Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, som mellom anna fortel at landbruket får oppmerksemd i den nye fylkesplanen.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva fortel mellom anna at landbruket får oppmerksemd i fylkesplanen for Møre og Romsdal for perioden 2009-2012. Eit handlingsprogram for verdiskaping skal fremje innovasjon og nyetableringar i landbruket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Satsing på økologisk mjølkeproduksjon saman med TINE

I dag er 4,3 prosent av landbruksarealet i Møre og Romsdal økologisk drive. Størsteparten av jordbruksarealet i fylket er brukt til grovfôrbasert husdyrhald, med mjølk som den suverent største produksjonen. Det er difor innan økologisk mjølkeproduksjon vi må satse for å ha høve til å nå det nasjonale målet om 15 prosent økoproduksjon.

I 2008 vart det sett i gang eit prosjekt som skal  auke den økologiske mjølkeproduksjonen i Møre og Romsdal. Det er TINE Midt-Norge og TINE Vest som leier prosjektet. Målsetninga med prosjektet er å få fleire bønder i Møre og Romsdal til å satse på økologisk produksjon.

Hovudfokus i satsinga vil vere den økonomiske gevinsten bonden kan oppnå ved å leggje om til økologisk produksjon. Meirprisen på 0,85 kroner frå TINE, samt gunstig areal- og husdyrtilskot for økologisk produksjon, gjer at ein samla sett kjem bra ut i økologisk mjølkeproduksjon. Det er også eit sug i marknaden etter meir økologisk mjølk.

For å nå måla vil TINE gjere tiltaka meir spesifikke og individuelt tilpassa. Det skal kartleggast kva område og kva produsentar som har best føresetnadar for å drive økologisk mjølkeproduksjon. Her vil Bioforsk Økologisk vere ein naturleg samarbeidspart. Det vil også bli samhandla med Økoløft-kommunane i fylket.

Gratis Førsteråd (GFR-mjølk) vil sjølvsagt vere sentralt i prosjektet. Vi vil bygge vidare på dette konseptet, som TINE har i samarbeid med  forsøksringane, og utvide tilbodet. Det blir også viktig å setje fokus på dei som er i gang med økologisk produksjon gjennom tett oppfølging, rettleiing og nettverksbygging. Prosjektet vil gå fram til 2011.

Frå Renndølsetra. Foto: Eivind Ryste
Frå Renndølsetra. Foto: Eivind Ryste
 
 

Landbruket synleg i nytt handlingsprogram for verdiskaping i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylke har utarbeidd ny fylkesplan for perioden 2009-2012. Eit av hovudmåla er auka verdiskaping, og for å følgje opp det er det laga eit handlingsprogram for arbeid med verdiskaping i 2009. Der er landbruket i fylket sjølvsagt med. 

Handlingsprogrammet har mange resultatmål. Eit av dei viktigaste er auka innovasjonstakt og fleire nyetableringar. Der vil landbruket mellom anna bidra gjennom ei vidareføring av arbeidet med lokal matforedling, og med eit mål om å få etablert fleire Inn på tunet-tiltak.

Fleire verksemder basert på natur, kultur og opplevingar vert løfta fram som eit viktig resultatmål. Der har landbruket stort potensiale, og vi løftar fram det nasjonale seterprosjekt og bygdeturismeprosjektet Verdifulle opplevingar i regi av Allskog. I tillegg er RMP, bruk av tilskot i verdsarvområdet, og tilskot til utvalde kulturlandskap omtalt som eit vesentleg grunnlag for alle verksemder basert på kultur, natur og opplevingar.

Som eit eige resultatmål er det sagt at verdiskapinga i landbruksnæringa skal oppretthaldast eller aukast gjennom satsing på fornya driftsapparat, rekruttering og solide produksjonsmiljø. Der er sjølvsagt bruken av BU-midlane til investering ein nøkkel, samstundes som vi vil setje i gang prosjekt både innan skogbruk, bioenergi og mjølkeproduksjon. Eit sterkt jordvern skal ligge i botnen.

      Eresfjord. Foto: Jørn Kjersheim
Eresfjord. Foto: Jørn Kjersheim

Klimagassutsleppa frå Møre og Romsdal skal reduserast, og der vil vi jobbe for at skogen sitt bidrag som lager av CO2 vert synleggjort. I tillegg er vi interessert i å få fram pilotar innan utnytting av biogass, og vi har mål om større andel økologisk landbruk.
 

Særlege tilskot til skjøtsel i verdsarvområdet Geiranger

I 2008 forvalta vi for første gong kulturlandskapsmidlar øyremerka for verdsarvområdet Geiranger. Dette dreia seg om 1.225 millionar kroner over jordbruksavtalen, og 1.0 millionar frå Direktoratet for naturforvaltning. I løpet av hausten 2008 vart det etablert rutiner og føringar for forvaltninga, og det vart gjort avtalar med 48 gardbrukarar om bidrag til skjøtsel i området. Det er betalt ut arealbidrag til 15 bruk på til saman kroner 704 000,-, og beitebidrag til 44 bruk på til saman kroner 1 048 000,-. I tillegg til dette er det løyvt til saman kroner 472 000,- til gjerding, rydding og andre tiltak, på 16 bruk. Ordninga er ny, og vi reknar med justeringar i 2009. Arbeidet må også følgjast opp med tilsyn og kontrollar. Dei nye ordningane er utarbeidde i nær kontakt med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som har gjennomført samme prosess i sine verdsarvområde i Nærøyfjorden.

Fylkesnytt: Slått i Ørsta Foto: Jorunn Vartdal Ryste
Slått i Ørsta Foto: Jorunn Vartdal Ryste
  

Nasjonal Inn på tunet-konferanse i Ålesund i 3. og 4. juni i år

Den årlege nasjonale Inn på tunet konferansen blir i år arrangert av Møre og Romsdal fylke. Målgruppe for konferansen vil vere tilsette i helse- og sosialsektoren, tilsette i NAV og tilsette i skulesektoren. I tillegg kjem offentlege rettleiarar og bønder.

Hovudtema for konferansen vil bli kvalitet i Inn på tunet tilbodet. Vi vonar å vere ein tydeleg medspelar i å finne gode løysingar på tilbod til einskildpersonar og grupper av brukarar gjennom å arrangere denne konferansen. Målet med konferansen er å synleggjere ein del av mangfaldet i det kommunale tenestetilbodet. Samtidig skal vi gje inspirasjon til dei som tilbyr Inn på tunet-tenester, og bidra til at lagar gode og kvalitetssikra tilbod.

Førelesarar vil bli politikarar, rådgjevarar frå dei einskilde sektorane, tilbydarar og representantar for brukarane.
 

Skogbruket arrangerer klimaverkstad

Møre og Romsdal fylke har gjort vedtak om å utarbeide ein fylkesdelplan for klima. Planen skal synleggjere regionale handlingsrom for klimatiltak. Skog og bruk av råstoff frå skog er eit av fleire tema som skal integrerast i arbeidet med fylkesdelsplanen. Når det gjeld skogen sin rolle er det delt opp i 3 ulike  tema. Kvart av desse tema blir tilgodesett med ein eigen "verkstad", der målet er å kome fram til konkrete tiltak. Det skal på bakgrunn av dette være verkstad for:

  • Skog og ressursar 17. mars 2009 
  • Bioenergi 18. mars 2009 
  • Bygg og industri 26. mars 2009

Alle verkstadene skal sjåast i samanheng. Vi må også sjå dette arbeidet i samanheng med fylkestinget sitt vedtak om etablering av eit klimaskogprogram, finansiert gjennom sal av CO2-kvotar, slik dette er skissert i Kystskogmeldinga. I same sak er det også eit vedtak om at ein skal utarbeide klimarekneskap for skogbruket i fylket, og kome med retningsliner og tilråingar i høve til skog og klima. Fleire sentrale personar som arbeider med skog og klima er invitert til å bidra med kunnskap i verkstadene.

Til toppen