Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om ny giv i sauehaldet.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om ny giv i sauehaldet.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.   

Ny giv i sauehaldet!

I februar starta prosjektet Ny Giv i sauehaldet i Hordaland. Ny Giv har som hovudmål å få fleire lam til slakt. Hordaland Sau og Geit (HSG) står bak prosjektet og gjennomføringa skjer i samarbeid med Fylkesmannen, Nortura, Fatland og fleire landbruksaktørar.

Ny giv i sauehaldet!
Ny giv i sauehaldet! (Foto: Frida Meyer)

Ligg til rette for auke
I Hordaland har vi kapasitet for å produsere mykje meir lammekjøt. Det ligg godt til rette for fleire beitedyr i utmarka då vi har både ledig beitekapasitet og gode fjellbeiter med svært lite innslag av rovdyr. Det er underdekning av norsk sauekjøt i marknaden og det har vore ei betring i økonomien i sauehaldet dei seinare åra. Vidareutvikling av økonomien i matproduksjon er førespegla gjennom landbruksmeldinga og det er soleis mykje som tilseier at ein bør satse på sau i Hordaland.

Auka byggeaktivitet
Det er mange gamle og små sauefjøs i Hordaland og investeringsbehovet er stort. Vi ser no ei utvikling på dette området og det har vore ei solid auke i bruk av BU-midlar til investering i sauefjøsi 2012 med heile 16 utbyggingar for sau. Dette er det høgaste talet saueutbyggingar på svært mange år.

Motivasjonsarbeid
I sauehaldet i Hordaland har vi relativt låg storleik på snittbuskapen høg snittalder på bonden. Ny Giv vil jobbe med faglege aktivitetar som skal motivere endå fleire til å satse på utbygging samt stimulere yngre krefter til å satse på sau. Prosjektet vil heile tida samarbeide med lokallaga i HSG om faglege aktivitetar slik at aktivitetane vert best mogleg lokalt tilpassa samt at det vert stimulert til aktive lokale fagmiljø.

Prosjektorganisering
HSG har gått inn i prosjektet med mykje pågangsmot og arbeidsinnsats. Prosjektet vert drifta av ei arbeidsgruppe beståande av HSG sin nestleiar Reidar Kallestad, Nortura-rådgjevar Karluf Håkull, Fatland-rådgjevar Hilde Håland og prosjektkoordinator ved Fylkesmannens landbruksavdeling fylkesagronom Svanhild Aksnes.

Rekordinteresse
Godt over 300 møtte totalt på oppstartsmøta for prosjektet i februar, noko som er bortimot rekord for eit slikt næringsprosjekt her i fylket. Ny Giv har allereie hatt fleire andre aktivitetar, faghelg for unge og nye sauebønder, fagmøte om sauebygg og mange lokallagssamlingar med lamming som tema. Nye fagaktivitetar er under planlegging, samstundes som det vert oppmoda til at lokallaga støtter seg til Ny Giv ved gjennomføring av eigne faglege aktivitetar. Ny Giv har og plukka ut eksempelbruk som vert følgt opp og skrive artiklar om undervegs i prosjektperioden.

Ta kontroll
Hovudmål for prosjektet er å få fleire lam til slakt. Det finnast mange ulike områder i sauedrifta der den enkelte kan ha forbetringspotensiale og dermed på fleire lam fram til slakt. Ny Giv kjem til å jobbe mykje med dette som fagtema. Sauekontrollen er eit svært nyttig verktøy for å identifisere områder i drifta der resultatet kan betrast. Nortura og Fatland vil bidra med gratis sauekontroll i to år for dei som melder seg inn i prosjektperioden. I Hordaland har vi relativt låg oppslutning i sauekontrollen, men etter oppstart av Ny Giv har vi allereie fått mange nye medlemmar.

Svært positivt så langt
Leiar i HSG Nils Inge Hitland synest prosjektet går så det suser og har vore svært positivt så langt. Han har registrert ei betydeleg auka aktivitet i lokallaga allereie. Det har og vore godt oppmøte på alle prosjektaktivitetane. Det ser dermed ut som Ny Giv kan nå målsettinga om å nå fram til stor del av sauehaldarane i Hordaland. Det har og vore av stor betyding at Fylkesmannen si landbruksavdeling har vore med å stabla i gang prosjektet og bidreg i koordinering av aktivitetar og planlegging.

Dyrk smart i Hardanger

Tettare kopling til grossistane, nyplantingar, nye dyrkingssystem og enklare leige av fruktareal er nokre av tiltaka for å gjere fruktnæringa godt rusta til å møte framtida. Innsatsen er organisert gjennom prosjektet Dyrk Smart, mellom anna støtta av Fylkesmannen i Hordaland.

Nyplanting hos Terje Larssen på Sekse i Ullensvang
Nyplanting hos Terje Larssen på Sekse i Ullensvang. (Foto: Øyvind Vatshelle)

Hordaland er det største fruktfylket i landet, og fruktnæringa er viktig for sysselsetting og busetting i store delar av Hardanger. Fruktdyrkinga i Hardanger har lange tradisjonar for god drift. No er næringa samla om eit felles løft for vidare modernisering.

Fruktbøndene vil plante 300 daa
Nær 40 interesserte fruktdyrkarar har til no fått besøk av folk frå fruktlager og rettleiingsteneste. Besøket blir brukt til å finne nye moglegheiter i drifta. I samråd med fruktlagera har desse dyrkarane laga planar om fornying på vel 300 daa. Det har vore mykje aktivitet sidan midten av januar då vel 100 dyrkarar møtte til oppstarten av Dyrk Smart. I løpet av prosjektperioden kjem alle dei 300 fruktprodusentane i Hardanger til å få tilbod om gardsbesøk.

Alle dyrkingsplanane hos kvar produsent blir lagt no inn i datasystemet Fruktklienten. Fruktlagera får dermed betre oversikt over framtidig produksjon, og kan i samråd med produsentane regulere plantingane etter marknadsprognosane. I vinter har vel 125 fruktdyrkarar vore på kurs for å lære meir om Fruktklienten. Gjennom Dyrk Smart er programmet utvikla til å bli enda meir tilpassa alle ledd i produksjonen.

Revolusjon i fruktdyrkinga
Dyrk Smart har høgt fokus på nye dyrkingssystem som er lettare å arbeide med, gir høgare avlingar og som gjer at frukta får meir lys og betre farge. Den nye måte å dyrke frukt på avløyser treforma Slank spindel og inneber endringar i både planting, skjering, gjødsling og anna stell. Prosjektet har så langt arbeidd mykje med skjeremetodar, med demonstrasjonar i mange grender i Hardanger. I samarbeid med Hjeltnes kompetansesenter har ein i tillegg starta 5-dagars kurs for nye fruktdyrkarar, med 33 deltakarar.

Tar jorda i bruk
For å gjere det enklare å leige og leige ut areal til fruktdyrking har Dyrk Smart laga mal til avtale for langtidsleige av jord. Å ta i bruk meir areal til fruktdyrking er eit av tiltaka for å nå måla om kraftig auke i fruktproduksjonen. Neste steg i prosjektet vil bli å snakke med grunneigarar av fruktareal som ikkje er i bruk, for å sjå på eventuelle moglegheiter for fornya drift.

Mangel på norsk frukt
Forbruket av frukt har auka dei siste åra. Det er skrikande mangel på norsk frukt og stor etterspurnad etter godsakene frå Hardanger. Desse moglegheitene er noko av bakgrunnen til at det treårige stimuleringsprosjektet Dyrk Smart blei starta opp ved nyttår.

Sjølv i Hardanger ligg gode fruktareal unytta eller med dårleg drift. I løpet av dei ti siste åra har fruktarealet i Hordaland blitt redusert frå 10.000 til 8.000 dekar. Til tross for høg effektivitetsauke skjer framleis delar av produksjonen i gamle frukthagar med potensiale for høgare avlingar. I nokre tilfelle er ikkje sortar, kvalitet og volum godt nok tilpassa kva marknaden og grossistane etterspør.

Felles satsing
Vel halvparten av fruktdyrkarane i Hardanger har passert 50 år, og mange har passert 62 år. På fleire bruk er det ein uavklart situasjon om vidare drift. Dette gjer at fruktlagera på sikt kan ha usikker tilgang på frukt. Ein viktig del av Dyrk Smart blir å rekruttere ungdommen inn i fruktnæringa. Eit godt organisert fruktdyrkarmiljøet med eit sterkt fagmiljø og moderne fruktlager burde vere eit godt utgangspunkt.

No er fruktbøndene i Hardanger klare til å satse. Dei tre fruktlagera Hardanger Fjordfrukt BA, Ullensvang Fruktlager og Nå Fruktlager står bak Dyrk Smart, i tett samarbeid med Norsk Fruktrådgiving Hardanger. Sjur Ove Svartveit i Svartveit Bedriftsrådgiving AS er prosjektleiar.

Målsetting om auka produksjon av kvalitetsfrukt i Hardanger er òg eit av hovudmåla i det regionale næringsprogrammet for landbruket i Hordaland 2013-2017. Både Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Innovasjon Noreg og Regionalt Næringsfond Hardanger er med på Dyrk Smart.
   

Investeringsvilje i Hordalandslandbruket

Landbruket i Hordaland viser ingen teikn til svekka investeringsvilje og satsar tungt på kjerneproduksjonane. Men interessa for bygdenæringar, som har vore så sterk i Hordaland, var på eit lavmål i 2012.

I 2012 gav Innovasjon Noreg Hordaland tilsegn om tilskot på 26 millionarog lån på 60 millionar, i tillegg til rentestøtte til lån på 75 millionar kroner til om lag 120 gardsbruk i fylket. Tilskotsråma har stige noko dei siste åra, men låneaktiviteten aukar enno raskare. I tillegg løyvde Fylkesmannens landbruksavdeling drygt 4,7 millionar til utviklings- og tilretteleggingsprosjekt innan landbruk og bygdeutvikling i 2012.

Det er særleg innanfor det tradisjonelle landbruket at interessa er stor og investeringstakten god. Med bakgrunn i naturgjevne tilhøve er kjøt- og mjølkeproduksjon basert på grovfor dei viktigaste og mest eigna formene for landbruk i fylket vårt. Kumjølkproduksjon og sauehald utgjer grunnstammen i Hordalandslandbruket.

Størst investeringar i mjølk
Produksjon av kumjølk er berebjelken i Hordalandslandbruket, så ikkje uventa kjem dei fleste og største prosjekta der. Det vart gitt tilskot på til saman kroner 8,7 millionar og rentestøtte til lån på 37 millionar til 22 utbyggingar på mjølkebruk i 2012. Dette utgjer knapt halvparten av saker og tilskot til husdyrproduksjon i fylket. Så står og mjølkeproduksjonen for over 40 prosent av verdiskapinga i primærlandbruket i fylket.

Gjennomgåande er det einskilde familiebruk som bygger ut, samdrifter er langt mindre vanleg enn tidlegare. Både praktisk drift (arrondering, køyreavstandar) og avgrensingar i tilskotsregime er bestemmande for kor interessant det er med samdrifter.

Mjølkebruka vart i 2012 planlagt med ein snittproduksjon på 252.000 liter mjølk (om lag 30 mjølkekyr), auke med i snitt 80 tonn frå dagens kvote på bruka. Totalt er det planlagt ein produksjonsauke på over 2 millionar liter på desse bruka. Gjennomsnittleg byggekostnad per bruk var på kr. 10 per liter mjølk, noko som er særs lågt, og skulle tilseie god lønsemd i prosjekta. Totalkvoten for Hordaland er på drygt 84 millionar liter om året, men leveransen er berre på 74 (2011). Det er mål om ein faktisk produksjonsauke på 1,5 millionar liter om året frå 2013-17.

Frukt - stille før stormen?
Investeringar i fruktareal viste eit markant lågare tal søknadar enn vanleg med 38 saker (29 i Ullensvang), mot til vanleg drygt 50. På den andre sida var dei noko større og femna totalt eit areal på 250 dekar, om lag som i 2011. Langt det meste var innan produksjon av eple (150 daa) og plomme (78 daa).

Det er planlagt store produksjonsauke i fruktsektoren i Hardanger dei næraste åra, på 30-100 % i dei forskjellige produksjonane. Denne store auken skal realiserast gjennom det 3-årige prosjektet Dyrk Smart, som starta opp ved årsskiftet og som det er knytt store forventningar til.

Rekordsatsing på sau
I 2012 vart det løyvd tilskot og rentestøtte til heile 16 utbyggingar innan sauehald, på til saman 4,3 millionar kroner. Dette er dobbelt så mange prosjekt som vanleg, og det mest ekspansive resultatet på minst 10 år.

Bruksutbyggingane er planlagt for totalt 2.400 vinterfora sau, tilsvarande rundt 3,5 % av samla sauebuskap i fylket. Med jamn utbygging på dette nivået ville me ha ei omlaupstid på under 30 år på driftsapparatet i sauehaldet i fylket. Med tanke på avgrensa teknologisk utviklingspotensiale i sauehaldet, så ville det vere eit tilfredsstillande investeringstakt. Derimot er det truleg framleis ikkje høg nok byggeaktivitet til å kompensere for venta nedleggingar i næringa dei komande åra.

Tregt for storfekjøt
Storfekjøtproduksjonen klarer ein i alle fall ikkje å auke monaleg med det første. 7 utbyggingar i 2012 med ei samla produksjonsauke på 32 tonn er som normalt dei siste åra, men monnar lite dersom Hordaland skal bidra til å erstatte den store biffimporten med norsk kjøt.

Grunna effektiviseringa i mjølkeproduksjonen vert det stadig færre norske kalvar, og mange av dei nye, større mjølkebruka vil ikkje sjølve driva oppforing av oksar. Landbruksdepartementet si ekspertgruppe for storfekjøt har kome fram til at Noreg treng 80.000 ammekyr for å produsere kalvar til den ønska produksjonsauken på storfe. Mange i næringa reknar at lønsemda i ammeku er for dårleg til at ein tør satse i større skala.

Kraftforkrevjande produksjonar
Det er kun finansiert 4 saker i 2012, 2 på svin og 2 innan fjørfe, alle med utgangspunkt i fornying hjå eksisterande produsentar. Grunna overproduksjon er ikkje utvikling innan kraftforkrevjande produksjonar prioritert.

Sterkt redusert satsing på bygdenæringar
Sjølv om investeringsauken innan tradisjonelt landbruk har vore ønska, og i tråd med føringane frå Landbruksmeldinga og nytt, regionalt bygdeutviklingsprogram, så har nedgangen i etterspørsel frå bygdenæringar (tilleggsnæringar) som matforedling, bygdebasert reiseliv, Inn på Tunet osb vore dramatisk. I 2012 vart det løyvd berre 4,4 mill i tilskot, ned om lag 30 % frå tidlegare år. Det vart gjort berre 12 løyvingar til etablerarstipend og 18 tilsegn om investeringsstøtte til bygdenæringar, i tillegg til eit par bedriftsutviklingsprosjekt.

Aktivitet i kommunane
Ikkje overraskande var Voss den mest aktive kommunen i 2012, men Etne var størst på tradisjonelle produksjonar, med fruktkommunen Ullensvang eit stykke bak. Av mindre kommunar hadde og Sveio, Ulvik og Vaksdal god aktivitet. Odda, Bergen og Kvinnherad var saman med Voss dei mest aktive på bygdenæringar, med samla tilskotsløyvingar på 5-800.000 i kvar kommune, med reiseliv som største satsingsområde.

Kommunevis fordeling av BU-tilskot, 2012

 

Trad. landbruk

Bygdenæringar

Sum

1235 Voss

2 508 000

784 000

3 292 000

1211 Etne

3 156 000

 

3 156 000

1231 Ullensvang

2 550 000

 

2 550 000

1224 Kvinnherad

1 294 000

528 000

1 822 000

1216 Sveio

1 172 000

299 000

1 471 000

1263 Lindås

1 380 000

50 000

1 430 000

1253 Osterøy

1 260 000

 

1 260 000

1233 Ulvik

821 000

308 000

1 129 000

1251 Vaksdal

900 000

200 000

1 100 000

1256 Meland

900 000

 

900 000

1201 Bergen

300 000

599 000

899 000

1219 Bømlo

890 000

 

890 000

1227 Jondal

880 000

 

880 000

1238 Kvam

787 000

 

787 000

1228 Odda

71 000

698 000

769 000

1241 Fusa

360 000

400 000

760 000

1223 Tysnes

640 000

 

640 000

1260 Radøy

468 000

108 000

576 000

1242 Samnanger

410 000

 

410 000

1234 Granvin

200 000

172 000

372 000

1252 Modalen

320 000

 

320 000

1244 Austevoll

 

230 000

230 000

1246 Fjell

140 000

72 000

212 000

1245 Sund

200 000

 

200 000

Sum

21 607 000

4 448 000

26 055 000

 
Aktivitetsnivået i dei andre kyst- og bynære kommunane var som vanleg avgrensa, med Austevoll, Fjell og Sund nedst på lista, i tillegg til fjorårets 0-kommunar; Stord, Fitjar, Os, Askøy, Øygarden, Austrheim, Fedje og fjordkommunen Eidfjord.

Utviklings- og tilretteleggingsmidlar (UTM)
I tillegg til dei bedriftsretta midlane fekk fylket 3,6 millionar. kroner til UTM i 2012. Desse vert forvalta av Fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA), og vert brukt til oppfølging av regional utviklingsstrategi for landbruket i Hordaland, fellestiltak i regi av landbruket sine organisasjonar og samarbeidsprosjekt på fylkesnivå for å sikre landbruket og bygdene sine interesser i regionalt og lokalt utviklingsarbeid.

FMLA løyvde 4,7 millionar til 40 UTM-prosjekt i 2012, då det vart trekt inn 1,1 millionar frå gamle prosjekt. Det vart gjeve avslag til prosjekt for til saman drygt 1,4 millionar. Om lag 55 prosent av midlane gjekk til utviklingsprosjekt innan tradisjonelt landbruk, og 65 prosent av midlane gjekk til prosjekt der landbrukets eigne organisasjonar og bedrifter deltek. Over halvparten av midlane gjekk til prosjekt samfinansierte med Innovasjon Noreg eller Hordaland fylkeskommune. Dette er eit uttrykk for tett regionalt samarbeid, spesielt innan reiseliv og lokalsamfunnsprosessar, og i aukande grad innanfor landbruksutvikling, klima mm. Dette bidreg til å knytte landbruket og landbruksaktørane betre til ”det store” reiselivet, tettstads- og infrastrukturutvikling og samfunnet elles. Og på reine landbruksprosjekt er samarbeidet aukande, m.a. innan den regionale mjølkesatsinga, på sau- og beiteretta satsingar med meir.
   

Regionalt miljøprogram Hordaland 2013-16

Som del av arbeidet med utforming av nytt regionalt bygdeutviklingsprogram, er RMP for Hordaland revidert og spissa i høve regionale tilhøve og miljøutfordringar, politiske ønske og utviklingsutfordringane ein ser føre seg vidare framover.

Fylkesmannen si landbruksavdeling har revidert regionalt miljøprogram (RMP) for perioden 2013 til 2016. Oppdraget var forankra i jordbruksoppgjeret 2012. Det regionale miljøprogrammet er eitt av tre program som utgjer det regionale bygdeutviklingsprogrammet for Hordaland. Det regionale miljøprogrammet er forankra i Stortingsmelding nr. 9 (2011–2012) Landbruks og matpolitikken Velkommen til bords og i Nasjonalt miljøprogram 2013–2016.

Den overordna målsettinga med det regionale miljøprogrammet er å medverke til auka målretting av miljøarbeidet i jordbruket og til betre synleggjering av landbruket sin samla miljøinnsats. Programmet skal også medverke til betre forankring av miljøarbeidet på fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Miljøutfordringane i jordbruket i Hordaland er knytt nært opp til strukturendringane i næringa. Frå førre programperiode har det mellom anna vore ein nedgang i talet på sau på heile 15 prosent, og i talet geit på 32 prosent. Heile 168 bruk er lagt ned i 2011 og –12. Den reduserte aktiviteten i landbruket fører til endring i bruken av arealet. Det beste arealet vert drive vidare, medan kantar og vanskelege teigar går ut av drift. Eng blir tatt til beite, mens beiteareal i inn- og utmark går ut av drift. Særleg gjeld dette i bygder der grovfôrbasert husdyrhald er sterkt redusert. Dette vil på sikt få negativ innverknad på busetnadsstruktur og næringsverksemd i fylket, og få negative konsekvensar for dei natur- og kulturhistoriske verdiane i jordbruket sitt kulturlandskap.

Helsestilstanden i våre vassdrag er gode fordi vi ikkje dyrkar korn eller andre vekstar som har open åker som ein del av produksjonssyklusen. Utslipp av lystgass er likevel ei utfordring knytt til husdyrhald og handtering av husdyrgjødsel.

På bakgrunn av analysar av miljøutfordringane i jordbruket, er det utarbeidd eit regionalt miljøprogram som har som mål å styrke regionen sin eigenart, og fremje og utvikle dei natur- og kulturhistoriske verdiane i kulturlandskapet. Vidare skal programmet være med å sikre og utvikle særprega landskapstypar, verdifulle kulturmarkstyper, kulturmiljø og prioriterte biotopar. Gjennom programmet skal også utslipp til luft og vatn prioriterast og forbetrast.

Det må leggjast til rette for at den tradisjonelle, landbruksbaserte matproduksjonen i Hordaland vert teken vare på, som grunnlag for næring, skjøtsel av landskap og styring av attgroinga. Strategiane elles andsynes attgroing vil vere å rette verkemidlane inn mot skjøtsel av kulturlandskap med prioriterte kvalitetar og stimulere til utvikling av kultur for samarbeid og nye driftsmessige løysingar på tvers av eigedomsgrensar. I Hordaland er det naturleg å prioritere stølslandskapet, kystlyngheiane, dei brattlendte bruka, utmarksressursane og Landskapsparkane, som er ein lokalvariant av regionalparkar, primært knytt til kulturlandskap og reiseliv.

Følgjande strategiar er vedtatt for perioden:

  1. Samarbeid om beite og beitebruk
  2. Sikre eit utval av kulturlandskap, biotopar, kulturmarkstypar og kulturmiljø
  3. Kulturlandskap og næringsutvikling
  4. Gjere kulturlandskap tilgjengeleg
  5. Klima og forureinig
  6. Økologisk landbruk
  7. Kompetanseheving
  8. Tilskotsordningar

For perioden 2013-2016 er det tatt i bruk eit felles nasjonalt menysystem for tilskotsordningane. Det inneber at vi kan utforme tilskotsordningar innanfor ein førehandsdefinert meny. Desse menyane for tiltaka er igjen knytt opp mot eit nytt søknads- og sakshandsamingssystem som er under utvikling og som skal vere klart for søknadsomgangen august 2013.

Til toppen