Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen som søker UNESCO-program.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen som søker UNESCO-program.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.   

Bergen søker UNESCO-program

Med Bergen si historie som handelssenter for fiskeeksport og mat frå og langs norskekysten og fjordane, kan opptak i UNESCO Creative Cities Network bidra til auka verdiskaping og profilering av mat- og reiselivsnæring i byen og distrikta.

Etter initiativ frå Fiskeriforum Vest og den regionale partnarskapen og tilbakemeldingar frå mellom anna lokalt og regionalt reiseliv, har nærings- og kulturbyråd Gunnar Bakke før jul varsla søknad i kjømda til UNESCO Creative Cities Network under kategorien Gastronomy. Dette er eit verdsfemnande nettverk av nærare 30 byar som satsar på utvikling av såkalla Creative Industries, og er hovudsatsinga til UNESCO under temaområde Creativity, ein parallell til det kjende World Heritage. Byane driv eigenutvikling, røynsleutveksling og utviklingshjelp innanfor og på tvers av kategoriane Litteratur, Film, Musikk, Folkekunst og handverk, Design, Media og altså Gastronomi.

Bergen

Bergen søker UNESCO-program.  (Foto: Victor Jensen/FMLA)
   

Store skader for landbruket i Ullensvang

Så langt er rundt 100 meldingar om naturskade i landbruket innmeldt til Lensmannen i Indre Hardanger. Aktive og organiserte bygdefolk bidrog sterkt til skadeavgrensing under uveret i jula.

I uveret som herja på Vestlandet i romjula, var det i Hordaland særleg Ullensvang som vart råka. Snøsmelting opp i 1000 meters høgd og rekordnedbør (rundt 150 mm på eit døger), ga dramatiske følgjer, med flaum og ras. Mange stader vart skadane omfattande, verst var det inst i Sørfjorden, på grensa mot Odda.

Til no er det meldt inn rundt 100 saker om naturskade til Lensmannen i Indre Hardanger. Dei verste skadane er årsaka av tre, røter og stein ført med ras og flaum. Mange stader gjekk bekkar og røyr tette, og vatnet og massane fann nye løp. Samstundes var jorda så vassmetta at heile jordområde berre sleppte og glei ut.

For nokre bruk har skadane vore særs omfattande. Heile felt med nyplantingar av frukttre vaska ut eller dekt med skredmassar. På mange gardar er mindre område  med jord sige ut og forsvunne. Særleg vegskadar er det mykje av. Alt i alt kan lensmannskontoret måtte bruke nærare 2 årsverk på skjønsprosessane.

Naturskade

Skredskade. (Foto: Ole Bakkebø/FMLA)

Samarbeid om skadeavgrensing
Samstundes kunne det gått mykje verre. I Ullensvang bur og driv enno folk dei aller fleste bruka, og privat beredskap og samarbeid har bidrege til å avgrense skadane. Mest alle bønder var oppe og passa bekker og røyr natta den 26. desember då uveret sto på. Mange stader organiserte grendelaga seg, og gravemaskinar og anna materiell vart henta fram der det trongst hjelp. Denne innsatsen har truleg hatt særs mykje å seie for at skadeomfanget ikkje vart mykje større over heile kommunen. Jamvel slaktekyllingar frå 5 ulike besetningar klarte ein i desse dagane å få ut, trass stengde vegar og andre utfordringar.

Annus horribilis for enkelte
Øydeleggingane som har råka så mange kjem i tillegg til eit historisk dårleg fruktår med mykje nedbør og små avlingar. Særleg vart produksjonen av plommer, men òg av eple, låg. Om lag 80 fruktgardar søkte om erstatning for avlingssvikt i 2011. I verste fall kan enkelte brukarar som i tillegg vart råka hardt av ras og øydeleggingar i jula sjå seg nøydde til å leggje ned fruktdyrkinga på bruka sine.

Auka søknad til landbruksskulane i Hordaland

Opptaket på naturbruksfaga ved dei tradisjonelle landbruksskulane gjekk opp frå 301 til 349 det siste året. Voss Jordbruksskule har det høgaste elevtalet nokon gong, med 175 elevar totalt.

På landbruksskulane femner studieretning naturbruk linene for landbruk, skogbruk, gartnarnæring, anleggsgartnar, hestefag og idrettsanleggsfag, i tillegg til studieførebuande naturbruk. Skulane er kreative innanfor naturbruk, td. med utvikling av klima, energi og miljøutdanning på Voss og smådyravdeling på Stend.

Voss Jordbruksskule hadde over 200 søkjarar i år, og 175 av desse fekk altså plass ved skulen i haust. Skulen melder om ein klår tendens dei siste 4-5 åra. 157 av elevane går på naturbruksfaga, mot 134 i fjor. Stend har tok opp 168 elevar, mot 149 i fjor. Hjeltnes tok opp 24 elevar, mot 18 i fjor.

Landbrukskonferanse 2012

Kommunepolitikarar, næringsdrivande og landbruksbyråkratar frå Hordaland samlar seg 8. og 9. februar på Hotel Ullensvang, til fagleg oppdatering og engasjerande diskusjonar om landbruk og bygd i framtida.

Tradisjonen tru arrangerer landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland den årlege landbrukskonferansen. Som alltid ynskjer vi å sette fokus på viktige samfunnspolitiske og landbruksfaglege tema på denne 2 dagars samlinga.

Best i vest på bygdeutvikling

Eit godt definert og integrert regionalt samarbeid gjer at Hordaland kjem godt ut i rapport frå Møreforsking om i bygde- og lokalsamfunnsutviklingsarbeidet i Vestlandsfylka. 

Møreforsking har utarbeidd rapporten ”Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - kunnskapsstudie og kartlegging” på oppdrag for Distriktssenteret, og presenterte funna derifrå på konferansen Vestlandsk Vidsyn på Voss 26. - 27. oktober.

Når dette er sagt, er det ikkje så rart om Hordaland kjem godt ut i samanlikninga, all den tid fleire element i bygde- og lokalsamfunnsutviklinga i fylket er ”lånt” frå nabofylka våre. ”LivOGLyst” er inspirert av Sogn og Fjordane sitt ”Bygdeutviklings-program” gjennom 20 år, og den framste inspiratoren for kom-an.no er i Møre og Romsdal si satsing på hoppid.no. Jamvel kopling mellom infrastruktur og lokalsamfunnsutvikling og engasjement i bynære område, slik ein viser til i Rogaland, er aspekt det vert diskutert og arbeidd med i Hordaland.

   
Sætregården, Hordaland

Sætregården, Hordaland
(Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

Gode tilbakemeldingar etter Bergen Matfestival 2011

Noregs største lokalmatfestival er hovudsakeleg innretta mot sal, og 2011-versjonen vart større og selde betre enn nokon før, noko nøgde utstillarar vitnar om.

Fylkesmennene sine landbruksavdelingar (FMLA) og samarbeidspartnarane (Fiskeriforum Vest, Bergen kommune, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar og Innovasjon Noreg) er ikkje primært ”festivalarrangørar” i det daglege, men har med utgangspunkt i FMLA Hordaland i mange år tatt på seg tilskipinga av Bergen Matfestival, av di det er det største og viktigaste enkelttiltaket for fremjing av lokal mat på Vestlandet. Innanfor relativt knappe økonomiske rammer er det difor også viktig att festivalen vert gjennomført så kostnadseffektivt som mogeleg, utan at dette går ut over kvaliteten for dei næringsdrivande.

Bergen

Fra Bergen Matfestival 2011. (Foto: Victor Jensen/FMLA) 

Til toppen