Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om auka investering i sauehald i fylket. 2009 var eit rekordår i tal investeringssaker i tradisjonelt landbruk i Hordaland.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om auka investering i sauehald i fylket. 2009 var eit rekordår i tal investeringssaker i tradisjonelt landbruk i Hordaland.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Auka investering i sauehald

2009 var eit rekordår i tal investeringssaker i tradisjonelt landbruk i Hordaland. Det er særleg positivt at investeringstakten i sauehaldet aukar.

Auke i 2009
Investeringstilskot ved utbygging/nybygg i landbruket forvaltast av Innovasjon Norge (IN). I 2009 løyvde Stortinget ekstra midlar til landbruket i revidert statsbudsjett. Dette førte til høg søknadsaktivitet, særskilt i siste halvår. I 2009 vart sum investeringstilskott til tradisjonelt landbruk over 19 mill mot vel 14 mill dei to føregåande åra. 

Satsing i sauehaldet
Sauehaldet i Hordaland har hatt betydelig auke i tal investeringssaker (sjå figur).  Dei 11 investerings-sakene i 2009 utgjer planlagt auke i produksjonen på over tusen vinterfôra sau. Gjennomsnittleg løyvd tilskot i desse sakene var rundt 280.000 kr. Investeringsmidlane til sau utgjer om lag 10 prosent av den totale tilskotspotten.

     Sau i fjøset
Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Tal investeringssaker sau for 2010 ser ut til å verte på vel 10-12 stk og opprettheld den positive trenden. Byggjekostnaden ved nybygg ligg ofte rundt 9.000 kr/vinterfôra sau, noko som og er grensa for godkjent kostnadsoverslag hjå IN.

Mål om vidare auke - sau
Gardbrukarar som har bygd ut opplev stor interesse frå folk som ynskjer å sjå på løysningane som er valte. Anders Konglevoll har hatt mange besøkjande i sin visningsfjøs i Lindås. Konglevoll har bygd om fjøsen sin til eit lettdrive sauefjøs med blant anna islandske fôrhekkar.

Sett i høve til sauehaldets verknad for bygder og landskap i fylket bør det vere eit mål med fortsett auka investeringar i denne næringa.

Tal investeringar 2005-2010
 

Bruken av taubane til uttak av tømmer dobla i 2010

15.000 m3 tømmer er planlagd hogd og frakta ut av skogen med taubane i 2010. Dette er ei dobling i høve til året før og historisk høgt.

Dersom alt tømmer som er førehandsgodkjent for drift med taubane vert dreve ut i 2010, går det mot rekord for denne driftsforma i Hordaland i år. 15.000 m3 er planlagd avverka og dreve ut med kabelkran.  Det er skogeigarlaget Vestskog BA som organiserer det meste av desse driftene og det er berre to skogsentreprenørar som driv med tungt utstyr. Taubanedrift i dag er ei kostbar og krevjande driftsform med avansert utstyr. I tillegg er det mykje tungt manuelt arbeid. Det vert difor ei kostbar driftsform, men i dei bratte Hordalandsliene kan det ofte vera einaste alternativ for å få skogen ut. Føremonen med metoden er at det vert lite inngrep i terrenget og at flaten gror raskt igjen.

Taubane
Taubane. Foto: Fylkesmannen i Hordaland. 

Mange av dei eldste granfelta står i sers bratt terreng. Den gongen dei vart planta  var det usikkert kva det ville verta til med grana.  Grana vart planta på stader der dei kom i minst mogleg konflikt med beiteområda,  som var den tradisjonelle bruken av utmarka. Difor er det i dag ei utfordring å ta ut hogstmoden skog mange stader på Vestlandet.

Pilotfylke - Handlingsplan for slåttemark

Hordaland er eit av pilotfylka for arbeidet med implementering av Handlingsplan for slåttemark i Noreg.

Målet med planen er å redde dei siste restane av gammal (tradisjonell) slåttemark. Fylkesmannen i Hordaland har sett i gong arbeid med å få utarbeidd skjøtselsplanar for dei viktigaste slåttemarkene i fylket.

Kva er slåttemark?
Slåttemark er mellom våre mest artsrike naturtypar. Dette er areal som regelmessig vert slått på tradisjonell måte, med ljå eller tohjulstraktor med slåttekniv, og som ikkje er gjødsla på moderne vis. Slåttemark omfattar også lauveng, som er slåttemark med spreidde lauvtre, der lauvet vert hausta som fôr til dyra og slåttemyr. Naturtypen er truga, og finst i mange ulike variantar, mange er mellom dei mest truga vegetasjonstypane i Noreg.

     DN rapport Handlingsplan for slåttemark

Slåttemarka kan òg innehalde truga artar, særleg av karplantar, sopp og insekt, og handlingsplanen for slåttemark er dermed eit ledd i arbeidet med å stogge tapet av biologisk mangfald.

Dei siste 50-60 åra har jordbruket sine driftsmåtar endra seg sterkt, og slåttemarker har gått tapt av ulike årsaker. Den viktigaste årsaka er at areala har gått over til moderne drift med utstrakt bruk av gylle og kunstgjødsel. Ein del areal har òg blitt nedbygd. Det som er att av gammal, ugjødsla slåttemark finst no gjerne i utkanten av jordbrukslandskapet og er sterkt utsett for attgroing fordi dei har gått ut av bruk.

Slått som driftsform har vore vanleg i heile landet, både i inn- og utmark. Slåttemarkane er resultatet av ei langvarig og kontinuerleg hausting. For å oppretthalde naturtypen og det biologiske mangfaldet er moderat drift eller skjøtsel nødvendig.

Det hastar med å kome i gang med skjøtsel
For å kunne nå målet om å stogge tapet av biologisk mangfald, hastar det med å sikre skjøtsel av dei resterande slåttemarkane. Handlingsplanen for slåttemark har som mål at alle ”svært viktige” og dei fleste ”viktige” slåttemarkene skal vere i aktiv skjøtsel innan 2015. Kva område dette gjeld vil gå fram av Naturbase www.naturbase.no. Handlingsplanen gjeld for kartlagde lokalitetar utanfor verneområda.

Prioriterte slåttemarkar i Hordaland
I Naturbase er i dag omlag 80 område i Hordaland registrert som slåttemark. I løpet av sommaren og hausten har det blitt utført ein omfattande kontroll av desse områda i felt, for å sjå om dei framleis er verdifulle. Arbeidet er enno ikkje heilt sluttført, men det er klart at ein del av lokalitetane ikkje lenger oppfyller kriteria for slåttemark.

For å ta vare på flest mogleg av dei attverande slåttemarkene, skal vi saman med grunneigar prøve å få i stand langsiktige skjøtselsavtalar, der grunneigar mottar stønad for å halde på den gamle driftsforma. Så langt er det plukka ut tre prioriterte slåttemarker i Hordaland: Ulvund og Flage i Voss kommune og Flatekval i Vaksdal kommune. I løpet av 2010 er målet å få i stand skjøtselsavtalar for desse områda pluss ytterlegare seks område.

Slåtteeng i Ulvund
Slåtteeng i Ulvund. Foto: Fylkesmannen i Hordaland. 

Tiltak i Hordaland
Handlingsplan for slåttemark vert administrert av Direktoratet for naturforvaltning. Det er etablert ei ressursgruppe i Hordaland for kunnskapsbasert utveljing og skjøtsel av dei beste lokalitetane. Ressursgruppa er leia av fylkesmannen si miljøvernavdeling i samarbeid med landbruksavdelinga, og det er henta inn ressurspersonar frå Universitetet i Bergen, Landbrukets rådgjevingsteneste og Bioforsk. Arbeidet med supplerande registreringar og utarbeiding av skjøtselsplanar skjer i nært samarbeid med grunneigarane.

All skjøtsel på privat grunn bygger på frivillige avtalar med grunneiger.

For meir informasjon sjå Direktoratet for naturforvaltning.
 

Ny bruk av ledige landbruksbygg

Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet oppfordra til å fronte ny bruk av ledige landbruksbygg.

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt brev til Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og Miljøvernminister Erik Solheim der han ber dei ta eit tak for å gi nytt liv til dei mange ledige landbruksbygga. Kommunane vil vera sentrale i dette arbeidet og fylkesmannen har bede ministrane utfordre ordførarane i heile landet om å ta sitt ansvar for å setja fokus på bygningsarven vår.

Landbruket med sine om lag 180.000 gardsbruk utgjer kulturlandskapet som møter både nordmenn og turistar når dei kjem ut i distrikta. Bygningane er ein viktig del av kulturlandskapet, men store deler av bygningsmassen er i ferd med å forfalla då dei er gått ut av bruk. Denne bygningsmassen er ein viktig del av arktitektur- og kulturarven vår og noko må gjerast for å berga det beste frå forfall.

Driftsbygningen Granvin og Sagen i Bergen.
Driftsbygningen Granvin og Sagen i Bergen. Foto: Fylkesmannen i Hordaland  

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland har fått ansvaret for eit av tre  landsdekkande prosjekt for å inspirere eigarar av ledige landbruksbygg til å vedlikehalda bygg som ikkje lenger er i bruk. Den beste måten å verna bygg på er gjennom å få ny aktivitet i bygga. Kan bygga nyttast til næringsverksemd, som om ikkje anna kan forsvare vedlikehaldskostnadane, er mykje gjort.

I brevet til ministrane Brekk og Solheim ber fylkesmann Sponheim om at kommunane i Noreg vert utfordra av ministrane til  å kartleggje og nominere  den mest spenstige idéen  knytt til næringsutvikling, der sjølve bygget er rammeverk rundt føretaket.

 I tillegg skal kvar kommune nominere den bygningen som gjennom restaurering og bruksendring har teke vare på sitt arkitektoniske særpreg i kombinasjon  med  ny bruk og tilpassingar til nye funksjonar. Sponheim foreslår at det bør føretakast ei lokal prioritering og eventuell premiering på kommunenivå. Deretter bør det på fylkesnivå føretakast  ei premiering av dei kommunale finalistane, som deretter vert gjenstand for ei nasjonal vurdering og premiering.

Det er mange gode krefter med på laget i prosjektet, mellom anna faglaga i landbruket, Riksantikvaren, Innovasjon Norge og fylkesmennene.

Prosjektet i Hordaland er leia av landbruksdirektør Ole Bakkebø. Nokre av tiltaka i prosjektet er å arrangere workshops, regionmøte og så er det ei handbok under arbeid. Ein ynskjer i prosjektet å vise alternativ bruk for desse ledige bygga, og å få fram praktisk informasjon for å inspirera folk til å tenkje nytt i når det gjeld næringsverksemd i ledige landbruksbygg.

Grisehuset på Hoel gård i Ringsaker. 
Grisehuset på Hoel gård i Ringsaker. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.
 

Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Hordaland og Sogn og Fjordane driv i fellesskap føregangsfylkeprosjektet, for å fremja økologisk frukt og bær produksjon på Vestlandet. Erfaringane herfrå skal gje ringverknadar for frukt-og bærmiljøa i heile Noreg. I år har det vore fokus på lokale produsentretta tiltak. Mindre prosjekt knytt til næringsforsyning og frukttrehelse har vore viktige for å trygge ein aukande fruktproduksjon.

Epler på grein
Foto: Fylkesmannen i Hordaland. 

I år hausta me fruktene av tidlegare økosatsingar i Hardanger og kan vise til ei dobling av haustinga av norske øko-eple. Til neste år kjem det store plommehoppet i Hardanger  – då vil dobbelt så mange dyrkarar levere økologiske plommer i høve til årets produksjon. I Sogn er det stadig fleire dyrkarar som legg om produksjonen sin  for å forsyne Balholm sin populære fruktjus med økologiske eple.

Det tek tre år frå omlegging til frukt og bær kan haustast som økologiske, og fell nokon frå skapar det negative ringverknadar i lokalmiljøet. Føregangsfylka ser det som viktig både å halda på dei økologiske dyrkarane og oppmuntra nye dyrkarar. I år vil difor dei økologiske frukt-og bærdyrkarane i regionen få oppfyljing av rådgjevingstenesta . I tillegg har eit 20-tals vanlege dyrkarar og sagt ja til å få eit gratis fyrsteråd (GFR), for å sjå korleis øko-drift på deira gard kan sjå ut.

     Eple
Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Men det er vanskeleg å motivera dyrkarar til å leggje om når det stadig kjem nyhende om at forbrukarane ikkje vil ha økologiske produkt. Det står i sterk kontrast til erfaringane prosjektleiaren, Frøydis Lindén, har gjort seg under info-stand på fleire av matfestivalane i haust. Mange av dei som har smakt på øko-epla er overbegeistra, men fortvilar over at dei ikkje finn det i daglegvarebutikkane.

I Bergen har det no starta ein heiløkologisk daglegvarebutikk som heiter Reindyrka.  Dei vil så langt det er rå kjøpa inn lokale økologiske matvarer, og føregangsfylkeprosjektet ynskjer å støtte opp med god informasjon om økologisk frukt og bær. Det vil for eksempel bli utarbeidd ein sorts-og årskalender for når norsk frukt- og bær kan kome på marknaden. Det kan lette planlegginga og bestillingsrutinane for butikkane som ynskjer å selja norsk økologisk frukt og bær.

Ja, kom dykk ut av kontoret og kjøp norske økologiske eple no! I slutten av november er den norske sesongen slutt.
 

Landskapsparkane i fokus på Grüne Woche

Hordaland er eit av fylka som er valt til å delta på den internasjonal viktigaste messa for mat, landbruk og reiseliv Grüne Woche i januar 2011. Ein stor sjanse for bedrifter frå regionen vår, spesielt frå landskapsparkane.

På ei messa med ca 400000 besøkjande skal mat- og reiselivsbedrifter frå Bergen, Voss, Ulvik og Kvam vise fram det beste av vestnorsk matkultur og slik lokka tyske turistar til landet vårt. Fjordnoreg og Bergen er allereie viktige reisemål for tyskarar i Noreg. Landskapsparkane kan i tillegg vere spydspiss for eit levande fjordlandskap der turisten kan møte ”nordmenn i sitt naturlege habitat”. Landskapet har fått toppkarakter, noko som gjer områda til landskapsparkar. Her legg folk til rette for auka men skånsam turisttrafikk. Stalheim, Ulvik og Fyksesund landskapspark er involverte i forarbeidet til Grüne Woche.

     Skilt landskapspark
Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Viktig for ei sterk satsing på den tyske marknaden er eit godt samarbeid mellom store og små aktørar langs reiseruta. Servering av lokal mat og tilbod av lokale aktivitetar står sentralt. Ei reiserute frå Bergen til Voss, vidare til Ulvik og Kvam og retur til Bergen er under utvikling. Målsetinga er å lage eit tilbod på helgeturar i Fjordnoreg. Dei utvalte bedrifta langs ruta er snart klare for lansering.

Prosjektet har fått arbeidstittelen ”Bergen1,5 - BergenEinsKommaFünf” og går alt etter planen, vert reiseruta for første gang presentert på messa Grüne Woche.

Landskapspark
Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

LivOGlyst-bussen rullar i Hordaland

LivOGlyst- program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland, har invitert lokale prosjektleiarar og -medarbeidar på ei todagars rundreise til eit utval livOGlyst-prosjekt i fylket.  14. - 15. oktober får om lag 40 lokalsamfunns- og bygdeutviklingsentusiastar vitja livOGlyst i Kårbø i Meland kommune, i Samnanger kommune, Fyksesund som er eit landskapsparkprosjekt i Kvam og livOGlyst i Eidfjord.  I Eidfjord får deltakarane også delta på den årlege matkulturfestivalen som i år tilbyr kurs i menyutvikling, matspesialitetar som reiseminne, bruk av ville vekstar og partering og bruk av hjort og hjortekjøt.

LivOGlyst- program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland
Mange lokalsamfunnsutviklarar, både innanfor og utanfor fylkesgrensa, er merksame på og interessert i livOGlyst-satsinga i Hordaland. Det kan nemnast at i 2010 mottok livOGlyst 19 prosjektsøknadar, og har sida oppstarten i 2008 teke i mot heile 59 søknadar om deltaking. Hovudmålsettinga til programmet er å stimulera til lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. Eit viktig kriterium i programmet er at prosjekta skal satsa på ei organisk kopling mellom bygdemobilisering for trivsel/bulyst og entreprenørskapsutvikling, og at dei har unge, kvinner og migrantar som særskilt viktige målgrupper. Prinsippet om ”bottom up”- utvikling og systematisk satsing i kryssingsfeltet mellom bu- og trivselstiltak og lokalt entreprenørskap, vert følgd opp med kompetanseutviklingstiltak, lærande nettverk og oppsøkjande verksemd frå den regionale partnarskapen og førstelinetenesta i kommunane. Erfarings- og inspirasjonsreisa med livOGlyst-bussen er del av dette lærande kompetanse- og nettverkstilbodet.

Mange synleg verdiskapings- og bulystresultat
LivOGlyst-satsinga i Hordaland byrjar no å gje mange synlege resultat.  Kårbø, nord i Meland kommune, er eit godt døme. Kårbø har vore ei nedleggingstrua bygd prega av gardsbruk utan drift og fråflytting. I 2002 skjedde det ei endring ved at to bruk vart overdregne til nye eigarar. Dei nye eigarane var opptekne av å skapa ny leveveg på kystgardsbruka, og inviterte heile bygda til samarbeid om ny verdiskaping, optimisme og trivsel.  I 2008 skipa dei Kårbø grendelag, og etter søknad vart dei tildelt midlar for tre år av livOGlyst -programmet. 

    Det rullende bygdekontoret logo
Det rullende bygdekontoret.
Foto: Fylkesmannen i Hordaland. 

Eldsjelene, småskala- og samfunnsentreprenørane som står bak livOGlyst-prosjektet i Kårbø, har no lykkast i å gjenreist ei nedleggingstrua bygd. På kort tid har det skjedd entreprenørskap innan vilt/hjort, fiske, villsau, småskala mat (spekepølse, pinnekjøt og fenalår), økologisk frukt/grønsaker (eigen stend på Bondens marknad), inn på tunet, planar for eit nytt produksjonslokale er klar, og eit hestesenter med ny ridehall trekkjer til seg folk og særleg ungdomar frå heile Nordhordlandsregionen. Dei årlege ”Kårbødagane” kan også skilte med mange hundre tilreisande. 

LivOGlyst-prosjektet i Samnanger er eit anna føregangsdøme på korleis god prosjektleiing i tett dialog med ordførar, kommuneadministrasjon og dugnadsvillige innbyggjarar som løftar i flokk, kan skape endring og lokal vekstkraft. Sida opptak i livOGlyst programmet i 2009, har brei og inkluderande mobilisering for trivselstiltak, og godt samarbeid for å løfta fram nye lokale entreprenørar gitt mange synlege resultat. Det har vakse fram stor aktivitet innan landbruk og landbruksrelaterte næringar (kjøttproduksjon, villsau, inn på tunet verksemd, eksklusive osteprodukt og hjortekjøt). Samnanger har fått status som kompetansesenter for småkraftverk og ei rekkje lokale kultur- og opplevingstilbod er på plass (bl.a. Kulturhistorisk senter og veteranbilmuseum, småtønne Economusee). LivOGlyst-prosjektet i samarbeid med kommunen og Bjørnefjorden Næringsråd kan i disse dagar opne ein permanent utsalsplass for kortreist mat m.m. Det vert arbeidd aktivt for å laga ei kulturhistorisk løype og ein universelt utforma tursti. I tillegg satsar dei stort på ungdommen; både i entreprenørskapsamanheng og i form av kulturproduksjon, musikk og trivselsfremmande tiltak. Samnanger er også dyktige på å inkludere innvandrar og flyktningar i det lokale mobiliseringsarbeidet.  Samnanger sitt forbilledlige utviklingsarbeid har gitt ekstra tilførsel av småsamfunnsmidar, og nyleg vart dei tildelt midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet sitt satsingsprogram, Bulyst.

Det rullende bygdekontoret
Det rullende bygdekontoret. Foto: Fylkesmannen i Hordaland. 

LivOGlyst-bussen skulle helst rulla innom og vist fram alle dei ni treårige og fem eittårige prosjekta som får finansiering av programmet.  Men kven andre enn Eidfjord kan invitere til Hardanger matkulturfestival og eit raudlete rullande bygdekontor? Eidfjord vart teke opp som eittårig livOGlyst-prosjekt i 2010. Visjonen deira er å skapa ei bygd med livOGrøre, der dei samhandlar på tvers av generasjonar, lag og organisasjonar, kommuneadministrasjon og  politikarar for å gjera bygda så full av trivnad at folk vil stå i kø for å bu der!  Første steg i utviklingsarbeidet er restaurering av Sjøbua, eit verneverdig sjøhus, som skal nyttast til verdiskaping og fungere som lokal møteplass for både folk, mat, kunst og opplevingar. Pr dato står steinomnen i Sjøbua klar til bruk, og dermed gitt nytt liv og smak av den lokal brødbaksttradisjon. Tradisjonsmat står sterkt i Eidfjord. Dette er blant anna uttrykt gjennom den årlege matkulturfestivalen. Hardanger matkulturfestival, som går av stabelen 15. - 17. oktober er møtestaden for tradisjonsberarar innan kunst, handverk og lokal mat. Hovudarena for årets festival er Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjord. Der vil livOGlyst-deltakarane  og andre tilreisande, verta kursa i menyutvikling, matspesialitetar som reiseminne, bruk av ville vekstar og partering og bruk av hjort og hjortekjøt. Harald Osa og Hanne Frosta som er to av kurs- og foredragshaldarane held innlegg om norsk tradisjonsmat og kvifor og korleis nytte norsk mat.

Fyksesund landskapspark
Alle bygde- og lokalsamfunnsutviklingsprosjekt har noko å læra av andre. LivOGlyst-bussen svingar difor innom Fyksesund, eit av dei flottaste og mest vellukka landskapsparkprosjekta i Hordaland. Både som bygdemobiliserings- og landskapsparkprosjekt har Fyksesund mykje å visa til. Eit av prosjekta i landskapsparken har vore dei godt besøkte streif- og kunstvandringane Bluss, Ekko og Rørsle. Bak disse arrangementa står inviterte internasjonale kunstnarar som på ein ny og uventa måte blandar og formidlar kunst, natur, landskap og tradisjon. Lys, lyd, teater, dans og film i eit storslått landskap, har verkeleg gitt tilreisande og turgåande reell nærkontakt med Fyksesund og folket. Streif- og kunstvandringane har markert seg og blitt ein folkefest for alle.

LivOGlyst rullar vidare……
Arrangørar og påmeldte til livOGlyst-bussen kan knapt vente på startskotet. Me er trygge på at dette blir ein stor fagleg og sosial suksess!  Kven veit, Hordaland har mange vellukka livOGlyst-prosjekt å visa fram, kanskje rullar livOGlyst-bussen vidare i 2011. 

Kontaktperson: Seniorrådgjevar Eli Janette Fosso. Telefon: 55 572183, e-post: [email protected].