Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Første Fylkesnytt for 2011 frå Fylkesmannen i Hordaland inneheld mellom anna nyhende om god interesse for Inn på Tunet i fylket. I år har åtte kommunar søkt om å få bli med i andre runde av Inn på tunet-satsinga.

Første Fylkesnytt for 2011 frå Fylkesmannen i Hordaland inneheld mellom anna nyhende om god interesse for Inn på Tunet i fylket. I år har åtte kommunar søkt om å få bli med i andre runde av Inn på tunet-satsinga.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Hordaland markerar seg internasjonalt

På Grüne Woche, den internasjonale messa for landbruk, mat og reiseliv i Berlin i januar 2011, presenterte Fylkesmannen i Hordaland eit spesielt reiselivskonsept. Mottoet var: Kort reise, sterke inntrykk eller Kurze Reise, Starke Eindrücke.

Grüne Woche 2011
Grüne Woche Berlin. Foto: Dirk Kohlmann.

Hordaland stilte på Grüne Woche med tolv personar. Dei representerte lokalmatprodusentar, reiseliv og Fylkesmannen i Hordaland.

Fylkesmannen i Hordaland fremja i samarbeid med Fjordtours og Fjord-Norge AS “Bergen 1,5” for den tyske marknaden. Det heiter Bergen 1,5 på grunn av at alle reisemåla ligg 1,5 time frå kvarandre.

Konseptet vert presentert for den norske pressa på ambassaden i Berlin under Grüne Woche. Den norske utstillinga vart opna av statsrådane Lars Petter Brekk og Trond Giske.

Bergen 1,5
Forside brosjyre Bergen15
Når Fjordtours og Fjord-Norge AS i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland lanserer “Bergen 1,5” for den tyske marknaden, er det eit fyrste framstøyt mot forventningsfulle, krevjande og betalingsvillige enkeltturistar som har lite tid (“Kurze Reise”), men som ynskjer maks av ekte opplevingar (Starke Eindrücke).

I løpet av 2011 vert aktørane langs reiseruta, mellom anna Landskapsparkane, mogleg å nå gjennom Fjordtours-systemet. Dermed er store og små tilbydarar langs ruta tilgjengelege med eit klikk og kan “leggjast i handlekorga” før gjesten set seg på flyet. Dette er starten på ein ny tidsepoke for opplevingsturismen!

Nye trendar
Mange forventar mykje meir av opplevingspakka. Dei vitjande ynskjer å sjå “ekte vare”. Det lokale har ein viktig plass i den nye forståinga av turisme; Dei “litt vanskeleg å finne fram til” og “det å møte folket på staden”- opplevingar. Viktigare og viktigare vert det òg å kunne tilby miljøsertifiserte produkt og formidle historia bak produkta og opplevinga.

Det lokale - det unike
I kjølvatnet av denne utviklinga har det vekse fram nye mat- og aktivitetstilbydarar med avgrensa tilbod når det gjeld tilgjenge, daglege avgangar, sengekapasitet, sommar- og vintersatsingar og proffe nettsider på alle slags språk Noreg og fjordane er unike på verdsbasis. Mange turistar har besøkt Noreg, og vore fascinerte av landskapet. Tilbydarane og landskapet dei forvaltar utgjer det sjarmerande og det unike turistane etterspør. Både hotell og reiseselskap byggjer i dag produkttilboda sine på det lokale. Berre slik kan dei vere annleis på den store marknaden.

Grüne Woche 2011
Hordaland-stand på Grüne Woche, Berlin. Foto: Dirk Kohlmann.

Å bruka lokalmat i samband med godt brosjyremateriell strekar under bodskapen om at Noreg er vel verd eit besøk og at det ikkje berre er naturen ein kan oppleva, men også den gode lokale maten.

Grüne Woche har vore ein stor suksess for tilbydarar innan det landbruksbaserte reiselivet og for lokale matprodusentar i Hordaland.
  

Stor aktivitet i Inn på tunet i Hordaland

Hordaland er med i ny runde med Inn på tunet-løftet, og i år har åtte kommunar søkt om å få bli med i andre runde av Inn på tunet-satsinga til Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.

Inn på tunet-løftet logo 

Det er Stord, Sveio, Kvam, Kvinnherad, Voss, Lindås, Radøy og Ullensvang som har søkt i 2011. Ullensvang har søkt i samarbeid med Odda og Eidfjord.

Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har sett av 18 millionar kroner over 3 år til satsinga. Inn på tunet-løftet gjer det mogleg for kommunane å sette i gang nye utviklingsprosjekt på tvers av etatar og kommunegrenser. Løftet kan være eit verktøy for innovasjon i forhold til tenesteproduksjonen. Samtidig kan satsinga gjere sitt til at kommunen oppfyller pliktene sine i forhold til nasjonale, regionale og kommunale strategiar og planar. Inn på tunet-tilbod kan bidra til ein betre kvardag for kommunen sine innbyggjarar, meir aktivitet for pengane og næringsutvikling i kommunen.

I 2010 drog 37 kommunar i gang 25 Inn på tunet -løftet prosjekt rundt omkring i landet. I fjor fekk Bergen og Sveio vere med på Inn på tunet-løftet. Dei er i full gang med arbeidet sitt, og Bergen har mellom anna to svært interessante demensprosjekt i gang. No er det nye moglegheiter for dei åtte kommunane i Hordaland som har søkt om å bli med i 2011.

Fylkesmannen skal gje sin uttale til søknadene innan 1. mars 2011 og gjere ei vurdering av den enkelte søknaden og moglegheiter til å lukkast. Eit viktig moment i vurderinga er politisk forankring av arbeidet i kommunen.
 

Brosjyre: Garden som pedagogisk ressurs og læringsarenaKurs i Garden som ressurs

Fylkesmannen i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har saman med Høgskulen i Molde laga kurs med fokus på garden som pedagogisk ressurs og læringsarena. Kurset gir 10 studiepoeng.

Målgruppe for kurset er bønder som ynskjer å bruke garden som læringsarena og lærarar i grunnskule og i vidaregåande skule.

Å bruke garden som ein ressurs til grupper med ulike hjelpebehov, opplæringsarena eller som ein alternativ dag, har eksistert i over 10 år og utvikla seg i ulike retningar. Saman med denne utviklinga har også behovet for studietilbod, knytt til ulike tema, utvikla seg. Kurset “Garden som ein pedagogisk ressurs og læringsarena” er vidareutvikla på grunnlag av eit Leonardo Da Vinci prosjekt: ”Training for small farm diversification in Europe” med utarbeiding av læreplan ”Caring Work on farms” og 4 kurs i “Grøn omsorg/Inn på tunet”.

Tilskot til rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket (RULL)

Fylkeskommunane har frå og med 2010 fått eit utvida medansvar for gjennomføring av landbrukspolitikken på regionalt nivå. Ansvaret er dels eit ledd i arbeidet med å styrke fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar, dels ei auka satsing på dei prioriterte områda rekruttering, likestilling og kompetanseheving, gjennom ei ny tilskotsordning. Den auka satsinga vert sett i samanheng med fylkeskommunane si breie rolle som utdannings- og regionalpolitisk aktør.

Forside RULL StrategiI samarbeid med Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, Fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Noreg og representantar frå dei vidaregåande skulane, har Hordaland fylkeskommune utforma eit strategidokument som skal vere styrande i Hordaland fylkeskommune si landbrukssatsing knytt til rekruttering, likestilling og kompetanseheving for 2011 og 2012.

Hordaland fylkeskommune har for 2011 fått tildelt 1,2 millionar kroner frå landbruks- og matdepartementet til fordeling på tiltak innan rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket.

Kontaktperson
Spørsmål om RULL kan rettast til Hordaland fylkeskommune ved spesialrådgjevar Håkon Jordet, [email protected], tlf.: 55 23 95 23.

Kontaktperson hjå fylkesmannen er Eli J. Fosso, e-post: [email protected].
 

Skognæringa kyst

Skogreisninga i kyststroka, som for alvor skaut fart i etterkrigsåra, er no begynt å gi resultat i form av hogstmoden gran.

Den 11. januar var det stiftelsesmøte for ”Skognæringa Kyst”, eit felles forum for skognæringa i kystfylka frå Rogaland til Finnmark. Fylkesmannen i Hordaland har i fleire år delteke aktivt i prosjekt kystskogbruket. No har vi og bidrege til å få på plass eit næringsforum for kystskogbruket. Forumet vart skipa den 11. januar og har fått namnet Skognæringa Kyst.

Skognæringa Kyst har sin forankring i lokale skognæringsfora og har eit arbeidsutval på tre personar. Representanten for vestlandet er Administrerande Direktør Jan Gunnar Strand i Moelven Granvin Bruk AS i Hardanger.

Arbeid for framtida
Jan Gunnar Strand takker etterkrigsgenerasjonen for sitt engasjement. Det å investere i skogkultur var noko dei gjorde for framtida. Den som planter eit tre må bli veldig gamal dersom han skal få muligheita til å hausta av arbeid sitt. Skogbruk er i den forstand ein aktivitet der det ikkje er enkelt å la seg styre av privatøkonomiske motiv. Tanken bak det heile var å forbetre verda. Kanskje etterkrigsgenerasjonen hadde klarare fokus på reelle verdiar? Trebaserte produkt har vore viktige sidan sivilisasjonens morgongry, og det er ingen ting som tyder på anna en at dei blir like viktige i framtida. Kanskje til å med viktigare, fordi skogen er den mest effektive karbonslukaren vi har.

Forskrift for utsetting av utanlandske treslag
Framlegget om Forskrift for utsetting av utanlandske treslag, slik som den blir lagt fram av Direktoratet for Naturforvaltning, kan gi alvorlige skadeverknader for kystskognæringa. Skognæringa er bekymra over føreslege forskrift om framande artar. Det er kanskje ikkje tilfeldig at skognæringa i kyststroka organiserer seg no. - Det drives politikk på høyt nivå med resursene våre, og viss næringen ikke får sagt tydelig sin mening i disse sakene, blir vi overkjørt, seier Jan Gunnar Strand.

       Mai Britt Hauger avdelingssjef på Moelven Granvin Bruk AS og Jan Gunnar Strand, Daglig leder på sagbruket og medlem i Skognæringa Kyst sitt arbeidsutvalg.
Mai Britt Hauger avdelingssjef på Moelven Granvin Bruk AS og Jan Gunnar Strand, Daglig leder på sagbruket og medlem i Skognæringa Kyst sitt arbeidsutvalg.

Eit vegskille
Skogbruket i kyststroka står på mange måtar ved eit vegskilje i fleire tydingar i disse dagar. - Vi har endelig begynt å høste resultatene fra den storstilte skogreisninga fra etterkrigstiden og volumene i kystfylkene kommer fortsatt til å øke de neste årene.  Dette er jo veldig positivt og viser at generasjonene før oss hadde klare langsiktige målsetninger som vi kan høste av i dag. I all vanlig økonomisk og samfunnsmessig forstand har skogreisningshistorien vært en suksess.  Derfor er det ytterst beklagelig at myndighetene nå prøver å marginalisere kystskogbruket med nye regelverk som kommer til å hindre neste generasjons muligheter.  Det drives aktiv politikk fra visse særinteresser som ikke tar noe hensyn til den eksisterende skognæringa og de muligheter skogbruket kan ha i fremtidens Kyst-Norge,  seier Jan Gunnar Strand og viser til den føreslegne forskrifta om bruk av framande treslag som er til handsaming i regjeringa i desse dagar.

Skognæringsforumet si første oppgåve
Første oppgåve til det nyetablerte skognæringsforumet var å sende eit brev til statsministeren for å leggja fram sine synspunkt på dette, der dei føler at sine argument på langt nær har vore teke omsyn til i høyringsrundane.
 

Status og framtid for lokale landskapsparkar

2010 har vore eit travelt år i prosjektet landskapsparkar i Hordaland. I alle landskapsparkane arbeider aktørane i styra og utval godt med tiltaka dei har set seg som arbeidsmål. Dei ulike prosjekta har fokus på samarbeid, reiseliv, enkeltbedriftsetablering, kulturlandskap, vandring, mat og kultur. Mange prosjekt er langsiktige og vil gå over fleire år.

Åkrafjorden landskapspark
Åkrafjorden landskapspark. Foto: Dirk Kohlmann.  

For å trekkje fram nokre få delprosjekt kan vi fyrst nemne opninga av Herand Kulturhistoriske senter tidleg i 2010. Fylkesmannen Lars Sponheim fekk æra av å opne dette formidlings- og informasjonssenteret for historie og kulturlandskap i Herand landskapspark. Senteret vil både bli eit viktig stoppestad for turistar som ynskjer naturbaserte opplevingar i Herand, men og ein formidlingsplass for lokal historie. Det kan og nemnast at Herand er nominert til den Europeiske landskapsprisen for 2011.

Stalheim Oppleving AS vart starta av 10 grunneigarar rett før summaren 2010. Den første testsesongen med traktorsafari, guida turar og kulturelle arrangement var kort, men eit godt utgangspunkt for vidare satsing i 2011.

I løpet av summaren hadde Ulvik og Stalheim Landskapspark besøk frå 27 internasjonale kunstnarar som vart utfordra på å sjå bygdene med eit kritisk og kunstnarisk skråblikk. Målet for prosjektet Colours of the Fjords var og er å få impulsar til endring og framtoning av viktige element i bygdelandskapet slik at fleire turistar stopper i landskapsparkane.

       Mat fra Fyksesund landskapspark
Mat frå Fyksesund landskapspark

Hausten vart det brukt mykje tid på rundreisekonseptet Bergen1,5 som vart offisiell lansert på IGW Grüne Woche i januar 2011 i Berlin. Tre landskapsparkar er involvert i arbeidet og resultatet er no synleg på www.fjordtours.com/de. Mange gardsbaserte tilbydarar på overnatting, mat og aktivitetar vert no betre tilgjengelege for reiselivet.

2011 blir eit viktig år for landskapsparkane som modell. Konseptet har vist seg godt eigna som bygdestyrt utviklingsmodell for framtida. Det kjem mange førespurnader frå andre bygder og fylke. Tida er mogen for ei nasjonal satsing på lokale landskapsparkar. Fylkesmannen i Hordaland har difor sendt ein søknad om eit nasjonalt verdiskapingsprogram til LMD. Håpet er at forhandlingspartane i jordbruksforhandlingane 2011 synes dette spennande og viktig for heile landet.

Fyksesund landskapspark
Fyksesund landskapspark. Foto: Dirk Kohlmann. 

Prosjektleiar for landskapsparkane i Hordaland er Dirk Kohlmann, mob.: 412 96 550, e-post: [email protected].

Forsidebilde: Kanin. Foto: Roger Hardy, Samfoto