Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om høgskulekurset ”På skattejakt i eige lokalmiljø.” Kurset lærer elevane å identifisere, fortolke og formidle natur- og kulturressursar i eige lokalmiljø.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om høgskulekurset ”På skattejakt i eige lokalmiljø.” Kurset lærer elevane å identifisere, fortolke og formidle natur- og kulturressursar i eige lokalmiljø.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Økomarknad i Stavanger
Fyrste laurdag i månaden frå mai til oktober er det marknad med økologiske varer i Stavanger. Her kan ein kjøpe alt frå økologiske barneklede til lokalt produsert ost og bringebær.

Tanken bak marknaden har vore å gjere lokale aktørar som produserer eller omset økologisk mat meir synleg. Initiativet kom frå Stavanger kommune og Fylkesmannen i Rogaland gjennom prosjekta ”Økoløft i Stavanger og Sandnes” og ”Forbrukskoordinator for økologisk mat i Stavangerområdet”, og er økonomisk støtta gjennom Handlingsplan for økologisk landbruk i Rogaland og Statens landbruksforvaltning. Rogaland er ein sinke på produksjon av økologisk mat, og utfordringane i marknaden er store. Difor er det ekstra gledeleg at responsen har vore god både frå publikum og utstillarar. Om lag 15 lokale aktørar har deltatt med ulike økologiske produkt. Nokon samarbeider om å stå på standen, nokon har deltatt kvar gong medan andre berre er med av og til når dei har kapasitet. Oikos Rogaland har bu og sel produkt for dei lokale aktørane som ikkje har høve til å delta sjølve. Økomarknaden er på Nytorget i Stavanger saman med ein bruktmarknad. Plasseringa saman med bruktmarknaden har vore positiv.

Utstillarane betalar kr 300 i standleie. Då er buene ferdig sett opp med tilgang til straum for dei som treng det. Tilbakemeldinga frå utstillarane har vore at dei er avhengig av at planlegging, marknadsføring og praktisk tilrettelegging blir gjort eksternt. Marknaden er ein plass å vise seg fram, og skaffe nye kontaktar. Til hausten skal det gjerast ei evaluering. Tida vil vise om marknaden vil vere eit fast innslag i Stavanger sitt byliv i tida framover.

For meir informasjon kontakt: Annabell Pfluger, tlf.: 51 56 89 71 eller e-post: annabell.pfluger@fmro.no  

Økologisk salgsbod i Stavanger 
Foto: Annabell Pfluger, Fylkesmannen i Rogaland 


Varierande avlingsmengde og kvalitet

Rogaland er gras- og beitefylket. Dersom det blir ein fin ettersommar og haust, kan det bli normale grasavlingar dette året. Av jordbruksarealet på 1 million dekar blir heile 95 prosent nytta til grasdyrking. Sist vinter var svært kald og resulterte i unormalt store overvintringskader på eng.

Til nå i vekstsesongen har det kome mykje regn. Det fuktige veret har ført til ein del kjøreskadar i samband med slåtten og ved utkjøring av husdyrgjødsel.

Andreslåtten er godt i gang, og som for førsteslåtten er det ein del variasjonar i mengde og kvalitet. Det fuktige sommarveret har vore spesielt utfordrande for dei som produserer høy.

Rogaland har den lengste vekstsesongen i landet. Trass i overvintringsskadar og ein fuktig sommar, vil ein fin ettersommar og haust truleg føra til eit normalår for gras.

Når det gjeld korn og poteter, ser det ut til å bli ein del variasjonar. Dette skuldast blant anna utfordringar med sjukdomsutbrot i det fuktige veret. For grønsaker ser det derimot ut til å bli eit godt år.

Kontaktpersonar:
Birger Aasland birger.aasland@fmro.no Tlf. 51 56 89 87
Anfinn Rosnes anfinn.rosnes@fmro.no Tlf. 51 56 89 80

 
Siloslått på Finnøy. Foto: Arne Jostein Lyshol 


På skattejakt i eige lokalmiljø - svært vellukka høgskulekurs

”På skattejakt i eige lokalmiljø” handlar om å identifisere, fortolke og formidle natur- og kulturressursar i eige lokalmiljø. Dette er nyttig kunnskap for å auke etterspurnaden og verdien av besøksopplevingar.

”På skattejakt i eige lokalmiljø” - 15 studiepoeng høgskulekurs:  
Høgskulen for Landbruk- og Bygdenæringar (HLB) har i vårsemesteret 2011 gjennomført kurset ”På skattejakt i eige lokalmiljø”. Kurset, som var på 15 studiepoeng, kom i stand gjennom eit samarbeid mellom Fylkesmannen si landbruksavdeling, Rogaland fylkeskommune og bransjeorganisasjonen Hanen-Rogaland.

Det handla om å identifisere, fortolke og formidle natur- og kulturressursar i eige lokalmiljø. ”Interpretasjon” blir det kalla på fint. God formidling og historieforteljing har ofte vist seg å auke etterspurnaden og verdien av produktet/tenesta som blir tilbydd, noko som er ein tydeleg trend i marknaden.

Svært gode tilbakemeldingar frå studentane
Det er andre gongen dette kurset er halde i Rogaland, og tilbakemeldingane frå kursdeltakarane var også i år svært positive:

  • ”Mye aktivitet – praksis + teori + gode oppgaver + struktur + gode tilbakemeldinger + gode besøk + ingen dødtid. Særdeles positiv, kreativ og lærende atmosfære”
  • ”Spennende med konkrete oppgaver. Vi får brukt teoriene i praksis. Kjenner at det er vanskelig – mange ting en må ta hensyn til, men veldig lærerikt og spennende. Kommer ikke på noe negativt.”
  • “Slik eg ser det har dette vore det beste og kjekkaste kurset eg har gått på så langt. Du vert herved kåra til verdens beste forelesar og kursholdar, og du har gjort ein glimrande jobb med å få oss til å læra, forstå, prestera og ha det så kjekt på same tid. Tusen takk for innsatsen.”

Dette var berre nokre få av tilbakemeldingane vi fekk frå dei 13 nøgde studentane. Dei fleste studentane var frå Rogaland, men det var også med nokre gjestar frå nabofylka våre. Kurset bør arrangerast i fleire fylke!

Vi tykkjer dette kurset har vore så bra at vi gjerne vil anbefale det til andre fylke. Spesielt vil vi oppmode Hordaland og/eller Agder om å arrangere kurset neste år, slik at vi kan sende nokre få gjestestudentar til dei frå Rogaland.

Det var nemleg fleire som svært gjerne ville ha deltatt på kurset, men som det ikkje passa for denne gongen. Så hermed er stafettpinnen sendt vidare!

Kontaktperson: Bjørn S. Berg, bjorn.s.berg@fmro.no ,tlf. 51 56 89 93


Landbruket i Rogaland på den regionalpolitiske agendaen
Fylkestinget hadde ”Regionalplan for landbruk i Rogaland” oppe til endeleg godkjenning i juni 2011. Det var eit stort engasjement blant politikarane, og det blei ein lang debatt før planen blei godkjent.

Fylkestinget i Rogaland har no vedteke  ein regionalplan for landbruket i fylket, etter ein omfattande planprosess. Landbruket er ei viktig næring i fylket, og særleg når det gjeld husdyrhald er Rogaland viktig i også i nasjonal samanheng. Gjennom arbeidet med denne planen har landbruket blitt sett på dagsorden, og fylkeskommunen si rolle som landbrukspolitisk aktør har blitt tydelegare.

I planen blir det peika på at det er avgjerande for landbruket og for produksjon av mat at arealgrunnlaget blir sikra gjennom eit strengt jordvern. Planen legg vidare vekt på at det er viktig å få til ei balansert utvikling i alle deler av fylket. Jæren skal framleis vere førande for landbruket, men det er viktig med tiltak som gjer at vi framleis kan ha levande bygder og eit aktivt landbruk i distriktsområda. Det er semje om at matproduksjon, kompetanse og rekruttering og klima, miljø og energi skal vere prioriterte satsingsområde når det skal lagast handlingsplanar.

Stikkord for innhaldet i planen:

  • Overordna landbrukspolitiske mål, strategiar og tiltak
  • Produksjon av mat
  • Produksjon og foredling av skogsvirke
  • Produksjon av andre varer og tenester
  • Rekruttering
  • Kompetanse
  • Landbrukstilknyta samfunnsutvikling
  • Miljø- og klimatiltak i landbruket
  • Beredskap

Endeleg plandokument er nå under sluttføring.

Kontaktpersonar:
Sissel C. Endresen, sissel.endresen@fmro.no tlf. 51 56 89 60
Anfinn Rosnes, anfinn.rosnes@fmro.no tlf. 51 56 89 80


Større fokus på vasskvalitet i ”Frivillige tiltak i landbruket”
I prosjektet ”Frivillige tiltak i landbruket” er det sett i gang auka aktivitet på tiltakssida for fleire vassførekomstar enn dei som har ein godkjent forvaltningsplan. I 2011 er det prioritert mykje tid til direktekontakt med grunneigarar som driv jord nær utsette vassdrag.

Det er bygd over 200 reinseparkar berre på Jæren dei siste 10-15 åra. I 2009 blei det utført ei større kartlegging av alle reinseparkane som er etablert på Jæren, og det blei gjort ei vurdering av om dei burde ha ei oppreinsking. Fleire viste seg å nærma seg behov for vedlikehald eller alt burde vore oppreinska for å ha full effekt. Prosjektleiarane har starta arbeidet med å besøke dei som eig reinseparkar som må reinskast opp. I  samband med denne satsinga utarbeida Fylkesmannen i år ei brosjyre som gir tips og råd til korleis oppreinskinga bør skje. Dette ikkje minst for å unngå uheldige næringslekkasjar under vedlikehaldsarbeidet.

I tillegg til auka fokus på optimalt vedlikehald av reinseparkar, har det vore mykje fokus på ugjødsla randsonar. Best effekt vil vi ha dersom dei blir samanhengjande langs heile vasstrengen. I enkelte kommunar er det plukka ut fleire bekker/vassdrag kor prosjektleiarane har besøkt alle grunneigarar for å informere om behovet for ugjødsla randsonar, og kva kompensasjon dei har krav på dersom dei går med på å etablere dei.

Arbeidet med miljøavtalane i Skas Heigre held fram med auke i oppslutninga frå 2010. Det kan sjå ut til at nærmare 95 prosent av jordbruksareala i 2011 vil bli gjødsla i tråd med det som går fram av miljøavtalane. Det er etablert tettare samarbeid med arbeidet til Bioforsk si JOVA-overvaking frå  2011. Dette håpar vi vil bidra til å betre sjå samanhengen med jordbruksaktiviteten som skjer i heile nedslagsfeltet og vassmålingane gjennom sesongen.

Kontaktperson: Monica Dahlmo, monica.dahlmo@fmro.no tlf. 51 56 89 66

 
Foto: Reinseparkar. Foto: Arne Jostein Lyshol 
  
 
Til toppen