låg i vassdraga og  kva det kunne tilføra bruka og bygdene av verdiar ved å byggja ut i eigen regi og nytta lokale konsulentar, entreprenørar, leverandørar og finansieringskjelder. 

Prosjektet viste til fulle at det ligg store verdiar som kan nyttast. Berre dei potensielle småkraftverka som var i kontakt med prosjektet,  kunne produsera nok straum til å forsyna 18.500 bustadar. Dette dekker straumforbruket til alle husstandane i Indre Hardanger + Voss, Kvinnherad, Fusa og Samnanger.

    

 

Småkraftverk. Foto: Fylkesmannen i Hordaland
Småkraftverk. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Prosjektet gjekk i 3 år  frå 2006 til ut 2008 og var eit samarbeidsprosjekt mellom Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen og Hordaland Fylkeskommune. Det var og 9 kommunar og 2 kraftlag som var med for finansiera prosjektet.

Kontaktperson: Anders Hassel Stub
 

Redd Barna + 4H = SANT

I januar møtte 15 ungar opp på Nordnes bydelshus i Bergen sentrum for å stifte ein ny 4H klubb. Men dette er også ein heilt spesiell klubb - den vil samarbeide tett med Redd Barna.

Klubben har eit ekstra fokus på barn og unge sine rettar, og nokre av aktivitetane rettar seg spesielt mot dette. Til no har dei hatt tema om kva 4H-arane synest er viktig for barn og unge i sitt nærmiljø og i sin by. Dei har hatt ”Spørjetime” med politikarar frå både Høgre og SV tilstades, og dei planlegg eit møte saman med barn på Mottakssenteret i Arna. Dei har også hatt kinokveld, fruktmøte og anna som høyrer til i ein 4H-klubb.Medlemmane har delteke på familiedag på 4H-garden på Garnes og fekk stille spørsmål under ”grilling” av Matministeren. Dei ivrige 4H-erane i Fyr Løs 4H har planar om basar, deltaking på distriktsleir og familiedag på Fløyen før dei tek sommarferie!

Barn strigler hest. Foto: Fylkesmannen i Hordaland
Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Halvparten av møta vil tre medlemmer frå Redd Barna tilrettelegge leikar og øvingar med tematikk som ungane sjølve bestemmer. - Eg tykkjer det høyrdest gøy ut å være med fordi det er barna som får bestemme sjølv og at vi skal jobbe med barnerettane, fortel Thea. For fleire av dei andre ungane var det også medbestemminga som avgjorde at dei ville være med.

- Dette er kjempestas at vi får i gang. 4H er også ein svært naturleg samarbeidspartnar for Redd Barna. Dei har Learning by doing som pedagogisk prinsipp, og dei har opplæring i demokratiske prosessar frå medlemmane er 10 år, og det er medlemmane som sjølv velger vaksne rådgjevarar, kva klubben skal heite, og kva ein ynskjer å halde på med seier Solveig Moldrheim, regionleiar i Redd Barna.

Ungane har for eksempel bestemt at barnerettsklubben skal heite Fyr Løs 4H. - Vi har jo lang erfaring med Barnerettsklubbar og Fredsklubbar ute i verda, og kan få inspirasjon frå det til dette prosjektet.
 
- Eg vart med fordi det høyrdest spennande og gøy ut å jobbe med utgangspunkt i kva ungane sjølv ønskjer. Det ser ut som det er mange bra aktivitetar å velge utfrå det materiellet som allereie er laga gjennom mellom anna Ingen Utenfor, fortel Helene Gjerdevik, nyerverva til prosjektet.
 
Målet er at ungar, ved sidan av 4H-aktivitet, skal få sette fokus på korleis det er å være barn i 2009. Dei kan få finne løysingar på problem – invitere politikarar på besøk, tale andre barn si sak eller få utløp for eit engasjement for ei betre verd å vekse opp i.

Kontaktperson: Toril M Mulen - Fylkesmannen si landbruksavdeling sin representant i 4H styret i Hordaland.
  

Ta Hordalandsskogen i bruk!

Strategiplanen for skogbruket i Hordaland frå 2009 til 2013 er no ferdig. Hovudmålet med planen er å leggja til rette for den sterke hogstauken i granskogen i fylket som ein ventar framover. Ved ei god oppfylling av planen vil ein leggja grunnlaget for ein femdobling i hogsten fram til 2020. Hogsten vil då vera på 500 000 kubikkmeter og vera grunnlag for ei skog- og trenæring i fylket med verdiskaping på over 1 milliard kroner.

Strategiplanen er eit viktig ledd i arbeidet med del to av skogreisinga. Det inneber å leggje til rette for å ta ut dei store mengdene med granskog som snart vert hogstmogne. Denne perioden kan med rette kallast granhausten og hogsten av gran er venta å verta mangedobla. Vidare er planen både ein revisjon av tidlegare strategiplanar, oppfølgjing av Melding om Kystskogbruket og eit ledd i arbeidet med å auka avverkinga i fylket.

Planen fokuserar på det offentlege sine arbeidsoppgåver og oppgåvene aktørane i næringa kan løysa i fellesskap. Planen er utarbeidd av ei breitt samansett gruppe med representantar frå fylkeskommune, fylkesmann, kommunar, skogeigarorganisasjonen, entreprenørleddet og sagbruk. 

Tømmerhogsten i fylket er i storleiksorden 100 000 kubikkmeter i året, og det utgjer ein verdi på 30 millionar kroner. I Hordaland er det ikkje papirindustri, men  sagbruka og trevareindustrien i fylket sysselset nærare 900 menneske og hadde i 2007 ei verdiskaping på 450 millionar kroner.

      Taubanedrift på Osterøy. Foto: Kjetil Rødland
Taubanedrift på Osterøy. Foto: Kjetil Rødland

Ved ei god oppfylling av denne planen legg ein til rette for auke i hogsten til 500 000 kubikkmeter og 150 millionar kroner innan 2020. Det vil gje moglegheiter for fleire sagbruk og trevareverksemder i neste omgang. Dersom hogstauken vert nytta lokalt er det gode moglegheiter for at verdiskapinga innan sagbruks- og trevareindustrien vil vera over 1 milliard kroner i framtida.

Granvin Bruk. Foto: Dirk Kohlman.
Granvin Bruk. Foto: Dirk Kohlman.

Planen inneheld mange strategiar og tiltak for å realisera potensialet i Hordalandsskogbruket. Dei viktigaste er utbetring og utbyggjing av infrastrukturen, både privat og offentleg, etablering av ny skog etter hogst og å unngå omdisponering av verdifulle skogområde. Dei viktigaste enkelttiltaka i planperioden vil vera å byggja ut det private skogsbilvegnettet og å utbetra/skriva opp det kommunale og fylkeskommunale vegnettet. Det er mange tiltak utover desse, så skognæringa i Hordaland har nok å ta tak i åra framover!
 

Tilskot frå regionalt miljøprogram i Hordaland 2009

Regionalt miljøprogram (RMP) i Hordaland skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med produksjonstilskot i jordbruket, ei årleg driftsstøtte til bruk som oppfyller visse vilkår. Søknadsfrist 20. august for dei fleste av ordningane.

Lygra i Lindås. Foto: Fylkesmannen i Hordaland
Lygra i Lindås. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Kven kan søkje om støtte?
Alle føretak som fyller grunnvilkåra for produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Hordaland og som elles fyller vilkåra som vert stilte i dei ulike ordningane, kan søkje. Beitelag som er godkjente av Fylkesmannen i Hordaland og som oppfyller vilkåra som vert stilte, kan søkje på tilskotet til organisert beitebruk. For alle bruk som søkjer tilskot frå RMP, er det krav om miljøplan trinn 1. For nokre ordningar er det også krav om eigen dokumentasjon i form av sjekkliste for skjøtsel.

Justeringar av programmet 2009
Regionalt miljøprogram har vore gjennom ei evaluering og rullering. Det er difor endringar i tilskotsordningane i høve til tidlegare år. Endringane fører til ei sterkare kopling mellom ordningane Spesielle tilskot til miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Tilskot frå det Regionale miljø -
programmet i Hordaland (RMP). SMIL kan til dømes nyttast til restaurering, medan RMP støttar årleg skjøtsel av areala eller objekta.

Ordninga tilskot til utegangarsau vert erstatta med tilskot til gamalnorsk sau, med nye retnings - liner for kva dyr som gjev rett til tilskot. Ordninga tilskot til verdifullt innmarksbeite er endra med nye krav til godkjenning av areal, krava er skjerpa. Tilskot til stølsdrift er utvida til også å gjelde tilskot til foredling med sal frå støl. I tillegg er det etablert følgjande nye ordningar:

Tema Biologisk mangfald

  • Tradisjonelle husdyrrasar
  • Gamalnorsk sau
  • Vestlandsk fjordfe og Vestlandsk raudkolle
  • Skjøtsel av verdifulle kulturmarkstypar
  • Kystlynghei
  • Artsrik slåttemark
  • Artsrik beitemark
  • Styvingstre
  • Gamle, verdifulle frukthagar
  • Friområde for grågås

Tema Kulturhistoriske miljø og kulturminne

  • Freda bygg og kulturmiljø
  • Automatisk freda kulturminne
  • Steingardar
  • Kyst- og fjordgardar utan veg

Friluftsliv

  • Tilskot til vedlikehald av turstiar

Blåklokker. Foto: Øyvind Vatshelle, forsøksringen i Hordaland
Blåklokker. Foto: Øyvind Vatshelle, forsøksringen i Hordaland

Kontaktperson: Steinar Sørli, tlf.: 55 57 21 54, [email protected]
 

Tresatsing i Bergen når nye høgder

Når Bergen kommune no lanserar no den nye tresatsinga si, er det lurt å følgje med. Her er det store ting på gang. Tre skal bli att eit viktig byggemateriale i trebyen Bergen.

"Framtidens byer - byer med lavest mulig klimagassutslipp og godt bymiljø" er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt i regi av Miljøverndepartementet. 13 byer og 4 departement deltek i arbeidet. Programmet for ”Framtidens byer” har eit 6-årig perspektiv frå 2009 - 2014. Bergen kommune har i eit eiget handlingsprogram definert mål, strategiar, tiltak og verkemidlar som skal leggjast til grunn for gjennomføring av programmet. 

TID for TRE i Framtidsbyen Bergen - TTFB er eit eiget satsingsområde innanfor ”Fremtidens byer”. Målsetinga for temaområdet ”Stasjonær energi” og TTFB i Bergensregionen er:

  • å realisere og formidle forbildeprosjekt som viser klimanøytral arkitektur og byutvikling,
  • redusert klimagassutslipp konkretisert gjennom fleire prosjekt,
  • auka bruk av norsk trevirke og verdiskaping lokalt frå skog til produksjon,
  • gode forbildeprosjekt i tre og med framtidsretta energiløysningar i eksisterande og nye bygg og anlegg,
  • auka bruk av fornybare energikjelder,
  • styrking av kompetansemiljø i regionen som tilbyr informasjon og kunnskap til byggherrar, utbyggarar, og andre aktuelle fagmiljø,
  • å utvikle innovasjon, FOU-prosjekt og nye næringar lokalt som bidreg til ei klimavennleg byutvikling i praksis.

Forbildeprosjekta kan vere i kommunal eller privat regi. Fleire prosjekt er allereie registrert som pilotar for moderne trebyggeri og lavenergi- eller passivhusstandard, men fleire kan vere aktuelle for satsinga. Kommunen vil i samarbeid med næringa utarbeide ein intensjonsavtale for private utbyggarar som deltek i prosjektet slik at ei god framdrift i pilotane er sikra.

God kommunikasjon mellom medverkande aktørar, aktuelle bransjar og publikum er ei føresetnad for at prosjektet genererer meir kunnskap og gode ringverknader i regionen. Eit opplegg for felles informasjon og marknadsføring vert eit avgjerande tilbod til deltakande aktørar og skal utviklast vidare.

Lokale, nasjonale og internasjonale konferansar i 2014 og i prosjektperioden skal bidra både til å auke kunnskap og kompetanse lokalt. Ein prosjektkatalog skal gje oversikt over forbildeprosjekt i regionen, som vert bakgrunn for informasjon, synfaringar, eigne arrangement og visningsdagar.

Høge trehus som BOB vil byggje i Damsgårdsundet, eit av pilotprosjekta i Bergen (Ole Kleppe, BOB)
Høge trehus som BOB vil byggje i Damsgårdsundet, eit av pilotprosjekta i Bergen (Ole Kleppe, BOB)

Klimahuset - eit kunnskapslaboratorium og opplæringssenter
Høgskolen i Bergen planleggjar i samarbeid med Universitet i Bergen og andre aktørar i byen å bygge eit kunnskapslaboratorium for utvikling og bygging av energisparande og klimavennlege bygg. Huset skal nyttast av alle aktuelle undervisningsmiljøa i Bergen som Bergen Arkitektskole, Kunsthøgskolen i Bergen og Norges Handelshøgskole. Bygget vil også tilby informasjon og opplæring til fagmiljøet på ulike nivå i bransjen.

Bergen kommune planleggjar og å opprette eit sentralt rådgjevingskontor for private utbyggarar med mindre prosjekter.

Fylkesmannen i Hordaland og prosjektet ”Tre is sentrum” er ein viktig samarbeidspart for kommunen. Prosjektet har vore ein pådrivarar for satsinga i mange år og vil framover delta i det kommunale arbeidet som rådgjevar og nettverksbyggar.