Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om oppryddinga etter "Dagmar" som er i full gang.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om oppryddinga etter "Dagmar" som er i full gang.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Opprydding etter "Dagmar" i full gang

 "Vi må prøve snu kvar krone for mest mogeleg å rydde opp etter orkanen Dagmar" sa Håkon Eliassen i Allskog ("skogeiere nordafjells") på ei svært interessant skogsamling i Vestnes i Møre og Romsdal 23.-24. mai.

Møre og Romsdal saman med  Sogn og Fjordane vart hardt råka av orkanen i romjula. Tilsaman vart det stilt 15 millionar statlege kroner til rådigheit for å få fram vindfelt skog. Oppryddinga er no i full gang med entreprenørlag importert hovudsakeleg frå Trøndelag.

Håkon Eliaasen frå Allskog

Håkon Eliaasen frå Allskog (Foto: H. Kårstad)

Handtering av retningliner for bruk av dei 5 millionane Møre og Romsdal fekk til oppryddingsarbeidet vart diskutert på ei samling på Vestnes 23. og 24. mai, både i samband med hogst, framdrift av tømmeret og vegbygging. Forsamlinga konkluderte m.a med at desse statlege kronene ikkje må bli nokon sovepute frå å forsikre skogen, og som Håkon Eliassen fra Allskog sa; "Vi må prøve å snu kvar einaste statlege krone for mest mogeleg å rydde opp etter Dagmar".  Eliassen rosa samtidig driftsapparatet som gjer ein formidabel jobb og viste m.a. til entreprenøren Petter Ingdal som for tida høgg vindfelt skog i Vestnes på ordinære vilkår og utan ei einaste krone i tilskot. Det ser no ut til at dei største problema ikkje er handtering av hogsten, - skrøpelege kommunevegar og fylkesvegar, samt uventa vegring frå vegeigarane frå å gi dispensasjonar frå største tillatte akseltrykk, skapar no problem med framkøyring av virket til sjøterminal. Fokuset er derfor akkurat no meir retta mot dei kommunale kontora enn det er mot vindfellingane.  

Av: Fylkesskogsjef Harald Nymoen.
 

Gamle driftsbygningar – ny bruk

Grisehuset vart ombygd til serveringslokale og i fjøset er det spinningsal: Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil i løpet av sommaren etablere ei nettside som viser gode eksempel på ny bruk av driftsbygningar. Gjennom annan bruk kan driftsbygningane framleis vere eit viktig element i kulturlandskapet og del av heilskaplege tun.

Driftsbygningane på gardsbruk er ein bygningsarv i forfall. Mange driftsbygningar står til nedfalls eller er sanert, somme er bygd om til anna bruk og dei fleste av desse bygningane er ubrukbare i forhold til krava i dagens husdyrhald. Gjennom programmet landbruksbygg og kulturlandskap, finansiert over jordbruksavtalen, er målet mellom anna å stimulere til ny bruk av ledige bygningar.

Rauma: Grisehuset er blitt serveringslokale og husvære for turistar.

Rauma: Grisehuset er blitt serveringslokale og husvære for turistar. (Foto: Lisa Thortensen)

På Lensmannsgarden i Innfjorden i Rauma har Anne Kari og Iver Jakob Hage bygd om både grisehuset og fjøset til turismeføremål. Begge husa har framleis det opprinnelege preget, men innvendig er det store endringar: I grisehuset er det serveringslokale og husvære, i siloen resepsjon og i fjøset leilegheiter.

(bilde: Surnadal: Heimebakeriet er bygd inn i eldre driftsbygning. Fotograf: Lisa Thortensen)

På Kvanne i Surnadal har Martinus Peder Haugen etablert MPs hjemmebakeri i den gamle driftsbygningen frå 1963. Delar av ungdyrbingane vart til bakeri, båsfjøsen er bygd om til lager, mjølkerom og inngang er bygd om til garderobe og kontor. Fasaden på bygningen er omtrent som før ombygginga.

Av: Fylkesagronom Synnøve Valle.

Surnadal: Heimebakeriet er bygd inn i eldre driftsbygning

Surnadal: Heimebakeriet er bygd inn i eldre driftsbygning (Foto: Lisa Thortensen)


 

Kadaversøkjande hundar kan avsløre tapsårsaker!

Kvart år forsvinn om lag 9000 sau og lam på utmarksbeite i Møre og Romsdal. Berre ein bøkdel, om lag 4 prosent, blir funne att. Av desse igjen er mange så medfarne at ein ikkje kan seie noko om dødsårsak. Rovdyr, laushundar, flått, alveld og ulykker er viktige tapsårsaker i vårt fylke, og alle krev dei ulike forebyggande tiltak for å redusere tapa. Tidleg funne kadaver vil gi oss verdifull kunnskap for å kunne spisse desse tiltaka. Dokumentasjon av kadaver tekne av freda rovvilt er vidare viktig for å få rovviltskadeerstatning. Tilsynsprosjekt har vist oss at funnprosenten ikkje aukar vesentleg ved ekstraordinært tilsyn. For å finne kadaver, er det derfor avgjerande at tilsynspersonane har med seg hund.

Vi ønskjer å bygge opp eit miljø for opptrening og bruk av kadaversøknade hundar i fylket, og at tilsyn på utmarksbeite framover i større grad skal utførast med slike hundar. Det vart halde kurs i 3 kommunar i fjor, samt eit sertifiseringskurs der 6 ekvipasjar vart godkjende.

Kadaversøkende hund

Kadaversøkende hund (Foto: Åshild Melkeraaen)

I 2012 har til saman 22 førarar med hundar har vore på kurs i kadaversøk i løpet av april og mai. Kursa i år var lokaliserte til Norddal, Sunndal og Rindal, samt at det var «oppfriskingskurs» i Rauma og Nesset med deltakarar som var på kurs i fjor. Instruktørar var Kjell Smedstad og Jonny Mathisen frå den nystarta foreininga Norske kadaverhundar. Dei er svært nøgde med deltakarane, og meiner tilhøva ligg godt til rette for å få til eit godt kadaverhundmiljø her i fylket.

Det er i første omgong rovviltkommunane våre som har vore vertskap for desse kursa til no, men søk med hund etter kadaver er like aktuelt i andre område.

Foreininga Norske kadaverhunder er under oppbygging. Den har sitt utspring i Oppland, men i løpet av året er det håp om at tal medlemmer skal utvidast også i andre fylke der det til no har vore aktivitet på området. Dette gjeld Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Troms og Finnmark. Det er mål om at 3 instruktørar skal godkjennast i kvart fylke, slik at kursverksemda kan ekspandere.

NRK var med på kurset på Langli i Rindal, og det vart laga eit innslag i ettermiddassendinga til NRK Møre og Romsdal.

Av: Fylkesagronom Åshild Melkeraaen.
 

Viktig masteroppgåve om flått og beiting med sau

Mykje tyder på at det blir meir og meir flått rundt oss. Vi veit ikkje sikkert kvifor det er slik, men sannsynlegvis er både klima og førekomst av vertsdyr viktig.

Flåtten ber bakteriar som kan gi alvorleg sjukdom på både dyr og menneske. Borreliabakterien kan gi alvorleg sjukdom på menneske, medan Anaplasma phagocytophilum er årsak til store dødstal og redusert tilvekst på lam. Fellesnemnaren for desse er flått, som flyttar smittestoffa frå individ til individ.

Konsekvensane av å beite med sau er mykje diskutert. Sauen er naturleg vertsdyr for flått, og det er derfor rimeleg å anta at beiting vil føre til tettare bestand av flått. Ei anna hypotese er at flåtten er avhengig av høg vegetasjon for å kunne hekte seg på dyr som passerar forbi. Det kan derfor tenkjast at intensiv beiting reduserer – ikkje aukar – bestanden.

Desse spørsmåla vart tatt opp i masteroppgåva Hege Hammerstad Steigedal nyleg leverte ved UMB. Hege Steigedal har gjort teljingar av flått på fire område, og samanlikna desse med kontrollfelt. Arbeidet til Steigedal viser at kontrollfelta hadde høgare tettheit enn dei beita områda. Desse resultata indikerer sterkt at beiting er eit effektivt tiltak for å redusere bestanden av flått.

Arbeidet er gjort i samarbeid med landbruksavdelinga hos fylkesmannen, og markarbeidet er gjort i Møre og Romsdal.

Flått.

Flått. (Foto: Ottar Longva)

Av: Fylkesjordsjef Ottar Longva.