Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 3/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Landbruks- og matministeren på vitjing i Hordaland.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Landbruks- og matministeren på vitjing i Hordaland.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.    

Landbruks- og matministeren på vitjing i Hordaland 

Hordaland hadde måndag den 19. november æra av å ha landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum på vitjing. I løpet av den lange dagen makta han å gjennomføre 6 gardsbesøk – inkludert ein gardsrestaurant og eit blomstergartneri – og eit ope folkemøte i Norheimsund.

Ministeren på vitjing hjå osteprodusent Jørn Hafslund på Krokeide i Bergen.
Ministeren på vitjing hjå osteprodusent Jørn Hafslund på Krokeide i Bergen. (Foto: Ole Bakkebø)

Det er openbert både travelt og krevjande å vere statsråd i eit så mangslunge land som Noreg – dersom ein med sjølvsyn skal fange opp den ulikarta landbruksaktiviteten som føregår på den grøne stripa mellom fjord og bratte fjell. 

Gjennom vitjinga fekk statsråden eit grovt innsyn i Hordalandslandbruket – for det meste knytt til gardsbruk i offensiv drift i den bynære sfæren. Statsråden var mest interessert i å bli kjent med det tradisjonelle landbruket i fylket – og det dreidde seg denne gongen om mjølkeproduksjon, sauehald og foredling av desse to råstoffa til smaksrike ostar og pinnekjøt. 

Ein kjøpesterk og pengerik Bergensmarknad er eit gode for det bynære landbruket – samstundes som byen og småbyane sin ekspansjon vert ei utfordring for jordvernet. Det er estimert ei folketalsauke på opp mot 170.000 menneske i Bergensområdet dei næraste 30 åra. Med kløkt og forstand bør det går an å kombinere det eine med det andre - slik at sluttresultatet vert ”spiseleg” for våre etterkommarar. Meland kommune er eit godt døme på korleis ekspansiv vekst i folketalet let seg kombinere med å verne om dei viktigaste og samanhengande landbruksressursane - slik at kommunen og innbyggjarane på lang sikt får i pose og sekk: vakre, produktive og stelte landbruksområde som eit dominant trekk for kommunen og ein tett og veldreven bystruktur i den eine enden av øya.

Statsråden var opptatt av korleis det skal vere mogleg å auke norsk matproduksjon med ein prosent årleg dei 20 neste åra – og då kom han til eit fylke som siste året systematisk har jobba med nettopp den utfordringa. Det er ingen lett match i eit kystfylke med krevjande eigedomsstruktur, svak arrondering og ein glødande arbeidsmarknad – populært kalla Gullkysten. I tillegg regnar det jamt og trutt – og bakkane er noko brattare enn på Jæren. 

Statsråden fekk innsyn i nettopp vilje til satsing og grunderverksemd blant bøndene. Det mest spennande gjenstår: Kva rammevilkår går ein i møte? Har landbrukspolitikken gode nok opplegg som fangar opp vestlandsbonden sine utfordringar? 

På Meland møtte statsråden til dømes to bønder med familie som til saman slår 35 gardsbruk i kommunen! Dei var omtykte av både folket og kommuneleiinga og innsatsen var imponerande for statsråden. Men mesteparten av jorda var leigejord – med dei utfordringar som ligg i det på lang sikt.

Fylkesmannen, fylkeskommunen og landbruksnæringa arbeider med ein tiltaksplan for perioden 2013-2017 for å snu uheldige trendar i det tradisjonelle jordbruket. På jordbrukssida er det sett opp tre hovudsatsingar: Mjølkeproduksjon, sauehald og fruktdyrking. Tre arbeidsgrupper med brei samansetjing held på med å jobba fram tiltak knytt til investeringar, kompetanseutvikling, rekruttering mm. Det vert lagt opp til eit spleiselag og eit felles krafttak for å få dette på plass – der også LMD blir invitert med. 

I tillegg til desse tre hovudområda samarbeider landbruk, fiskeri, Bergen kommune og mat- og reiselivsbransjar i byen om ein felles matstrategi – her under ein UNESCO-søknad som ”matby”. På skogsida er det utarbeidd eit program for skog - der «Tre i by» og skogbrukets infrastruktur er sentrale byggesteinar.

Mottoet for desse strategiane er førebels utforma slik: ”Det vi vil - får vi til”. 

No e’ da min tur!

Når vestlandsungdom er samla på storkonferanse i Hardanger for å diskutere eiga framtid, vert det engasjement, glede og håp i salen.

Årets konferanse var den tredje i rekka, og er no etablert som ein møtestad for nettverksbygging, inspirasjon og kunnskap mellom unge, om mangfaldet av moglegheiter som finst når ein vurderer å etablere seg i landbruksnæringa.

Utgangspunktet og omgjevnadane for konferansen var det beste, på Ullensvang Hotell på Lofthus i Hardanger – ein inspirerande plass midt i fruktdyrkarane sitt rike. Påmeldinga var svært bra med om lag 90 deltakarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, mesteparten av desse godt under 35 år og mange unge par i etableringsfasen. Dette var ein suksess i seg sjølv!

Alle føredrag fokuserte på problemstillingar rundt temaet «å overta og å drive ein gard». Diskusjonane under konferansen viste at føredragshaldarar klarte å vekke interesse for temaet, og skape debatt og røynsleutveksling mellom deltakarane. Spesielt nyttige var dei mange innlegga frå unge bønder som har satsa på garden sin; gode døme, frå geitebonden frå Osterøy med planar om osteproduksjon, til fryktdyrkaren frå Vikebygd med doktorgrad i kjemi og lokale gourmetopplevingar på Tysnes, viste nettopp det mangfaldet som finst i bygdene.

Det vart liten tvil om at bygdene på Vestlandet har mange unge bønder med engasjement, vilje og hjartet på den rette staden i åra som kjem. Her er det berre å fastslå: No e’ da min tur! 

Opne fjosar på Voss

Felleskjøpet, Storfeprosjektet i Hordaland og TINE arrangerte open dag i nye florar hjå Leif Arne Lirhus på Vossestrand og Ingrid Skutle og Hans Ove Øvsthus på Voss, laurdag 3. november.

Røynslene frå Storfeprosjektet i Hordaland viser at dette er ein god møteplass for bønder som har satsa og dei som har lyst eller planar om å satse. Her møter ofte fleire generasjonar frå same bruk; både dei som driv i dag og dei som eventuelt skal overta.

Det var svært godt oppmøte med 50-70 deltakarar begge stader. Mange tok dessutan turen innom begge gardane, for å sjå på og samanlikne forskjellige løysingar, og hadde mange spørsmål til «nybyggjarane».

Begge fjosane var sjølvsagt bygde for lausdrift, men Lirhus hadde vald mjølkegrav, medan dei på Skutle hadde vald robotmjølking. Hjå Lirhus var det AK Maskiner som hadde levert innreiing og Grendaservice mjølkestallen. Skutle og Øvsthus hadde Delaval mjølkerobot medan innreiinga var levert av Felleskjøpet. Utbyggingane var gjort med disponible kvotar på høvesvis 280 t og 300 t, men bygd etter det ressursgrunnlaget som var tilgjengeleg i nærområdet med tanke på areal. Begge brukarane var vel tilfredse med utbyggingane sine, ikkje minst med ein ny og triveleg arbeidsplass og -kvardag.

Vedlikehaldskontroll av skogsvegar  

 

skogsbilveg tegning

I embetsoppdraget til fylkesmannen for 2012 står mellom anna: "Følge opp og bistå kommunenes arbeid og bruk av hovedplaner og regelverk som grunnlag for en helhetlig utvikling av skogbrukets infrastruktur, herunder nybygging, ombygging og økt vedlikehold av skogsveger". 

 

Sist fylkesmannen sette fokus på vedlikehald av skogsvegar var i 2010. Det syner seg at dette er eit viktig tiltak for å få eigarane av skogsvegane til og skjøna nytten av eit jamleg vegvedlikehald. Derfor har fylkesmannen også i år gjennomført vedlikehaldskontroll på eldre skogsvegar, nybygde i 1997/98. Det er i år gjennomført vedlikehaldskontroll på til saman 28 km skogsbilveg og 3,7 km traktorveg, fordelt på 21 veganlegg i 8 kommunar.

 

Skogsbilveg

Skogsbilveg (Foto: Rune Mikkelsen)

 
Fremtiden bygges i tre

Den grøne økonomien må basera seg på fornybare ressursar. Tre som byggemateriale og skogressursane i kyststrøka var tema på konferansen "Fremtiden bygges i tre" som vart halden i Bergen den 16. oktober.  

Fylkesmannen i Hordaland saman med Kystskogbruket, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Trefokus arrangerte konferansen, og var svært nøgde med avvikling og frammøte på meir enn hundre deltakarar frå ulike hald.

Programmet gav eit bilete av korleis "alt heng saman med alt" der ein belyste heile verdikjeda frå skog til bygg og potensialet for skogbruk og trebyggeri. Skog- og trenæringa har store utfordringar men samtidig store moglegheiter. Det er verd å merke seg den store interessa, spesielt frå arkitekthald, for tre som byggemateriale. Politiske føringar om meir bruk av fornybare ressursar styrker også skogbruket og treindustrien si sak. På konferansen vart det presentert eit utval av nye og spennande byggeprosjekt. 

Treskulptur
Treskulptur (Foto: Dirk Kohlmann)