Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Noregs eldste matfestival med fokus på lokale råvarer.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Noregs eldste matfestival med fokus på lokale råvarer.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Noregs eldste matfestival med fokus på lokale råvarer

Den Norske Matfestivalen i Ålesund, som vart arrangert i slutten av august, kunne vise til eit breitt program med mellom anna fokus på lokale råvarer. På ei vandring blant alle telta på kaia under festivalen, kunne ein velje i det meste av lokalt produserte produkt av både sjømat og gardsmat.

Sidan starten i 1984/85, har Den Norske Matfestivalen utvikla seg til å bli ein møtestad og ein arena der proffe fagfolk, ambisiøse nybegynnarar, lidenskapelege hobbykokkar og matelskarar samler seg, og lagar eit yrande liv ved hamna i Ålesund sentrum.
Ein av dei som handla på Bondens Marked under festivalen i år var Nils Nesje frå Ålesund. Han er kokk, og leiger seg sjølv ut til firma og privatpersonar. På Matfestivalen hadde han eit matarrangement der han handla stort sett alle råvarene hos lokale produsentar og hadde kurs for publikum. På kurset delte han ut oppskriftene på maten han lagar, og opplyste kvar varene var å få kjøpt. Eit liknande opplegg under festivalen i fjor førte til at dei produsentane han brukte råvarer frå dobla salet, fortel han. - Folk har gjerne for liten kunnskap om bruksmåtane på dei ulike produkta. Den Norske Matfestivalen og Bondens Marked er ein flott arena for å bevisstgjere publikum om dei mulegheitene som finst, seier Nesje.  

Den norske Matfestivalen ønskjer å vere ein kombinasjon av messe for det ypparste innan matkunst i Noreg, med fleire NM, fagforum for matprodusentar av alle slag og folkefest for folk flest. Det unike med Matfestivalen er det gode samarbeidet på tvers av profesjonane. Her møtest aktørar frå fiskeri og landbruk, saman med foredlingsindustrien, kokkane og reiselivsbransjen.

Nils Nesje heldt kurs i å lage mat med lokale råvarer på Den norske Matfestivalen i Ålesund. Her saman med Ann Bolli Halås frå Halås gårdsutsalg.

Nils Nesje heldt kurs i å lage mat med lokale råvarer på Den norske Matfestivalen i Ålesund. Her saman med Ann Bolli Halås frå Halås gårdsutsalg.(Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Bøndene vil investere!

Innovasjon Norge sin rapport for løyvingar i 1. halvår av 2011 i Møre og Romsdal gir eit godt grunnlag for å sjå på bruken av investeringsverkemidla for landbruket i fylket. Søknadane har vore mange, og situasjonen er nok ein gong slik at praktisk talt heile ramma er løyvd ved utgangen av 1. halvår, og ventelista har auka i løpet av året.

Ordning

Løyvde tilskot, kr

Inn på tunet

260 000

Verdiskapingsprogram mat

2 406 000

Bioenergiprogrammet

150 000

Trebasert innovasjonsprogram

315 000

BU-midlar

23 035 541

Totalt

26 166 541

Tabellen over viser kva som er løyvd innanfor dei ulike tilskotsordningane til Innovasjon Norge per 21.06.11 for Møre og Romsdal

I tillegg til dette kjem rentestøtte som er løyvd for eit lånegrunnlag på til saman 76,6 mill. kroner. Med bakgrunn i omfordeling av ubrukte rammer for rentestøtte frå tidlegare år, vil Møre og Romsdal få tilført rentestøttemidlar for ei låneramme på 13 mill. kroner ekstra dette året. Dette vil kome godt med, for det er mange søkjarar som står på vent og investeringsvilja er stor.

I eit fylke der verdiskapinga innanfor landbruket i stor grad er dominert av mjølkeproduksjon på storfe, kan det vere interessant å sjå på om denne dominansen kjem til uttrykk i fordeling av tilskot på dei ulike produksjonane.

Graf: Løyving av tilskot etter kategori pr. 21.06.11 - Møre og Romsdal 

I diagrammet over kan vi sjå at mjølkeproduksjon på storfe, trass i at den står for meir enn tre firedelar av verdiskapinga i landbruket i fylket, har fått mindre enn halvparten av tilskota. Det satsast med andre ord på at landbruket i fylket skal ha fleire bein å stå på. Både sauehald og lokal mat har fått store delar av løyvingane.

Ein annan ting ein legg merke til i fordelinga, er at det ikkje er løyvd tilskot til investeringar i oppdrett av anna storfe. Dette tyder på at etablering av slik produksjon i stor grad skjer i fjøs som blir ledige etter andre produksjonar, t.d. mjølkeproduksjon.
Ein trend innanfor mjølkeproduksjonen i dei siste åra har vore etableringar av samdrifter. Det er likevel inntrykket at takta i etablering av samdrifter er på veg ned. Ein analyse av fordeling av tilskota mellom enkeltbruk og samdrifter, eller føretak som leiger ut til samdrifter, kan vere med å bekrefte det inntrykket, sjå diagrammet under.

Graf: Samdrift/Utleige til samdrift, Enkeltbruk, Møre og Romsdal 

*for 2011 er det brukt tal per 21.06.11.
 

Skuleskogdagar

160 elever i fylket har fått høve til å vere med på ein skuleskogdag i regi av Fylkesmannen og fylkeskommunen i Møre og Romsdal. I alt vart det arrangert 8 skuleskogdagar der elevane fekk lære om skogen sin evne til å binde karbon, ulike treslag, treet sin vekst, fuglesong ma. Opplegget har møtt svært positiv respons frå dei involverte skulane.

Det er instruktør i Aktivt skogbruk, Jostein Dalen, som har hatt det faglege ansvaret, men med god hjelp frå skogbruksansvarlege i den enkelte kommune.

 
Skuleskogdag - Velle Skule, Ørsta

Skuleskogdagar - Velle Skule, Ørsta (Foto: Frå heimesida til Velle skule i Ørsta)

Tilbodet til skulane er sponsa av Fylkeskommunen og fylkesmannen, og i tillegg har Skogselskapet i Møre og Romsdal stilt med utlån av hengar og gratis planter til elevane.
 

Bygdemobilisering har gjeve resultat

Mange bygder i Møre og Romsdal har drive eit aktivt bygdemobiliseringsarbeid. På Gjøra i Sunndal kommune ser ein synlege resultat av arbeidet: I juli opna næringsbygget Sunndalsporten AS. Bygget vart opna i juli i år og har servicetilbod som mellom anna butikk, post, tipping og informasjon om Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark.

Næringsbygget Sunndalsporten AS

Næringsbygget Sunndalsporten AS (Foto: Sunndalsporten.com)

Gjøra er ei bygd som ligg i Sunndalen, midt mellom Sunndalsøra og Oppdal. Bygda fekk tilskott til bygdemobilisering i 2007. Målet med prosjektet var å gjere Gjøra og Øvre Sunndal til eit livskraftig bygdesamfunn og å etablere næringsverksemd. Etter tre år med aktivt arbeid konkluderer Gjøra bygdeutvikling med at bygdeutviklingsmidla har vore heilt avgjerande både økonomisk og motivasjonsmessig for å kunne halde på.

Bygda arrangerer også festivalen Gjæra Gjøra kvar sommar - med eit allsidig program. Elles har prosjektet hatt fokus på bygging av turstigar og løypenett, tiltak for barn og unge og ulike kulturtiltak. Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal er elles ein del av dei utvalde kulturlandskapa i Noreg og området har store natur- og kulturverdiar.

Gjøra bygdeutvikling fekk kr 600 000 av Møre og Romsdal fylkeskommune til vidareføring av bygdemobiliseringsprosjektet - då med eit ekstra fokus på bedriftsutvikling i området. Her er reiseliv særleg nemnd.

Bygda skal vere vertskap for fylkesmannen og fylkeskommunen sin årlege bygdemobiliseringskonferanse i slutten av september.

Lenker:

Skogsvirke som råstoff til produksjon av skogsflis

Marknaden for skogsflis som brensel er aukande i Møre og Romsdal. I løpet av fyringssesongen 2011/2012 vil fjernvarmeanlegg settas i drift i både Ørsta og Tingvoll. Dette gjer at behovet for skogsflis til brensel vil auke med om lag 15.000 lm3 til totalt 25.000 lm3, avsetning til gardsvarmeanlegg og industri kjem i tillegg. Ein av barrierane for auka bruk av bioenergi i Møre og Romsdal er ein velfungerande flismarknad. Gjennom prosjektet Biostigen er det i løpet av sommaren sett i gong fleire forsøk i samarbeid med næringsaktørar og Skog og Landskap for å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar.

Hogstavfall (GROT)
GROT er ein ressurs som i dag ikkje blir nytta i regionen. Det er derfor oppretta forsøk for å sjå nærare på muligheita til å nytte GROT som brensel frå ei taubanedrift i Ørsta og frå eit ryddeprosjekt i Molde. I Ørsta blir virket lagt opp i lunner, mens i Molde er bunting utprøvd som metode. Det er lagt opp lagringsforsøk for å sjå nærare på brenseleigenskapar under våre klimatiske forhold.

Lauvskog
Møre og Romsdal har store lauvskogressursar. For å auke kompetansen og sjå nærare på muligheita for nytte lauvskog betre er det sett i gong ei forsøksdrift i Volda og Molde. I Molde blir hogsten gjort av ein entreprenør frå Østersund, mens i Volda er det lokale entreprenørar som gjer hogsten.

Bunting Gjemnes

Bunting. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

I Gjemnes er det i tillegg oppretta forsøk for å nytte skogsvirke frå rydding av ny vegtrase for E-39 som råstoff til produksjon av skogsflis. Virket blir bunta i anleggsområdet og transportert ut ved lassberar.

Biostigen er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesmannsembeta i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, mens Landbruks- og matdepartementet er oppdragsgjevar.