Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om eit mobiliseringsprosjekt for Inn på tunet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om eit mobiliseringsprosjekt for Inn på tunet.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Mobiliseringsprosjekt for Inn på tunet

Inn på tunet logo
 

Fylkesmannen har gjeve bygdeutviklingsmidlar til Inn på tunet nettverket for å gjennomføre eit treårig mobiliseringsprosjekt i Sogn og Fjordane. Målet med prosjektet er å styrkje nettverket og få til auka kompetanse og aktivitet blant tilbydarane.

Inn på tunet nettverket i Sogn og Fjordane har 45 medlemmer. Dei tilbyr teneste innan helse og omsorg, innvandring, oppvekst, arbeid og andre tilbod. Nokre har drive inn på tunet aktivitet i mange år og har mykje kunnskap å dele med dei som nylig har starta eller som ynskjer å starte opp. Dette er noko deltakarane i prosjektet skal jobbe med. Erfarne tilbydarar skal blant anna gje rådgjeving til tilbydarar i oppstartsfasen og til kjøparar av tenester. 

Kommunen er ein viktig kjøpar av Inn på tunet tenester. Ein av ideane bak prosjektet er å få til tettare kontakt mellom tilbydar og kjøpar.

I prosjektet skal det også drivast nettverksbygging, og ein skal få inspirasjon frå studieturar i inn- og utland. Eit viktig tiltak innanfor mobiliseringa og kompetansehevinga, er utvikling av eit nyheitsbrev med Inn på Tunet-nyhende.

Det første nyheitsbrevet vart sendt ut i juni:

Første plommene hausta i Sogn

Sognefrukt BA har teke i mot dei første Edda-plommene, og dei store, mørkeblå plommene er på veg ut i forretningane. Dei fleste plommesortane ser ut til å ha klart den våte sommaren bra, og avlingsmengdene vert ikkje så langt under eit normalår. Eit unntak er sorten Reeves, som har tre heilt utan avling mange stader.

Hausteklare Edda-plommer.

Hausteklare Edda-plommer. (Foto: Harald Nornes)

Morellprodusentane i Lærdal er framleis på marknaden med frukt av god kvalitet. Dei har hatt ein vanskeleg sommar med mykje regn. Sjølv om morelltrea står under plasttak, har den konstant fuktige lufta gjort at morellar har sprukke og ròtna. For å begrense ròtesmitten i trea og såleis berga resten av avlinga, har haustarane i fleire omgangar vore gjennom felta og fjerna skadde frukter. For enkelte produsentar har problema ført til at avlingane er halvert i høve til eit normalår.

Sogn og Fjordane er største bringebærfylket i landet, og bæra har tradisjonelt vore levert til konserveindustrien. I løpet av dei siste åra, er det bygd opp ein stor produksjon av bringebær i plasttunnel. Bæra vert hausta og seld til frisk konsum. Bringebærsesongen er ikkje over enno, men meldingane går ut på at dei som produserer i tunnel har ein god sesong, trass i all nedbøren og den fuktige lufta. På friland er biletet mykje meir variert, alt i frå normalavlingar til felt som har vorte rydda for berande skot utan det har vore teke avling. Grunnen er store problem med ròte. Også jordbæravlingane har vorte små for mange dyrkarar på grunn av mykje ròteskadde bær.

Når det gjeld eplehausten, er det enno att ein månad til hausting av hovudsortane våre. Eplemengda er nok litt under middels. Særleg ser det ut til å verte lite av sorten Summerred, som til liks med i fjor, har fått sterke skurvangrep hjå mange dyrkarar. Mykje regn og vind på føresommaren ga store utfordringar i plantevernarbeidet. Feila som var gjort då, har vore vanskeleg å retta opp att. For dei andre sortane ser det betre ut. Med rikeleg sol framover, kan epla nå ein framifrå kvalitet i år òg.
    

Svært varierande resultat av utbetringa av vinterskadd eng

Isbrann gjorde mykje skade på enga i fylket siste vinteren, og ”mot normalt” er det ytre deler av fylket som er hardast råka.  Fylkesmannen har ikkje fått inn alle søknadane om erstatning enno, men kommentarane vi har fått tyder på at resultatet av utbetringa er svært varierande.  På dei stadene snøen reiste tidleg, og ein fekk gjort unna reparasjonsarbeidet første dagane i mai, har dei fått gode grasavlingar. Dei som ikkje var klar då regnet kom for fullt kring 10. mai, har hausta minimalt.  Enkelte har fått pløgd opp den skadde enga, men sidan vart det så vått at dei ikkje har fått sådd. Andre har fått den nysådde enga si ståande under vatn pga. av flaum.

All nedbøren har også ført til store problem for grashaustinga. Fôrkvaliteten, som i utgangspunktet var dårleg, vart forverra av at omfattande køyreskade ga mykje mold i rundballane. Fleire har varsla at dei reknar med å få så reduserte avlingar, at dei truleg må søkje avlingsskadeerstatning. Dei fortel òg at dei forventar ein så stram fôrmarknad, at dei har valt å melda inn til slakting ein vesentleg større del av buskapen enn det som er vanleg om hausten.

Vinterskadd eng i Rivedalen i Askvoll kommune

Vinterskadd eng i Rivedalen i Askvoll kommune (Foto: Johannes Folkestad - Askvoll kommune)        

Vil starte fleire 4H-gardar

I fjor opna dei to første 4H-gardane i Sogn og Fjordane, Tuftegarden 4H-gard og Fosseheimen Naturpark 4H-gard. No vil 4H Sogn og Fjordane hjelpe fleire bønder til å starte 4H-gard.

17.-18. juni var nærmare 20 bønder og 4H-gardsinteresserte frå tre fylke samla til seminaret ”4H-gard; Kveikje til dine ulmande idear” på Viksdalen i Sunnfjord. Bak seminaret stod 4H Sogn og Fjordane, 4H Norge og Forum for Norske 4H-gardar.

BU-midlar
På seminaret fekk deltakarane møte andre som driv eller lurer på å starte 4H-gard. Dei fekk òg lære om dei ulike nettverka som finst og fekk idear til korleis nytte ressursane på garden endå betre.

4H Sogn og Fjordane har fått bygdeutviklingsmidlar frå Fylkesmannen til prosjektet ”Mobilisering for fleire 4H-gardar”. I tillegg til 4H-gardsseminaret, har fylkeslaget planar om å besøkje og hjelpe bønder som vil søkje status som godkjent 4H-gard og skape eit nettverk for 4H-gardane.

Omvising på Tuftegarden 4H-gard

Deltakarar på seminaret ”4H-gard; Kveikje til dine ulmande idear” i Viksdalen (Foto: Åge Avedal)

Stor marknad
Erfaringane etter eitt år med 4H-gardar i fylket er svært gode. 4H Sogn og Fjordane håpar at fleire vil starte 4H-gard.

Det var rundt 2800 besøkande og over 75 arrangement på dei to 4H-gardane i 2010. Dette er meir enn venta, og viser at det er ein stor marknad for denne typen tilbod, seier Åge Avedal, 4H-konsulent i Sogn og Fjordane.

Det er viktig å la fleire, spesielt born og unge, få høve til å få nærkontakt med og lære om dyr og om kvar maten kjem frå. Gjennom å gjere eigne erfaringar, trur vi at fleire får auga opp for kor viktig bonden er både som matprodusent, forvaltar av naturen og som utviklar av bygda.

Ein 4H-gard er ein open gard som tar imot born, unge og vaksne til pedagogisk tilrettelagte besøk. Det finst rundt 25 4H-gardar i Noreg i dag. Hovudmålet til ein 4H-gard er å formidle kva skjer på ein gard med både planter og dyr.

Store verdiar i skogbruket i Sogn og Fjordane

Skognæringsforum i Sogn og Fjordane legg fram optimistisk og nyskapande melding.
Verdiskapingspotensialet i skognæringa i Sogn og Fjordane er nyleg analysert. Pilotstudien konkluderer med åtte viktige tiltak for å oppnå dei registrerte potensiala. Dette er ein pilotstudie i regi av Skognæringsforum i Sogn og Fjordane, og er finansiert av Fylkeskommunen og Fylkesmannen sine midlar til Kystskogbruket. Rådgjevingsfirmaet Pricewaterhouse Coopers har stått for prosjektorganiseringa. Faktagrunnlaget er basert på tilgjengeleg analysar og rapportar, statistikk og intervju med 14 viktige aktørar i næringa.

Blant dei prioriterte tiltaka er satsing på utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter i skognæringa, og å tilsetje ein skogkoordinator for å jobbe fram nye prosessar.

Skogbruk er langsiktig, og i våre dagar ser vi resultata av storstila satsing på skogreising i kyststrok på 50-, 60- og 70 talet. Dette er verdiar som representerer eit formidabelt potensiale, og let seg realisere i form av tømmer, transport, foredling, husbygging, energiproduksjon, tekstilproduksjon m.m.

Verdiskapingspotensialet og tiltak i skogbruksnæringa i Sogn og Fjordane set fokus på m.m. åtte konkrete tiltak som dei viktigaste for å auke verdiskapinga i skogbruket i fylket på kort så vel som på lang sikt.

Dei åtte viktigaste tiltaka for å ta hand om denne verdiauken frå skogen, er prioritert i tre ulike tiltaksgrupper:

  1. Å definere og forankre skognæringsforum si rolle gjennom å bli meir synleg og konkretisere langsiktige målsettingar i årlege handlingar og prosjekt dei neste 5 åra.
  2. Satse på utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter SMB-Utvikling, gjennom å få utvalde aktuelle aktørarar på bana.
    Arbeide for å få til ny stilling/aktør som ”skog-koordinator”. Føremålet er å etablere og rekruttere ”skogkordinator” som mellommann i verdikjeda, og som skal auke avverking av skog og påverke heile verdiskapinga i næringa.
    Setje fokus på flaskehalsar i transporten, vegar, kaiar og terminalar. Føremålet er å arbeide for eit tilfredsstillande infrastruktur som mogleggjer eit tømmervolum på 250 000 m3 per år.
  3. Heving av kompetansen innafor skogbruket gjennom å betre profesjonaliseringa i drift og anna verdirealisering knytt til skogen.
    Bevisstgjering knytt til finansielle rammevilkår der ein hjelper aktørane i skogen til auka verdiskaping i heile verdikjeda og dermed skapar fleire arbeidsplassar.
    Auke rekruttering og utdanning ved å setje næringa på dagsorden med temadagar og eiga line på vidaregåande skule.
    Vere pådrivar for auka samarbeid mellom skogeigarar for å oppnå auka avverking gjennom å etablere og stimulere til auka samarbeid mellom skogeigarar og sikre avverking og forynging i større skala.

25 år sidan Tsjernobyl-ulukka

Den viktigaste kjelda til radioaktivitet i mat i Noreg er forureininga etter Tsjernobyl ulukka i 1986.  Noreg var av dei landa i Europa som vart hardast råka. No 25 år etter ulukka er det framleis radioaktivitet i kjøtt og mjølk, men verdiane ligg heldigvis lavt.

Konsentrasjonen av radioaktivt cesium i vegetasjon på utmarksbeite vert svært sakte redusert. Det gjer at fjell og utmarksområde er svært sårbare for radioaktiv forureining. Husdyr som beitar i utmark tek opp radioaktivitet gjennom forureina beitevekstar. Dette fører til radioaktivitet i kjøtt og mjølk. Sopp har innverknad på radioaktivitetsnivået. I år med mykje sopp i fjellet, kan det føre til auke i radioaktivitesnivået.

Prosjektet ”Overvåkningsmålinger - prognoser for slaktesesongen” starta opp i 1988 for å overvake radioaktiv forureining i kjøtt om mjølk frå dyr på utmarksbeite. I følgje Sommerovervåkningsrapport nr 1/ 2011 frå Statens strålevern viser ikkje tala nokon store endringar i høve til 2010, men med få måleresultat så langt. I Sogn og Fjordane er det berre buskapar i Luster som er inne i overvakningsprogrammet. Radioaktiviteten ligg hittil i år under målingane frå i fjor.
 

Fjelldagar

Fleire stader i fylket arranger beitelaga fjelldagar eller beitedagar no i beitesesongen. Dette er miljøskapande tiltak og ein viktig arena for fagleg diskusjon. Fjelldagane kan vere ein uformell møtestad mellom bønder og forvaltninga som Mattilsynet, Statens naturoppsyn og landbruksforvaltninga.  Tema varierer frå beitekvalitet, tapsreduserande tiltak, rutinar for tilsyn rovdyrproblematikk, snyltarbehandling, alveld, demonstrasjon av kadaversøkhund osv. Det vert mange gode diskusjonar om aktuelle tema og mange tips å hente. 

Tilbakemeldingane så langt i beitesesongen tyder på at den kalde og våte sommaren i fylket har ført til meir alveld enn vanleg. Det er hittil rapportert om svært lite rovdyrtap. 

Fagdiskusjon på fjelldag i Stadt beitelag. Drage i bakgrunnen.

Fagdiskusjon på fjelldag i Stadt beitelag. Drage i bakgrunnen. (Foto: Helen Haaland)