Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna ein artikkel om feltkurs for å betre kartgrunnlaget i landbruket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna ein artikkel om feltkurs for å betre kartgrunnlaget i landbruket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.   

Gardskart - betre kartgrunnlag i landbruket

Landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Møre og Romsdal skal i slutten av mai igjen arrangere feltkurs med markslagsvurderingar, der Norsk institutt for skog og landskap vil stå for den faglege delen av programmet. Det har i fleire år vore arrangert slike feltkurs, som har vore svært godt motteke av kommunane i fylket. Kursa har vore prega av godt oppmøte og ivrige deltakarar. 2010 kan vere siste året det blir arrangert feltkurs i den form det har i dag, og årsaka er at alle kommunane har kome i gong med gardskartprosessen våren 2010 eller tidlegare.

Gardskartprosessen er kanskje den største satsinga på kart i landbruket sidan økonomisk kartverk på 60-talet. I prosessen inngår etablering av ortofoto/flyfoto, digitalisering, kvalitetssikring, korrigering, publisering av karta og produksjon av jordregister. Gardskartprosessen skal gje sikrare tal for berekning og utbetaling av arealbaserte tilskot i landbruket. Kommunane får dessutan langt betre kunnskap om arealtilstanden i kommunen, noko som gjev betre grunnlag for planlegging, og grunneigaren får eit lett tilgjengeleg, intuitivt og godt verktøy for eiga jordbruksdrift. Prosessen involverer både Norsk institutt for skog og landskap, Statens kartverk, fylkesmannen, kommunane og grunneigarane, og stiller krav til ein god prosess, kompetanse og disiplin.

Fylkesnytt: Feltkurs i Halsa
Feltkurs i Halsa. Foto: Arnold Hoddevik

Kva oppnår vi?
Arbeidet med å heve kvaliteten på grunnlaget for Gardskart, er med å danne et betre og riktigare grunnlag for arealbasert tilskot i jordbruket. I tillegg får mellom anna kommunane betre kunnskap om tilstanden på landbruksareala, både når det gjeld arealstorleik og markslag (innmarksbeite, overflatedyrka og innmarksbeite). Gardskart er òg eit verktøy som landbruksforetaka kan nytte seg av, og som gir ei god oversikt over disponerte areal.

Jordeigaren har ei viktig rolle
For å ende ut med eit kvalitetssikra Gardskart, er det mange aktørar som gjer eit skippertak. Norsk institutt for skog og landskap startar opp prosessen med å hente inn informasjon om eigendomsgrenser frå økonomisk kartverk, data frå landbruksregisteret og digitalt markslagskart. I tillegg har landbruksareal vorte flyfotografert, og dette gir eit godt kartgrunnlag for arbeidet.

Kommunane kvalitetssikrar eigendomsgrensene, markslag og at opplysninger i landbruksregisteret er riktige. I denne prosessen inngår også utsending av gardskart til grunneigarane i kommunen. Med andre ord får eigarar av landbrukseigedommar tilsendt kart over sine areal, der arealstørrelse og markslag inngår i informasjonen. Det hender at opplysninger knytt til areala er endra i høve til tidlegare, og grunneigar får på denne måte høve til å gi kommunen beskjed om eventuelle feil i kartet. Grunneigaren bør nytte dette høvet, for arbeidet endar ut i at det er Gardskart som vil danne arealgrunnlaget i tilskotssamanheng.

Fleire kommunar i Møre og Romsdal er allereie ferdige med sjølve gardskartprosessen, og prosessen har vist at det er fleire tilbakemeldingar frå grunneigarar om feil i eigedomsgrenser enn feil i arealklassifiseringa/markslaga. Prosessen har i tillegg ført til større fokus på kart i kommunane og behovet for gode, faste rutinar for oppdatering og vedlikehald av kart. Det er bra, for det vil til ei kvar tid vere avgjerande at kommunen også i framtida ajourfører grunnlagsbasane som inngår i Gardskart.

Norsk institutt for skog og landskap og Statens kartverk har hatt ei sentral rolle, og bidratt med grundig og god planlegging av digitaliseringa og behandlinga av spørsmål knytt til prosessen. Fylkesmannen si viktigaste rolle i gardskartprosessen har vore, og er, å koordinere prosessen i Møre og Romsdal. I tillegg held fylkesmannen årlege kurs og rådgjeving mot kommunane, og bidrar til at dei leverer sine data med rett kvalitet og til rett tid.

Fylkesnytt: Feltkurs i Halsa
Feltkurs i Halsa. Foto: Arnold Hoddevik.
  

Bygdemobilisering fremjer samarbeid og gir stor aktivitet

Fylkesmannen si landbruksavdeling har i perioden 2006-2009 hatt hovudansvaret for ei utvida satsing på bygdemobilisering i Møre og Romsdal. Erfaringane viser mellom anna at mobiliseringsarbeid

  • stimulerer ”nedanfrå og opp”-tankegangen
  • er kostnadseffektivt på grunn av den store dugnadsinnsatsen
  • gjer bygdefolk ansvarlege for eiga framtid
  • fremjer samarbeid og samhandling

Fylkesnytt: Solsiden
Solsiden. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Bygdemobiliseringa har vore ein del av den nasjonale småsamfunnssatsinga i regi av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og entreprenørskapsprogrammet hoppid.no. Målet har vore å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid. I tillegg har gründer- og entreprenørskapstanken stått sentralt. 

Fylkesnytt: hoppid.no logoHoppid.no er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, fylkesmannen og Innovasjon Norge der målet er fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal.

I programperioden er det starta bygdemobilisering i 21 prosjektbygder. Desse er finansierte gjennom småsamfunnsmidlar frå KRD og bygdeutviklings-midlar frå fylkesmannen. I alt er det tildelt 4,9 mill. kroner. Rapportane frå dei ulike prosjekta syner ein stor aktivitet innanfor område som til dømes prosessarbeid, arbeid overfor ungdom, utvikling av trivselstiltak og busetjing - aktivitetar som ikkje hadde vore mogleg utan denne satsinga. Med bakgrunn i dei gode erfaringane, vert satsinga på småsamfunn/bygdemobilisering vidareført som ein del av hoppid.no-satsinga etter programperioden.

BB2012 - Berekraftig bygg i Møre og Romsdal

Fylkesnytt: BB2012 logoBB2012 (Berekraftig bygg i Møre og Romsdal) er eit prosjekt i regi av Møre og Romsdal arkitektforening. Prosjektet ønskjer å vise veg med klimavenlege førebilete og skape ein arena for læring og dokumentasjon. Auka bruk av tre og bidra til auka innovasjon i treindustrien er nokre av målsettingane. BB2012 er no inne i ein forprosjektsfase der målet er oppretting av eit 3- årig hovudprosjekt.

Rindal kommune i samarbeid med BB2012, Innovasjon Norge og Fylkesmannen arrangerte den 30. april ein vellykka dialogkonferanse der 25 bedrifter innan bygg og energi var samla.
Dialogkonferansen er ein pilot der målet er å bidra til at utbyggar når sine målsettingar for type bygg, samtidig som ein stimulerar til innovasjon blant leverandørar. Det vil nå bli utarbeidet skisser til type bygg der utbyggars føringar samt dialogen med leverandørane ligg til grunn. Vidare er det eit mål at utbyggingsprosjektet organiserast opp som eit samspelprosjekt med prekvalifisering av team for leveransar.   

Rindal kommune har gjennom prosjektet Rindal Vest mål om oppretting av framtidsretta berekraftige bygg i utviklinga av Rindal sentrum. I utbyggingsprosjektet er det fokus på:

Til toppen