Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen Matfestival som fortsatt er størst på lokalmat.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen Matfestival som fortsatt er størst på lokalmat.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.   

Bergen Matfestival fortsatt størst på lokalmat

86 utstillarar er så langt bekrefta til årets Matfestival, og til opninga fredag 9. september vil dei vere godt over 90. Bergen Matfestival er den største lokalmatfestivalen i landet, og hovudmarknad og viktigaste profileringsarena for småskalaprodusentar frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Matfestival i Bergen.

Matfestival i Bergen. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

Matfestivalen i Bergen/Bønder i Byd’n starta opp i 2002 med 60 utstillarar midt på Torgalmenningen i Bergen. Arrangementet har vakse vidare og flytt til Bryggen, noko som har gjeve festivalen ei fast og historisk god ramme.

Samarbeidet med Sjømat for alle er utvikla og integrert i Matfestivalen, og knyt saman jord og fjord. I år vil fleire veteranbåtar ligge ved Bryggen med kafétilbod, og det vil bli selt kvalkjøt og fisk frå båt. I år er det dessutan særs stor påmelding frå sjømatsida. Restaurantar i og rundt Bryggen set lokalmat på menyen i festivaldagane.

Interessa for lokalmat og tradisjonsmat er spesielt stor i Bergensområdet. Det har den nok ”alltid” vore, det har truleg noko med historiske høve å gjere, då Bergen alltid har vore forsynt frå distrikta på Vestlandet og vore hovudknutepunkt for mateksport frå heile Noreg. Dei seinare åra er det særleg den store framveksten av gardsmat- og småskalaprodusentar i Hordaland og Sogn og Fjordane, samt salskanalane Bondens Marknad og Bergen Matfestival som skal ha æra for dette. Vonaleg vil den gode utviklinga halde fram når Bergen får ferdigstilt den nye mathallen og at samarbeidet kan utvikla seg vidare til ein felles matsatsing, som kan bli til nytte i proffileringa av vestlandet, som matregionen i landet.
 

Norsk hus til Island – ”igjen”

Islands president innvier gjenreist, ”norsk” driftsbygning i høve FN sitt skogår og i anden frå norsk og islandsk skogreising og forbrødring 13. august.

Aqvarel maleri eftir Gunnlaug St.Gíslason malt 2009

(Aqvarel maleri eftir Gunnlaug St.Gíslason malt 2009)

Skogselskapet i Bergen og Hordaland (SBH), fylkesmann Lars Sponheim og fylkesskogmeister Loftur Jonsson blir med på vigsla av det første islandske trehus, bygd av islandsk virke. SBH har støtta prosjektet med kr. 25.000.- og har organisert ein skogfagtur til sagaøya.

Historia
I 1870 drog odelsguten Bjarni Bjarnason frå Bergen til Island for å ta over heimgarden i Skorradalur, etter å ha gjort seg ferdig med utdanninga på jordbruksskulen på Stend. Før heimreisa skaffa han virke og fekk ei sag til å skjere materialar etter teikning til ny driftsbygging på heimgarden. Island var blitt totalt avskoga på denne tida og sagbruk fanst ikkje…

Etter 140 år er garden fråflytta for lenge sidan og driftsbygninga forfalle. Skorradalen har endra seg frå tradisjonelt landbruksområde til eit av Islands mest populære hyttefelt og turområde. Då naboeigedommen vart kjøpt opp av skogforvaltninga i midten av førre hundreår, byrja eldsjeler å planta til med tre, ein geskjeft dei færraste islendingar hadde noko stor tru på. Men med tålmod og stadig betre kunnskap vaks skogen opp og i dag står det sitka på over 20 meter på eigedomen.

Noreg har vidare spelt ei stor rolle i denne historia. Røynslene frå skogreisinga i Kyst-Noreg vart overført og tilpassa islandske tilhøve.  Det Norske Skogselskap reiste mannsterke på dugnad kvart år for å ta del i skogreisinga også på Island.  Mange nordmenn har difor gode minner frå Skorradalur.  I 1961 overrekte kong Olav ei nasjonal gåve frå Noreg; midlar til oppbygging av det islandske skogforskingsinstitutt, som ein takk til Island for bistand nabofolket hadde ytt Noreg under okkupasjonsåra.

Året 2011 er det FN sitt internasjonale skogår.  I det høvet skal det no verneverdige pakkhuset til Bjarni Bjarnason byggjast opp att, denne gongen ikkje med utanlandsk trelast, men med det første tømmeret frå naboeigedommen. Saka har stor nasjonal tyngd på Island og republikken sin president, Olafur Ragnar Grimsson,  får æra av å innvia pakkhuset den 13. august.

Hovudplan for skogsvegar i Hordaland

Verdiskapinga i kystskogbruket vil venteleg doblast med haustinga av skogreisingskogen dei neste 20 åra. Kystfylka ligg langt bakpå når det gjeld infrastruktur til dette, og vil ha sterk trong for skogsvegbygging.

Hovudplanen skal gje ei samla oversikt over eksisterande skogsvegar og synleggjere vegbehovet dei neste 10 åra. Arbeidet med kartlegging av eksisterande vegnett vert gjort i samarbeid med landbrukskontora og Statens Kartverk. Prosjektet starta hausten 2009 og skal ferdigstillast i år.

Hovudplanen vil prioritere prosjekt etter lønsemd. Planarbeidet blir avgrensa til skogsbilvegar og traktorvegar som held stigningskrav til bilveg. Utkastet blir ikkje eit juridisk bindande dokument, men vert lagt ut på høyring, og den endelege planen vil leggje føringar for finansiering av vegbygging i planperioden.

Planen vert utarbeidd etter optimale tekniske løysingar, uavhengig av eigedomsgrensene. Skogeigarane blir såleis ikkje kontakta i denne runden, men hovudplanen vil danna grunnlag for vidare detaljert områdeplanlegging, som seinare vil innebere grendavise møter med skogeigarar.

Norsk institutt for skog og landskap analyserer dei økonomiske sidene ved framtidige tiltak. 22 kommunar valde ut til prosjektet, og drygt halvparten (og dei største) av desse er så langt rapportert.

Dårleg eplesesong i Hardanger

Mange epledyrkarar i Hardanger får låg avling i år, grunna mykje nedbør og låge temperaturar. Dette kan gje store økonomiske utslag for fruktbøndene.

Våren var dårleg for epledyrkarane i år. Utsiktene til store avlingar av Aroma, Gravenstein og Discovery er rett og slett labre. Hjå enkelte dyrkarar må ein leite i trea etter eplekart.

Klimadata frå Ulvik syner ikkje ein dag utan nedbør frå 12. mai til 4. juni i år. I mai vart det målt 139 mm nedbør i Ulvik, mot rundt 50 mm i eit normalår. Knapt ein dag har vist ein middeltemperatur over 10°C i same periode. Dessutan kom frosten tidleg i fjor, slik at trea ikkje fekk avmodna skikkeleg, noko som førte til svakare knoppar i vår.

Epletre med lite kart

Epletre med lite kart. (Foto: Rolf T. Djønne)

Kan utløyse erstatningar
Slike sesongar får store økonomiske følgjer for bruka. Erstatningsordninga ved avlingssvikt har som føremål å redusera økonomiske tap ved klimatisk forårsaka produksjonssvikt. Rettleiing ved søknad om erstatning ved avlingssvikt kan ein få hjå kommunane.

Søknad skal fremjast så tidleg som råd og ikkje seinare enn 31. oktober. Søknaden skal sendast til kommunen, enten i papirutgåve eller elektronisk via altinn.

Ny næring i gamle naust

Forfallet av gamle naust og sjøbuer langs kysten gjer at viktig kulturarv og identitet er i faresona. Som ein variant av ”Ny næring under gamle tak”, vert det starta opp eit prosjekt i 4 Hordalandskommunar med strandsonepress, finansiert frå skjønsmidlane hjå Fylkesmannen.

Kommunane Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy har saman søkt Fylkesmannen i Hordaland om skjønsmidlar til prosjektet ”Ny næring i gamle bygg i strandsona” og fått kr 300.000,- for oppstartsåret 2011.

Prosjektet skal med bakgrunn i 4-5 utplukka objekt i desse kommunane, i eit positivt samarbeid mellom eigarar, kommunar, Fylkesmann og fylkeskommune, stake ut ein kurs for framtidig planlegging og forvaltning av gamle bygg i strandsona. Vonaleg vil ein enda opp med ein ”mal” for handsaming av saker av tilsvarande karakter i Hordaland.

Berre Sund kommune åleine har over 500 registrerte bygg i denne kategorien. I prosjektperioden vil ein identifisera nokre av flaskehalsane for å få til gode løysingar når det gjeld istandsetjing og ivaretaking av desse kulturverdiane i strandsona.
Styringsgruppa for prosjektet består av ordførar Ove Trellevik, Sund (leiar), ordførarane Helge Andre Njåstad, Austevoll, Inge Reidar Kallevåg, Bømlo og Jon Askeland, Radøy, samt landbruksdirektør Ole Bakkebø og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd. Prosjektansvarleg er Gode Sirklar AS som har leigd inn Asbjørn Staveland frå Norges Vel som prosjektleiar.

Fyrst med eige naudnummer for bønder

Frå 24.6. kunne bønder i 18 Hordalands-kommunar ringja 07052 (7 dagar/52 veker), ved akutt sjukdom eller ulukke, og slik få overlata ansvaret for dyra sine til Landbrukstenester Hordaland.

Landbrukstenester Hordaland femner kommunane nord for Bjørnefjorden og Hardangerfjorden, minus Masfjorden og Voss, etter samlinga av mange lokale avløysarlag. LTH har over 1000 vikariat i året innan landbrukssektoren, men også ein monaleg aktivitet mot anna næringsliv og private. LT Hordaland tok fort tak i den nye landbruksvikarordninga, og dagleg leiar Gjermund Stuve seier dei heile tida har hatt som mål om å skapa tryggleik hjå bøndene for at dei også skal vera garantert hjelp ved akutte problem.

Nasjonalt naudnummer?
På årsmøtet til Norske Landbrukstenester i 2010, fremja LT Hordaland, og fekk vedteke, framlegget: NLT skal arbeida for ei landsdekkjande beredskapsordning basert på landbruksvikarordninga med garantert avløysing ved akutt sjukdom eller ulykke”. LT Hordaland arbeider difor for at 07052 vert eit nasjonalt naudnummer, og at bønder som ringjer dette automatisk vert sett over til vakttelefonen i sitt område. Dersom dette lukkast vil det vera ein milepel for avløysarlaga og Norske Landbrukstenester. NLT har som mål å få 90 % av norske bønder som medlemer i avløysarlaga. Ei beredskapsordning som dette er eit godt argument for medlemsskap, i tillegg til at det inneber ein ekstra tryggleik for god dyrevelferd.

Kjøp og sal av landbrukseigedom

Omsetjing av landbrukseigedomar er regulert av fleire lovverk med tilhøyrande føresegner og retningsliner og kan for folk flest framstå som omfattande og til dels vanskeleg tilgjengeleg.

Fylkesmannen har no laga ei rettleiingsbrosjyre som gjev svar på mange av spørsmåla som oppstår i samband med slikt sal og elles viser til kjelder i forvaltninga som kan vere til nytte.

Målet med informasjonsbrosjyren er å gjere det lettare å orientere seg i det regelverket som gjeld overdraging av landbrukseigedomar. Det er også eit mål å peike på stader ein kan få hjelp med prosessen eller få meir informasjon om regelverket, og å peike på korleis og kor du kan legge ut eller finne landbrukseigedomar for sal i den opne marknaden.

Det er stor etterspurnad etter landbrukseigedomar men svært få slike eigedomar som kjem for sal på den opne marknaden. Det er difor også eit overordna mål å peike på løysingar innanfor regelverket som kan bidra til større dynamikk i marknaden for landbrukseigedomar.