Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nyhende frå Beiteprosjektet 2010, som set fokus på flåttoborne sjukdommar på sau. Resultata etter prosjektet vert lagt fram i Molde den 30. november.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nyhende frå Beiteprosjektet 2010, som set fokus på flåttoborne sjukdommar på sau. Resultata etter prosjektet vert lagt fram i Molde den 30. november.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Beiteprosjektet 2010 har hatt fokus på flåttoverførte sjukdommar og alveld

Arbeidet blir oppsummert på konferanse i Molde den 30. november. 

Lam i Vike i Eikesdal
Lam i Vike i Eikesdal. Foto: Byrge Fitje.

Det er store tap av sau på beite i Møre og Romsdal, og langt frå alt kan tilskrivast rovdyr. Over tid har utviklinga vore negativ, og i nokre område er næringa direkte trua. Gjennom Tilsynsprosjektet og seinare Beiteprosjektet har Landbruks- og matdepartementet / Jordbruksavtalen løyvd midlar for å kartlegge årsaker og finne tiltak. Lammetapet har i snitt dei siste åra vore mellom 10-12 prosent, og tapa har vore store både i og utanfor rovdyrområda. Beiteprosjektet har hatt ei brei tilnærming, men oppgåva for Møre og Romsdal har vore spissa mot flåttoverførte sjukdomar og alveld.

Resultat frå tidlegare år viser at den flåttborne bakterien Anaplasma phagocytophilum er vanleg over heile fylket, og er den viktigaste årsaka til tapa i område utan freda rovvilt. I tillegg til direkte tap har ramma besetningar markert lågare vekter på tilsynelatande friske dyr. Anaplasmose / sjodogg angrip milt og invaderar kvite blodceller. Dyret får feber, og blir meir utsett for andre sjukdomar.  For å angripe problema, jobba vi 2010 med tre innfallsvinklar;


 
            

Stadeier av flått
Stadier av flått.
Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal 

  1. Er smittetrykket forskjellig over tid og over korte avstandar? Kan vi på førehand seie kva beite som gir spesielt høg risiko? 
    Vi har samla inn 1250 flått etter ein fast forsøksplan, og for kvar flått har vi leita etter DNA frå Anaplasma og 3 underarter av Borrelia. Flåtten er samla inn som del av ei hovudfagsoppgåve ved UMB, og DNA undersøkelsane er gjort i samarbeid med eit doktorgradsarbeid ved Høgskulen i Ålesund. Resultatet frå analysane blir halde opp mot tapsregistreringar gjennom sesongen. 
  2. Anaplasma phagocytophilum hemmar immunforsvaret og gjer dyra meir mottakelege for sekundærinfeksjonar. Kan vaksinering mot nokre av dei viktigaste sekundærinfeksjonane hindre at lamma blir sjuke? Vil antibiotikabehandling av synleg sjuke dyr få ned tapsprosenten?
    Lam i forsøksbesetningane har blitt vaksinerte mot ei rekke sekundærinfeksjonar, det er sett på effekt av flåttmiddel, desinfeksjon av navlestreng, og behandling med langtidsverkande antibiotika. Resultata er ikkje klare, men mykje tydar på at intensiv behandling har hatt effekt, og vi har også begrunna mistanke om resistens mot flåttmedikament. 
  3. I tillegg til dette, har vi jobba vidare med problematikken rundt alveld.
    Ein ”missing link” i tillegg til romeplanta har vore søkt etter i mange år, og arbeidet i 2008 og 2009 gav grunnlag for ein ny forklaringsmodell der blågrønnbakteriar deponert i biofilmar spelar ei viktig rolle. Arbeidet i 2010 har gått ut på å gjere analyser for å etterprøve denne arbeidshypotesa. Tekniske problem har gjort at arbeidet er forsinka, men vi kjem stadig nærmare. 
Resultata etter beiteprosjektet dette året er viktige for å leie vidare innsats på dette feltet i rett retning. Vi inviterar i samband med dette til konferanse i Molde den 30. november med tittel ”Flåttborne sjukdommar, beiting og naturbruk”. Her vil også andre relaterte tema samband med flått- problematikken bli belyst og diskutert. Kva veit vi om utbreiinga av flåtten? Spelar størrelsen på hjortestamma ei rolle? Kva bør folk flest, og ikkje minst primærhelse-tenesta, vite om flåttborne sjukdommar? Kva kan vi gjere for å redusere risikoen for å bli smitta? Detaljar om konferansen er lagt ut på heimesidene til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Av: Åshild Melkeraaen, fylkesagronom, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

          

Alveldlam
Alveldlam.
Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal skognæringsforum

Møre og Romsdal skognæringsforum ble stifta sommaren 2010 og er ein interesseorganisasjon for skogbruket og treforedlande industri i Møre og Romsdal. Forumet har som formål å styrke og utvikle skognæringa i fylket. Terje Kolstad frå skogselskapet i Møre og Romsdal er valt som leiar, mens Bente Dyrnes Årø frå styret i Allskog BA er valt som nestleiar for Møre og Romsdal skognæringsforum.

Gjennom Melding om kystskogbruket ble det kartlagt at verdiskapinga for skognæringa i Møre og Romsdal er ca 750 millionar årleg. I 2005 var det 123 bedrifter i fylket som arbeida med tre og treprodukt, desse bedriftene sysselsette ca 1550 personar. Viss ein i tillegg tar med møbel så er den totale årlege verdiskapinga frå skognæringa i Møre og Romsdal ca 4,7 milliardar. Målsettinga til Kystskogbruket er at verdiskapinga i skognæringa frå kystfylka skal doblast innan 2020. Eit av tiltaka for å nå målet er at det opprettast skognæringsforum i dei ulike fylka som i fellesskap skal bli ei drivkraft for auka innovasjon og verdiskaping i verdikjeda.

Medlemmer i styret for Møre og Romsdal Skognæringsforum
Medlemmer i styret for Møre og Romsdal skognæringsforum. Frå venstre: Dag Bjerkestrand, Ole Kårvåg, Bente Dyrnes Årø, Kristen Bruset og Hallvard Brusethaug. Terje Kolstad var ikkje tilstede. Foto: Kåre Kristen Totlund.

Av: Kåre Kristen Totlund
 

Gjer klart for hausting av skogreisingsskogen

Ved årsskiftet vart det igangsett eit 3-årig skogbruksprosjekt i Ørsta på Sunnmøre. Prosjekt Ørstaskogen skal jobbe med skogeigarsamarbeid og det å legge til rette for haustinga av skogreisingsskogen. Ørsta er ei utprega skogreisingskommune med relativt store skogressursar frå 1950- og 1960-åra; kring 33.000 daa er tilplanta med gran. Grovt rekna utgjer grana no 1/3 av det produktive skogarealet og 2/3 av tømmervolumet i kommunen. Dei fyrste plantingane tek no til å verte hoggande med svært god virkeskvalitet og bra volum. Men det er ikkje så heilt enkelt å få gjort noko i skogen alle stader.

Ørstaskogen Liadal, Halsemarkane og Raudøya
Ørstaskogen Liadal, Halsemarkane og Raudøya - Foto: Hans Peter Eidseflot

Skogsmarka i Ørsta er eit lappeteppe av teigar og eigedomsgrenser. Gjennomsnittseigedomen på ca 100 daa produktiv skog er som regel delt i fleire teigar, og i tillegg kjem utfordringane som landskapet gjev med sine bratte lier. Så for å kunne drive rasjonelt og samstundes få teke nødvendige miljøomsyn, er ein avhengig av eit samarbeid mellom fleire tilgrensande eigarar. Det er også variabelt kva som finst av eigna skogsvegar, velteplassar og snuplassar, noko som er naturleg der det ikkje har vore hausta skogsvirke tidlegare. Alt dette påverkar sterkt økonomien i skogsdrifta. Ved å samarbeide om veg og hogst, får ein ned driftsprisen og utgiftene til vegar. Og tilsvarande vil skogeigaren sitje att med meir i netto.

For det er det prosjektet i stor grad handlar om: å få til eit rasjonelt og miljøtilpassa opplegg som gjer at skogen kan drivast med størst mogeleg overskot for eigarane. Mange har berre levert tømmer éin gang tidlegare; i form av vindfelt virke frå orkanen i 1992. Ut frå dei erfaringane har mange konkludert med at skogsdrift ikkje gir noko overskot, og den haldninga påverkar lysta til aktivitet og investering i skogen. No er situasjonen ein heilt annan enn i 1992: vi kan førebu hogsten av ferdig utvaksen skog så den skjer på beste og billegaste måten. Og vi kan unngå ei hausting der den beste og lettast drivbare skogen vert teken ut, slik at skogen med dårlegast netto står att.

Ørskogen logoMen det å motivere og mobilisere til aktivitet i skogen er eit langt lerret å bleike. Skogbruksnæringa sjølve er ikkje flinke nok til å tilpasse seg ein situasjon med mange uerfarne skogeigarar. Dagens skogeigar forventar ryddig informasjon, rasjonell utføring og oversiktlege virkesoppgjer. Når ein så opplever det motsette, betyr den potensielle skogbruksinntekta så lite for den enkelte eigaren, at ein heller let skogen stå - dessverre. Prosjektet jobbar no med å få igangsett drifter som kan vere gode eksempel, både i høve til utføring, skogeigarsamarbeid og økonomisk resultat. Det å ha nokon slike ”bjøllesauer” er venta å ha stor positiv effekt på motivasjonen til skogeigarane. Det gjer det lettare å nå prosjektet sitt hovudmål, nemleg å førebu hogstaktiviteten i den komande 5-10 års perioden og sikre at den aktiviteten gir overskot og motivasjon til ny satsing på framtidsskogen!

Prosjektet er eigd av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Allskog og Ørsta kommune.
Hans Peter Eidseflot er prosjektleiar i 80 prosent stilling.

Av: Hans Peter Eidseflot, prosjektleiar i prosjekt Ørstaskogen.
 

Tek utdanning om landbruk og klima

Universitetet for miljø- og biovitenskap arrangerer for første gong etterutdanningskurs om klima og landbruk. I september møtte 19 deltakarar til første samling i Molde.

Halvparten av desse er frå Møre og Romsdal. Kurset er skreddarsydd for at dei som jobbar med kommunale klimaplanar skal bli konkrete på gode tiltak i landbruket.

Alle norske kommunar skal ha ein eigen klimaplan. Mange kommunar har laget ein slik, men få har kome langt i å fylle klimaplanen med konkrete tiltak. Det vil komme krav til å ha klare mål om å redusere utslepp av klimagassar, også for landbrukssektoren.

Fleire sentrale forskarar på klima og landbruk deltok på første samlinga: Odd Magne Harstad, Arne Grønlund, Harold Leffertstra og Erik Trømborg.

Innhaldet i kurset omfattar mellom annan tema som:

  • Overordna mål i klimapolitikken
  • Utslepp av klimagassar i landbruket og tiltak for å redusere desse
  • Bioenergi frå skogbruk og jordbruk
  • Klimaendringar og kva verknad desse får for landbruket
     
  • Meir om kurset

Deltakarane frå Møre og Romsdal
Deltakarane frå Møre og Romsdal. Foto: Synnøve Valle. 

Av: Synnøve Valle, Rådgiver, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, [email protected].

Til toppen